fredag 27. februar 2015

Kva har skjedd i Sarahuset så langt

Prosessen med istandsetting av Sarahuset er minsanten møysommelig. Men det går rett veg :-)

Ikkje alt som er gjennomført så langt er veldig synleg. For eksempel drenering utvendig rundt heile huset, for å stoppe vassinntrenging i kjellaren. Og hjelp av flinke arkitektar med ein gjennomgang av planløysinga, slik at huset kan bli funksjonelt utan store, permanente inngrep.

Løypemelding frå bestestova: grunnarbeidet er ikkje ferdig slett enno 

Elles er altanen reparert, golva i stovene retta opp, og ein del av veggane er plata og klare for tapetsering. Nytt røropplegg har kome på plass, og eg er godt i veg med nytt kjøkken og bad.

No tek det til å nærme seg dei virkelig synlege tiltaka. Ein del meir grunnarbeid må til i hovudetasjen, men så kan den kjekkaste delen av prosessen starte, med maling,  tapetsering og møblering. Gler meg!


Kjøkken og spiseplass er snart klar for maling og tapet

 Deretter er det berre resten igjen… Loftsetasjen er det gjort lite med enno. Det elektriske opplegget er så vidt påbegynt, og det blir masse arbeid med restaurering av alle vindauga. Vindauga skal etter kvart også få inner-vindu, for å betre isolasjonsevna. Utvendig kledning, tak og piper må vølast.
Og så er det hagen… og kjellaren…

Godt å vite at ein ikkje blir arbeidsledig, hehe.



Eit prosjekt til inspirasjon

Godt å få med seg råd og tips frå andre som har halde på med denne typen prosjekt.

Skikkelig inspirerande er Fattighuset i Holmestrand. Eit verna hus frå 1700-talet, som blei restaurert i samarbeid med Fylkeskonservatoren. I 2010 fikk eigarane både Fortidsminneforeninga sin vernepris  og utnemninga Norge sin vakraste heim. Det går altså an å både ta verneomsyn og få eit funksjonelt og vakkert hus :-)

Det imponerande arbeidet som er gjort med Fattighuset kan de lese om i bloggen http://fattighuset.blogspot.no/ .







mandag 9. februar 2015

Skrot-nisse fornektar seg ikkje



Familien sin skrot-nisse, det er eg. I alle år har eg samla på det arvegodset andre ikkje har brydd seg med. Og det er eg glad for no når planlegginga av interiøret i Sarahuset har starta.

Eg likar gamle ting av same grunn som eg er glad i gamle hus. For det første kan eg finne kvalitetar som er mangelvare i dag, fordi ting vart laga for å vare. For det andre er eg veldig fascinert av ulike handverksteknikkar, og tidlegare vart det ofte lagt mykje arbeid i å utforme den enkelte gjenstand. Og sist – og kanskje viktigast – syns eg det er veldig kjekt å ha unike ting, i staden for alt det masseproduserte ein kan kjøpe i butikken. Patina gir sjarm og særpreg.

Det er trivelegast med gjenstandar som eg kjenner historia til. Men av og til blir det ein tur i bruktbutikkar og på loppemarknader. Mykje meir spennande enn å gå i vanlege interiør-butikkar!




For litt sidan kom eg over denne vaskestolen i ein bruktbutikk. Han er ikkje av dei aller eldste, og heller ikkje av dei mest føreseggjorde. Men sjarmen er på plass! Heile vaskestolen er laga i tre, furu tvers i gjennom og med rygg i kryssfiner. På litt avstand ser ut som om toppen er av marmor, men treet er mala for å etterlikne marmor. Sjølve skapet er ådringsmala , og malaren har prøvd å framstille både eksklusivt treverk og fyllingsdør.




I og med at der er ein vaskestol med marmortopp frå tidlegare i Sarahuset, er eg veldig fornøgd med å ha funne eit «søskenbarn». Ein vaskestol i kvart soverom er jo tidsmessig heilt rett. Eit godkjøp!



søndag 8. februar 2015

Vinterstemning

Enkle vindusruter og lite oppvarming lar naturen lage dei finaste kunstverk ein vintersdag.








søndag 1. februar 2015

Spesialområde for bevaring


Kyrkjegata sett frå kyrkjeporten ein fin vinterdag. Sarahuset er første hus på venstre side.


Delar av Kyrkjegata er regulert som såkalla spesialområde for bevaring av bygningar, og Sarahuset ligg i dette området.
Å ha bustad her medfører at ein er underlagt strenge retningslinjer for kva som kan gjerast med huset utvendig. Høyr berre kva reguleringsføresegnene til kommunen seier:


I desse områda skal ein oppretthalde eller forsterke særpreget områda har i forhold til bygningsmiljø.
Det er ikkje tillate å rive eksisterande bygningar. Bygningane er regulert med noverande gesimshøgder, form og etasjetal.
Eksisterande bygningar kan istandsettast under føresetnad av at målestokk, takform, fasadar, vindaugsinndeling, dør- og vindaugsutforming vert oppretthalden eller mest mogleg tilbakeført.
Ved utskifting av dører, vindauge, listverk, fasadekledning og takkledning skal bygningane tilbakeførast til sin opprinnelige utsjånad.
Gjenbruk av gamle bygningsdelar og detaljar vert tilrådd der dette er mogleg.
Vindage og dører skal vere av tre viss ikkje anna materiale kan dokumenterast som opprinneleg.
Sprossedelte vindauge skal ha gjennomgåande sprosser med kittfals og enkelt glas i ytre ramme, vere sidehengsla med tidsrette hengsler og vere utoverslåande.
Utvendig kleding og listverk skal vere høvla og ha same profil/breidde som eksisterande kledning viss ikkje anna kan dokumenterast som opprinneleg.
Taktekkingsmateriale skal vere av tegl eller skifer, viss ikkje anna taktekking kan dokumenterast som opprinneleg.
Takrenner og nedløpsrør skal der ikkje anna opprinneleg materiale kan dokumenterast vere av sink, kopar eller aluminium. Utforming av kne og andre detaljar etter eldre førebilete.
Skorsteinar over tak skal utformast etter opprinnelege former.
Planar om endra bruk av einskilde bygg, tilbygg, påbygg, ombygging eller utvendige reparasjonar og oppussing skal leggast fram for og godkjennast av Kulturseksjonen i fylkeskommunen før kommunen handsamar planane.
Kommunen skal godkjenne farge på bygningane. På hovudfasade skal utvendig dør m/listverk i samsvar med tradisjonen gjevast ein annan stilriktig farge enn fasaden elles for å markere inngangspartiet som eit hovudpoeng i fasaden.
Ved utskifting av utvendige bygningsdelar skal byggherren ta kontakt med kommunen før arbeidet vert sett i gang.
Med meir…


Som huseigar i eit slikt spesialområde gjeld det å satse på ei positiv tilnærming :-)