onsdag 24. desember 2014
søndag 21. desember 2014
Saragarden – før og no
I si tid var Sarahuset hovudhuset på Saragarden. Garden
hadde løde, fleire uthus og eigen jordkjellar. Det var stor hage med både frukt
og bærtre. Eg hugsar at hagen hadde både raude og gule bringebær, og
raude og kvite rips. Gode!
![]() |
Tunet slik det var |
Men å behalde ein gard midt i eit veksande bygdesentrum
er ikkje enkelt, så jorda er blitt utbygd del for del. Til slutt forsvann også
uthus og løde, og eigedommen består no av huset og eit halvt mål med hage. I tillegg kjem nokre meter av Vikeelva, som eg
ikkje heilt har funne ut kva kan brukast til enno :-)
![]() |
Sarahuset sett frå Kyrkjegata rundt 1910. Bildet er henta frå Ørsta-album. Det skal vere yngste dotter til Sara og Mathias, Sara Margrete, som står på brua over Vikeelva i forkant på bildet. |
søndag 14. desember 2014
lørdag 13. desember 2014
Lekkasje! Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko…
Ser ut for at sot og tjøre er det
som skal «forfølge» meg gjennom dette projektet! Etter å ha gnukka og gnidd på fleire
tømmerveggar for å få bort gamle spor av sot som har rent nedover, er førebels
siste kapittel i saka: lekkasje frå skorsteinen, og nye sot-striper frå tak til
golv. Til overmål gjennom to etasjar. Så her er det ikkje anna å gjere enn å
førebu seg på mange nye timar med skuring og pussing.
Eg bør vel få reparert
lekkasjen også…
Akk.
Lekkasje er ikkje av det gode. Det lek inn langs pipa og nedover i loftstrappa, og endar i sot-dammar i og under trappa. |
Men, som kjent, aldri så gale at
det ikkje er godt for noko. I samband med lekkasjen blei det ein tur opp på det
mørkaste mørkeloftet. Og kva dukka det opp der? Gamle skattar i form av ein
barnesko og ein nydelig sydd prøvelapp! Alder og kven som har eigd dette
er så langt ukjent, men gøy å finne slike ting!
Ein godt brukt barnesko |
Prøvelappen
var pensum på tidlegare tiders husmorskule. Studerer du han ser du ulike
broderi-teknikkar, faldar, feste av knappar og
hemper mm. Nokon har gjort seg flid her!
Sjekk stinga rundt hektene. Dette er for dei tålmodige. Men fint er det!
torsdag 20. november 2014
Tapet-variasjonar
Eg har hatt ei lita
oppdagings-ferd på eitt av soveromma. Det er artig å bla i gamle
tapetlag, og få eit innblikk i interiørmotane frå forgangne tider! Det er mykje
særdeles mørke fargar i huset, og ikkje minst spesielle fargekombinasjonar,
sett med dagens auge.
Det er seks lag med tapet på veggane i dette rommet. Det
inste tapeten er heilt lys med mønster danna av raude, vassrette striper. Deretter kjem ein kraftig gulgrøn tapet med mykje mønster.
Tredje tapetlaget er ein
fin fugletapet i sartare fargar (favoritten for meg!), før det har vore
tapetsert med ein mørk brun tapet i art deco-stil.
Den neste er gulbeige med sirkelmønster, og ytst ein heilt
lys grårosa tapet med border i loddrette striper. Dette skulle utgjere om lag 100
års tapet-historie!
Etter kvart er planen å skrape fram dei
tilsvarande malingslaga på listverk og dører. Det skal bli interessant å sjå dei
ulike kombinasjonane!
Og etter kvart kjem også det store spørsmålet: Kva slags tapet skal eg velge når rommet skal settast i stand??
onsdag 5. november 2014
Gode råd
Sarahus-bloggen har fått hyggelig
omtale på nettsida til Fortidsminneforeningen Sunnmøre. Veldig kjekt!
For den som måtte gå i tankar om å
sette i stand eit eldre hus, er Fortidsminneforeningen slettes ikkje berre ein
organisasjon med fokus på stavkyrkjer. Fortidsminneforeningen gir ut ein serie
med hefte, Gode råd-serien, som har vore veldig nyttige for meg i arbeidet med Sarahuset.
Serien er på 12 hefte, og omhandlar alt frå grunnmur og hage til tapetar og gardiner.
Eg har kjøpt alle og har bladd i dei jamt og trutt, hefta gir både
oversikt og konkrete råd og tips. Til å bli klokare av, rett og slett!
Svar på ting ein lurer på finn ein også i
Riksantikvaren sin serie Informasjonsark. Som dei sjølve seier: «Her finner du
informasjon om alt fra svertesopp, linoljemaling og vedlikehold av skiftertak
til energisparing i lafta hus». Til god hjelp, berre å gå inn på nettsida og laste ned!
søndag 26. oktober 2014
Gjenbruk - inspirerande!
Eit lite sidesteg i høve til Sarahuset, men det er kjekt med ulike former for gjenbruk og restaurering:
Nybygget til Høgskulen i Bergen er
eit bygg eg blir glad av!
Det spesielle her er at dei gamle vognhallane til NSB,
som låg på tomta og er verna, er
integrerte i nybygget. Tenkt hadde fleire bygd på denne måten! Eg er glad i
minimalisme, og syns at mange offentlege bygg som blir oppførte i dag er
flotte. Men det gir verkeleg ein ekstra dimensjon når ein får kontrasten mellom
det nye «glatte», og det gamle «solide».
Inspirerande!
Til og med ein del av den gamle skinnegangen og snuplassen for vogner er
integrerte i området. Artig!
tirsdag 21. oktober 2014
Ikkje mykje glamour...
Ein treng ein dose galskap for å
gi seg ut på eit stort restaureringsprosjekt. Else «Sprossa» Rønnevig kallar det
«…positiv galskap. Det er ikke en sykdom, men en ekstra kraftig energi – en
energi som kan få det mest håpløse husprosjekt til å virke som den enkleste sak
av verden».
I
tillegg til å vere passe tussete får eg ekstra påfyll og inspirasjon - og lærer litt også - av å følge med på restaureringsprogram
på tv. Seriar av typen Drømmeprosjekter (The Restoration Man) som no går på Vox,
er min type program. Her prøver dei å bevare originale
kvalitetar, i staden for å rive ned det meste. Det er utruleg å sjå i kor dårleg
stand mange bygningar kan vere, og kor flott resultatet likevel kan bli når
menneske som bryr seg tar jobben med å sette husa i stand.
Når det går an å få hus av dei
reinaste ruinar, så må det vel bli eit godt hus av Sarahuset til slutt også,
tenkjer eg!
Veldig, veldig lei av støv! |
Det er lite glamour knytt til istandsetting av gamle
hus, det er sikkert. Så å sjå at det kan gå an å få det til, dog etter mykje
møye og besvær, er oppmuntrande!
torsdag 9. oktober 2014
Kvitt er ikkje berre enkelt
Tak skal malast, og då gjeld det å
finne rette fargen! Taka i Sarahuset er stort sett lyse frå før, men alderen
har gjort fargane noko ubestemmelege. Det er litt variasjon frå rom til rom,
frå kvitt/lysegrått til lys beigeaktig og lys oker.
Eg tok utgangspunkt i kvite tak. Og
så veit alle som er opptatt av interiør at det finns ganske mange «kvite» fargar…
Den første fargen eg prøvde,
zink-kvitt, er skinande kvit, og virka nesten kunstig kvit når eg prøvemala. Heilt feil i forhold til romet. Farge nr to, kitt-kvit, såg flott ut så lenge
han var i spannet, men taket vart gulaktig og ikkje slik eg ønska det.
Prøvemaling. Kitt-kvit lengst til venstre, zink-kvitt der lampen heng, elles original farge. Litt dårleg farge-gjengiving på bildet. |
Farge nr tre, lysgrå, var eg litt
bekymra for skulle virke for mørk. Men den gjorde susen! To tak er no
ferdigmala. Taka ser kvite ut, har ein litt elegant touch, og fargen kler
huset. Det blir spennande å sjå om det blir like vellykka i resten av huset,
lyset i eit rom har som kjent mykje å seie for korleis ein oppfattar fargane. Eg
kryssar fingrane!
Ferdigmala tak i lys grått. Linoljemaling er veldig blank i starten, men vert mattare i løpet av få veker. |
Og ein ting er sikkert: å male bjelketak tar lenger tid enn ein skulle tru!
Lampen på biletet vart i si tid laga av farmor.
Er det dette som vert kalla ein skjørtelampe, mon tru?
torsdag 2. oktober 2014
Fornying i ein fei
Det er heldigvis ikkje alt arbeid med
gamle hus som tar like lang tid. Ein solbleika og matt vegg med linoljemaling
kan friskast opp kjapt og greitt. Smør linolje tynt på, tørk av etter ein halvtime,
og der er du. Ein grei måte å fornye veggen på!
Eit prøvefelt viser fargen før og etter oljing:
Det fine med linoljemaling er at
sjølv om malinga er matt, så vernar malinga veggen likevel. Det er derfor
ikkje nødvendig å male om for å ta vare på veggen. Men om ein syns at malinga er
blitt for shabby å sjå til, så kan ein altså bruke linolje og spare seg
malingsarbeidet.
Her har eg brukt rå linolje på
veggen og døra inn til gangen. Fargane kjem litt meir fram, og malinga ser friskare
ut, men har framleis det gamle preget.
Viktig! Filler som er brukte på linolje er særs
brannfarlege, dei kan sjølvtenne! Legg dei i vatn før dei blir kasta.
søndag 21. september 2014
Krevjande saker
Tømmerveggar er utruleg flotte!
Men dei kan også vere utruleg arbeidskrevjande å sette i stand...
Etter å ha brukt timesvis på å få
reine to små veggar, kom eg nesten til nei-eg-trur-eg-platar-denne-veggen-likevel-stadiet. Men berre nesten!
Problemet har vore at to veggar
har hatt parti med sot-renningar, etter at der i si tid må ha stått vedomn
eller gått røykrør gjennom veggen. Sot har rent nedover, og nærast etsa seg inn
i malinga. Soten har nok vore prøvd skrubba bort i si tid, men dette stoffet
sit godt fast.
Jaja, tenkte eg først, veggane
skal malast, så dette går bra. Heilt til eg fikk vite at soten vil kome ut gjennom ny maling, akkurat slik kvistar gjer. Men
vanlegvis lar soten seg vaske vekk med vaske-/løysemiddel. Så då var det å
prøve seg fram med fettløysande stoff: oppvaskmiddel, salmiakk, baderomsvask,
eddik, sprit, husvask… Men ingenting av dette gjorde susen. Så gikk eg på dei tyngre
stoffa: sitrusrens, to ulike bil-rensemiddel som skal ta «alt» av asfalt og
olje, og til sist aceton. Desse siste middela løyste ein del, men langt frå
nok.
Så då var det ein ting å gjere: finne fram sandpapiret.
Og etter mange og lange økter på veggen, fikk eg til slutt pussa bort problemet. Litt avsluttande sparkling
og finpuss no, så er to stykk tømmerveggar klare for maling. Puh!
Snart klar for maling |
lørdag 6. september 2014
Kjøkken
Kjøkkenet er fremdeles under
arbeid, men tek til å materialisere seg!
Det har vore ei utfordring at
badet ligg over kjøkkenet, og røra for vatn og avløp må derfor gå gjennom kjøkkenet.
Dei gamle røra frå 70-talet har vore veldig synlege i rommet, og svære
avløpsrør i plast er ikkje av det mest sjarmerande! Det var derfor nødvendig
med nytt røropplegg.
Rørleggarane la seg i selen for å
få «dagens krav» og «gammalt og skakt» til å gå i hop. Røra blei samla i eitt
hjørne, og behendig plasserte mellom takbjelkar og golvbjelkar. Ei relativt beskjeden
innkassing vil no dekke det heile. I same sjakta vil det bli plass til ein del
av det elektriske som må gå mellom etasjane, og eg er veldig fornøgd med
løysinga.
Eitt av dei store dilemma har vore
om den gamle kjøkkeninnreiinga skulle behaldast. Eg valde til slutt å bruke
overskapa, men har demontert den plassbygde kjøkkenbenken. Nye underskap er
komne på plass, og det blir ein arbeidsplass som fungerer godt, men eg kjenner
at det ikkje stemmer 100%…
Den gamle benken er imidlertid lagra i kjellaren, så det er slett ikkje
umulig at han blir sett opp igjen på eit tidspunkt. Det er ikkje tvil om at den
gamle benken kler kjøkkenet best!
Er i tenkeboksen når det gjeld
fargane i rommet. Som vanleg tar eg utgangspunkt i det som har vore tidlegare,
og det er nok fargar å velge i:
Veggane kjem nok til å bli mala i
ein variant av varmgult, eg likar den fargen som er på tømmerveggen allereie.
Det er dessutan ein god farge på eit nordvendt rom med lite sollys.
Dei gamle skapdørene har vore grå for lenge
sidan, men har i dag ein litt spesiell blåturkis farge. Ein litt «sær» farge,
men skapdørene har vore slik i fleire tiår og for meg er det det særeigne som
skaper sjarmen, så slik skal dørene få vere :-)
lørdag 23. august 2014
Bad
Badet er ferdig panelt og mala,
men framleis manglar innreiing, elektrisk opplegg, lister med meir. Men eg kan altså ikkje vente med å prøve ut korleis det skal bli, så her er ein smakebit:
Vaskestolen er av det opphavelege interiøret |
Rommet er panelt med perlestaffpanel,
som finns originalt i Sarahuset fleire stader.
Panelet er mala med linoljemaling.
Ein malingstype som har dårleg ord på seg, men som eg har blitt godvenner med.
Vakre fargar, fri for løysemiddel, enkel å bruke, fint resultat. Men lang
tørketid, og ein må også planlegge arbeidet godt fordi malinga må bestillast, så
sant ein ikkje er heldig og bur nær ein forhandlar.
Eg har så langt brukt
svensk maling, heilt utan løysemiddel og derfor behageleg å
bruke. Det er også viktig å male på rett måte, med fleire tynne strøk. Gode instruksjonsfilmar
finns på nettet, og det er ikkje vanskelig!
Veggane er mala i ein lys, litt varm gråfarge. Skrapeprøver tilbake til dei eldre malingslaga viser at det har vore brukt mykje grått i huset tidlegare, og eg kjem til å bruke autentiske fargar så langt råd.
NB: I tidlegare tider mala ein med
kost, fordi rullen ikkje eksisterte. I dag er det «lov» å bruke rull, men ein
må gå over med fordrivar etterpå, så ser veggen ut som han er mala på
gamlemåten. Penselstrøka skal vise :-)
Golvet har fått vinylbelegg.
Sjølvsagt eit framandelement i eit hus som dette, men kombinasjonen av skeivt
hus, lav takhøgd og at badet ligg over kjøkkenet gjorde at det måtte bli eit
kompromiss. Belegget byggjer lite i høgda, og viktigast av alt: golvet blir
tett!
Meir om linoljemaling på Bygg og
bevar:
Original perlestaffpanel i loftsgangen |
mandag 18. august 2014
Ny favorittdings
Har fått meg ny favorittdings! I
Sarahuset har plater både på veggar og på golv vore festa med eit utal spikar
og stifter. Mange hundretals, rett og slett. Og veldig mange sit så tett i
golvet/veggen at det ikkje er råd å kome til med verktøya eg har hatt, for å
dra dei ut.
Tålmodigheitsprøve! |
tirsdag 12. august 2014
Skattejakt II
Gode fagfolk er gull verd!
I Sarahuset har dei fleste roma
hatt vedomn, og dermed brannmur. Brannmurane er i dag nokså anonyme, med einsfarga,
mala overflate. Murane er innramma av ei profilert list i same farge som
murflata.
Vi amatørar såg ingen teikn på at
brannmurane opphaveleg kunne vere dekorerte. Før ein kyndig malarmeister kika
på dei, og raskt konstaterte at i alle fall to av murane har dekor under fleire
nyare malingslag :-) Fantastisk!
Prega stripe i muren – ein klar indikasjon på underliggande dekor |
I det siste har det vore jobba med
å avdekke dekoren. Og etter forsiktig skraping og bruk av
malingsfjernar, viser det seg at murane har hatt ei mørk bord litt innanfor
ytterkanten, og ornament i hjørna oppe. I tillegg har dei profilerte listene
rundt muren hatt fleire fargar.
No skal murane førast tilbake til
dei fargane og mønstra dei har hatt tidlegare, og eg gler meg stort til å sjå
resultatet!
Detektivarbeidet har vore utført av særs dyktige malarmeister Kjell Arne Årseth, og han skal også rekonstruere dekoren. Årseth si heimeside finn de her:
Ein del av ornamentet er skrapa fram, i mørk maling på grågrøn botn |
tirsdag 29. juli 2014
Skreddarsaum II
Slik kan panelbordet måtte delast når ein ny,
rett vegg skal tilpassast den gamle, som ikkje er så rett… Tålmodigheit må til på
slike prosjekt som dette :-)
tirsdag 15. juli 2014
Progresjon!
Dei to siste vekene har det skjedd
mykje i Sarahuset, og no tek det til å bli litt meir synleg at ting går rett
veg. Arbeidet med badet har kome godt i gang, og den nye gangen på loftet er
snart på plass. God kjensle!
Arbeidet har ikkje vore heilt utan
vidarverdigheiter. Blant anna viste det seg at golvet på badet var så dårleg eit par plassar at det var reell
fare for å trakke gjennom. Men no er golvet ordna, og rørleggarane har
installert nytt røropplegg frå kjellaren, opp gjennom kjøkkenet og til
badet på loftet. Dei to gamle døropningane til badet er tetta igjen, og ny inngang laga i
endeveggen mot aust. Nytt golvbelegg er kome på plass og badet er klart for
panel og maling.
Bilda av panel, porselen og lampe er henta frå nettet. |
søndag 6. juli 2014
Skreddarsaum
I samband med rettinga av golva
måtte det lagast ein ny bærebjelke og ein del nye bord til kjellartaket.
Vakkert utført av Byggtrad/Kåre Løvoll, som også har retta opp golva, og som
tidlegare sette i stand glasaltanen :-)
Den nye delen av kjellartaket |
Frå altanen |
Etiketter:
flinke folk,
glasaltan,
kjellar,
skreddarsaum,
tak
torsdag 3. juli 2014
Gamle golv - kor skeivt kan det bli??
Stovegolva i Sarahuset har vore eit kapittel for seg.
Huset har sige mykje gjennom åra, mest ved pipene midt i huset. Når det blir
10-12 cm fall på dei 3,7 metrane det er frå yttervegg til motståande innervegg
så er det veldig greitt når klinkekulene trillar utover, men det blir litt upraktisk
å møblere, mildt sagt!
Å jekke opp huset vart grundig vurdert, men i samråd
med fagfolk gikk eg bort frå dette. Det ville bli eit vanskeleg prosjekt med
risiko for store skader på blant anna taket, og ein ville uansett ikkje klare å
rette huset heilt opp.
Dei store skeivheitene er også ein del av huset si
historie, og er no sånn sett bevart :-)
Golvborda er tatt av. Vi ser bærebjelkane og taket i etasjen under, og opprettinga er godt i gang. |
Løysinga for stovene blei å ta opp golvborda, og bygge
opp bærebjelkane slik at underlaget for golva vart i vater. Borda vart så reingjorde, reparerte ved å felle inn nytt treverk
der dette var nødvendig, og golvet lagt
på nytt.
Her lærte eg ein ting: det er viktig å legge golvborda
nedatt akkurat som dei låg tidlegare. Slitasjen frå små og store føter har
nemleg laga "stiar" i treverket, og byter ein om på borda får golvet
snublekantar. Greiast å unngå det!
Ferdig lagt golv |
-
Før golvborda vart lagde vart golva isolerte, eit steg mot eit varmare liv i Sarahuset :-)
mandag 23. juni 2014
Riving pågår :-)
Ting må bli verre før dei kan bli betre, seiest det. Det
stemmer i alle fall akkurat no!
Oppussing av bad er på gang, 70-talsbadet held ikkje heilt mål lenger.
For å få ein betre inngang til badet skal litt areal frå eit soverom og kott
som ligg ved sidan av gjerast om til gang. Veggplater er tatt ned og golvbelegg
rive opp. Kjøkkenet er også under arbeid, og ein gammal gul tømmervegg skal få kome
ut i dagslys.
I tillegg viste ein brannmur seg å stå berre av gammal vane,
så han tålte ikkje arbeidet på veggen. Dermed måtte muren dessverre takast ned.
Kaos!
Men no er roma rydda og kosta, no er det berre å bygge opp
igjen :-)
Dei sørgelege restane av brannmuren |
Golvbelegget på badet er fjerna, og eit vindu som har vore gøymt bak plater er tatt fram i lyset på nytt |
fredag 13. juni 2014
søndag 8. juni 2014
Møte med Else «Sprossa» Rønnevig :-D
![]() |
Bilde frå Sprossa.no |
Kjekk tur til Bjørke og Bakketunet i dag! Else Rønnevig
heldt eit inspirerande foredrag og fortalde om arbeidet ho har
gjort gjennom fleire tiår for å sette fokus på verdien av å ta vare på gamle hus. Denne dama har virkelig
gått opp løypa for oss andre som er interesserte i å sette i stand slike hus!
Eg tilrår bøkene hennar på det sterkaste, det er masse å
hente av konkrete råd og tips for den som vil gi seg ut på eit restaureringsprosjekt.
Frå Bakketunet |
torsdag 5. juni 2014
Det er ein første gong for alt,
og no har eg demontert røykkanalen på ein etasjeomn! Og det var lett!
Delane er rett og slett stabla oppå kvarande, ikkje ein skrue. Men sot i MASSEVIS. Sjølve omnen skal også demonterast, håper det er like enkelt…
Omnen skal få flytte ned ein etasje, til stova under. Men først
må han settast i stand. Eg satsar på å finne eit kurs der eg lærer det
nødvendige slik at eg kan gjere det sjølv. Det skal ikkje vere så vanskeleg,
men det gjeld nok å ikkje vere redd for å bli svart på fingrane :-)
Riksantikvaren slår fast at vedfyring er klimavennleg, og gamle
etasjeomnar er like reintbrennande som moderne vedomnar når ein fyrer rett. Så
eg ser fram til å kunne ta i bruk ein nyrestaurert omn med tid og stunder!
Her er grei info om bruk av gamle omnar til deg som er interessert:
Det er vakre detaljar på gamle støypejarnsomnar!
|
Omnen før demontering
|
Røykkanal klar for nedpakking
|
torsdag 8. mai 2014
Auga som ser
Jammen har folk ulike syn på gamle hus. Enkelte meiner at Sarahuset
ikkje er noko å bruke pengar på og at huset bør jamnast med jorda. Andre syns
det er veldig positivt at eg vil sette huset i stand. Der nokre kun ser mangel
på isolasjon, sprukne ruter og mott-etne bjelkar, ser andre eit koselig hus,
nokså merka av tidens tann, men med potensiale til på nytt å bli ein triveleg
stad å bu.
Etter at eg blei eigar av huset gjorde eg ein grundig jobb
med å sette meg inn i temaet «gamle hus».
Etter kvart forstod eg at noko av det viktigaste er å akseptere at gamle
hus må få lov til å vere gamle. Har ein ønske om å bo i eit nytt hus må ein
skaffe seg eit nytt, eit gammalt hus blir aldri nytt. Slår ein seg til ro med
dette er det enklare å ha realistiske forventningar til kva ein kan få til med
huset, og ein slepp å ergre seg over alt som er nærast umulig å få til.
Det er eit stykke fram til mål for slike prosjekt som dette.
I ny og ne kan eg føle at eg druknar i støv, haugar av bygningsdelar og møblar
på halv åtte, og rom så iskalde at ein faktisk må ut på trappa for å varme seg.
Og tvilen kjem snikande om eg nokon gong EVER kjem til å bli ferdig. Då gjeld
det å halde fokus på resultatet! Min måte å gjere dette på er å nytte alle høve
til å pynte litt. Mange gonger no har eg ‘dandert’ kaffikroken på altanen, for
så å måtte rydde alt bort igjen når handverkarane gjer sitt inntog. Det blir
ein del ekstrajobb (og handverkarane undrar seg :-)), men for meg hjelper det godt for å halde
motivasjonen oppe. Det skal bli fint til slutt!
Eg er ganske flink til å sjå for meg det ferdige resultatet.
Eg ser nemlig dette:
Slik skal veggen bli! |
Når andre
ser dette:
Skattejakt med nogo attåt :) |
Og eg ser dette:
Utsikt frå badet |
Når andre ser dette:
Arbeid, arbeid, arbeid |
Godt at vi er forskjellige :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)