tirsdag 26. april 2016

Meir om vindauge

Visste du at gammalt vindusglas er for antikvitet å rekne?
 Vindauge er likevel den mest utrydningstrua bygningsdelen som finns, fordi huseigarar er veldig snare i snuen når det gjeld å bytte til nye. I den tru at dei byter til noko mykje betre.
Så feil går det altså an å ta.

Dei øvste glasrutene her viser til fulle sjarmen med gamle vindu, legge merke til «flyten» i sjølve glaset

Undersøk nøye under avskala maling, laus kitt og skranglete samanføyingar, før du avskriv gamle vindauge. Dei er garantert laga av førsteklasses materialar, og emna har vore nøye utplukka til føremålet. Så her gjeld det å ikkje skue hunden på håra.

Vindauga har utruleg mykje å bety for korleis huset ser ut. Blir vindauga skifta, sjølv om dei nye liknar og har nesten same dimensjonar som det gamle, så endrar ein utsjånaden og identiteten til heile huset. Viktig å ha i mente.

For den som ønskjer å gjere ein jobb med vindauga sjølv, er det hjelp å finne.
Ein kan melde seg på kurs, til dømes har byggogbevar.no ei oversikt over kurs som vert arrangert rundt omkring i landet (både med det eine og det andre tema). I tillegg finn du masse råd og tips på denne nettstaden.

Riksantikvaren har eit eige informasjonsskriv om vindauge:

Og i blant anna boka Gamle trehus (Drange, Aanensen, Brænne) kan du finne ein stegvis og detaljert framgangsmåte dersom du vil gjere jobben på eiga hand.
Her er det også vist korleis ein kan lage innervindauge/varevindauge som passar til dei gamle.

Eg har så langt tatt den lettaste vegen, og latt dyktige folk sette vindauga i stand.
Nokre få av vindauga i Sarahuset står imidlertid igjen, og ventar på at eg skal få tid til å ta meg av dei. Blir ein spennande jobb som eg ser fram til!

Beslaget som held vindauget ope når ein er klar for full gjennomtrekk (vindauget blir ståande vidope)

PS: Eg er svak for hengsler, hasper og beslag på gamle vindauge. Dei er berre fine!

Haspe med sikkerheitslås... (i før-utgåve)




lørdag 16. april 2016

Perfekt tallerkenhylle

I lange tider har eg vore på jakt etter ei tallerkenhylle som ville ha passa inn i Sarahuset anno 1870. I eit hus av denne typen er ei litt kraftig og enkel hylle det rette.


Har kjøpt eit par brukte hyller undervegs, men desse har vist seg å vere for spinkle og for «moderne» når eg har prøvd dei på kjøkkenveggen. Eg hadde til slutt bestemt meg for å kjøpe Ikea si tallerkenhylle Gamleby, som har det uttrykket eg er på jakt etter og som ville sett ok ut etter eit strøk eller to med linoljemaling.

Men plutselig ein dag stod hylla mi der i bruktbutikken. Ei heilt perfekt, ekte gammal tallerkenhylle, med mange malingslag og merke etter fleire generasjonars bruk.
Glede!


Den som hadde mala hylla siste gongen hadde vald svart, og etter ein god skrubb hengde eg hylla på veggen som ho var. Syns det blei fint, når eg fikk på plass gamle servisedelar som har fulgt huset. Dei er sprukne og litt shabby og ikkje så egna til mat lenger, men er veldig fine på veggen.

Ofte var slike hyller mala i veggfargen, så med tid og stunder skal det bli slik.

Er du interessert i gamle bilete for å få inspirasjon til for eksempel interiør? Sjå kva du kan finne på digitaltmuseum.no .

Her er eit bilete frå kjøkkenet på Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson som no er museum. Vi treng ikkje alltid sjå til Sør-Frankrike for å finne inspirasjon!

Biletet er kopiert frå nettsida til museet, aulestad.no .



mandag 4. april 2016

Nye vindauge?

"Sjå der kor flotte glas du har fått! Du har skifta til nye, ja. Dette blei fint".
Seier folk som no går forbi Sarahuset.

Men nei folkens, dette er ikkje nye vindauge.
Derimot er dei opphavelege vindauga, nesten 150 år gamle, som nye!

Snikkarane har gjort ein vindus-jobb, med synlege resultat. Vindauga er tekne ut av veggen, rutene er fjerna og treverket reingjort, og nokre mindre roteskader er reparerte. Rutene er så sette i og vindauga kitta på nytt. Deretter eit par-tre malingsstrok (linoljemaling sjølvsagt), og glasa er knapt til å kjenne igjen!

Eg er utruleg fornøgd. Sjarmen er intakt, samstundes er vindauga heilt fornya. Klare for nye 150 år?

Vindauga er framleis enkle, men eg har ein plan…


Ingenting er så trist som igjen-plata vindauge

Roteskader er reparerte. Det er forbausande få av dei, med tanke på alderen på huset.

Laus maling er skrapa vekk. Det som sit fast det sit fast, og då er det berre å male over. Det er i slike detaljar alder og sjarm kjem fram.

Det "nye", 150 år gamle vindauget.
Lister og kledning skal malast når det blir sommar.