lørdag 25. april 2015

Takk til Norsk Kulturminnefond!


Søknaden min til Kulturminnefondet vart innvilga! Veldig kjekt! Eg tar det som ein klapp på skuldra frå fondet, og ei stadfesting på at det eg gjer med Sarahuset er rett. Og ikkje minst at eg samarbeider med gode fagfolk i dette prosjektet :-)

Eg har søkt om midlar til restaurering av huset utvendig, og til tilbakeføring av interiør når det gjeld fargar, tapetar og dekor.

Tildelinga skal gå spesifikt til desse tiltaka. Midlane vert heller ikkje utbetalte utan at eg brukar dobbelt så mykje av eigne midlar som det eg får frå Kulturminnefondet. Fondet gir nemlig vanlegvis tilskot på 30% av kostnaden, eigendelen blir dermed 70%. Så dette vert eit stort løft, og tilskotet er sjølvsagt veldig, veldig kjærkome.

Informasjon om korleis du søkjer og kva krav som vert  stilte finn du på kulturminnefondet.no . Listene over tildelingar ligg også på nettsida.

Sett av god tid til ein eventuell søknad, det er nemlig veldig tidkrevjande. Fondet vil ha gjennomtenkte søknader, og mykje og detaljert dokumentasjon både når det gjeld fortid og framtid. Sjølv for meg, som kan påberope meg godt med «skjema-erfaring», vart tålmodet sett på alvorleg prøve :-)

Jippi!!



mandag 20. april 2015

To steg fram

Endeleg har eg kome så langt at dei første veggane har fått ny tapet! Ein milepæl, og svært oppmuntrande for en litt sliten bygningsvernar.

Eg var budd på at kombinasjonen av stormønstra tapet og særdeles skeivt hus ville bli ei utfordring.
Og det blei det.

Det tok meg ein heil dag å tapetsere to små veggar. Hjørnet var den største utfordringa, og let seg ikkje løyse før eg juksa – ikkje berre litt, men faktisk ganske mykje...  Når veggane er skeive både loddrett og vassrett, blir tapetsering ganske interessant!

Det er sett opp 6 mm gipsplater på dei veggane som skal tapetserast, underlaget er derfor slett og fint. Dei gamle tapetlaga er konserverte under gipsplatene, i tilfelle framtidige generasjonar får lyst til å grave i historia. Men gipsplatene er tilpassa veggane og ikkje omvendt, dermed er all sjarmen i form av «skeivt og skakt» intakt. På denne måten endrar eg huset minst mogleg. Men det er ikkje til å legge skjul på at det blei både stygge ord og tenners gnissel dei timane eg brukte for å få tapeten på veggen.
Lærdom: restaurering er nok enklare ved bruk av små- og helst uregelmessig mønstra tapet :-)

Men resultatet vart bra, tross alt. Spesielt på litt avstand…


Her skal det bli spiseplass. Når golvlister og kvite vinduslister kjem på plass, blir dette bra!

Tapeten er frå Borås sin Falsterbo-kolleksjon som har utgangspunkt i historiske tapet funne i Sverige, men i modernisert utføring.

Eg er veldig glad i gammaldagse papirtapetar og kjem i stor grad til å bruke dei «ordentlege» historiske tapetane som finns, td frå Norsk Arv og Lim & Handtryck, men ein får driste seg til ein liten miks :-D


Golvet skal malast. Enn så lenge er det gøymt under papp og plater.



tirsdag 14. april 2015

Hipp hurra for flinke snikkarar!


Før påske var Kåre Løvoll & co innom Sarahuset igjen, og gjett om dei har sett positive spor etter seg.
I nesten alle rom har det vore opningar i golv og/eller tak på grunn av ulike rør som har blitt flytta på gjennom tidene. Hola er no nydeleg reparerte :-)

Reparasjon i kjøkkengolvet:


Ferdig reparert

Før reparasjon



Og her er stovetaket før og etter:


Før

Etter


Litt maling no så blir det perfekt. Gjett om eg er fornøgd!