torsdag 25. juni 2015

Det skjer ting på loftet

Etter fleire runder med skrubbing for å få bort sot og tjøre, har to slitne skorsteinar i loftsgangen fått ny maling.
Dei blei straks mange år yngre!


Pipene før og etter maling.



Tapet til veggen mellom skorsteinane er kjøpt inn, det blir denne frå Cole & Son:




Taket i loftsgangen skal få eit malingsstrøk, og så skal tapetet på.
Gler meg til å sjå resultatet!



søndag 14. juni 2015

Kvifor ikkje

kjøpe ein heil ladning med lampar, i staden for berre eit par stykke??

Var innom Finn.no for å sjå om eg kunne finne aktuelle lampar, og kom over ein annonse med MANGE lampar til sals. Det viste seg at den hyggelige seljaren berre ville selje alt samla. Då blei det alt eller ingenting. Så sjølv om eg eigentleg berre var interessert i to av lysekronene, så gjett kven som enda opp med å kjøpe tre kroner og ein haug med lampettar…

No ventar eit arbeid med å få bort støv og vaske prisme.  Punkt nummer ein blir å finne ut om leidningane må skiftast. I tilfelle kan det jo bli ei stund før eg får lys i huset :-)

Lampane kjem frå ein «kondisjonert» villa i Bergen. Dei er ikkje veldig gamle, men lysekronene er av den typen eg ønskjer meg i Sarahuset. Det finns sjølvsagt veldig mykje fint å få kjøpt i fransk/shabby chic stil, som også kunne blitt lekkert. Men eg syns det er meir spennande å prøve å finne interiørdetaljar som faktisk kunne ha vore i huset på oldemor Sara si tid.

Etter kvart vil eg nok ha diverse lampar til overs, hehe. Skrotnisse fornektar seg ikkje, nei!

Assortert utval





Elektrikaren har vore på besøk

I første omgang vart nytt hovudinntak og nytt el-skap installert. Det eksisterande elektriske opplegget har vore oppgradert i mange omgongar, men ikkje dei siste tiåra.  For å få eit anlegg som tåler belastninga i framtida, bestemte eg meg for å få sett inn nytt skap og få trekt nye leidningar over alt. Eg kjem til å halde på eit tidsrett utanpåliggande anlegg, og bruke kopiar av gamle brytarar og kontaktar.

Når det nye hovudinntaket skulle på plass, var det berre å brette opp ermane og grave ei grøft til den nye kabelen inn til huset. Elektrikaren gjorde resten. Så restaurering av hus er ein allsidig jobb, alt frå grøftegraving til hekling av gardiner!

Foreløpig er det berre på badet det elektriske opplegget er ferdig, men om ikkje så lenge er elektrikaren på plass igjen for å få leidningar, kontaktar og brytarar på plass rundt om i huset.

Grøfta mi!



fredag 5. juni 2015

Kjøkkenet tar form

Interiøret i Sarahuset skal tilbakeførast så godt som det let seg gjere.
Til jobben med å finne dei rette fargenyansane vil eg ha hjelp av fagfolk. Dette er travelt opptatte folk, og det vil dermed ta litt tid før den endelege tilbakeføringsjobben blir gjort.

Dei gamle overskapa skal framleis brukast

For at huset skal bli beboeleg, har eg derfor i denne omgang gjort det enkelt og førebels mala kjøkkenet kvitt. Fargen heiter kitt-kvit.

Linoljemaling har svært god dekkevne, fordi malinga inneheld veldig mykje tørrstoff. Den slitne, gule tømmerveggen på kjøkkenet er derfor ferdig overflatebehandla etter berre eitt strøk med kvit maling.

Sjekk forvandlinga!

Ferdigmala vegg

Før-utgåva