søndag 27. april 2014

Gamle golv – historiebok i særklasse

Gamle golv er eit spennande tema. Ein ting er utforming, og kva fargar og belegg som har vore brukte gjennom tidene. Like artig er spora etter livet som har vore levd i romma, slitasje etter store og små føter, etter skrubbing og vask, og spor etter møblar, fastbygd innreiing og kanskje veggar som seinare har blitt flytta. Og spor etter øksa, der denne har blitt brukt for å rette ut store ujamnheiter før ein har lagt belegg på tregolvet.
Det er fint å sjå gamle reparasjonar gjort med stor flid, der det tydeleg viser kva vekt det er lagt på å ta vare på det ein har, og kun skifte ut der det er nødvendig.

Golva i Sarahuset har vore dekka med diverse belegg, og det var med stor spenning eg starta på arbeidet med å bla meg nedover i desse. Håpet var jo å finne brukbare tregolv under alt som har kome til i ettertid, eventuelt linoleum eller andre golvbelegg som kunne vere verd å behalde.

Dei siste månadane har eg avdekka eitt og eitt golv, og under vinyl, linoleum, mala plater og vegg-til-vegg teppe har eg funne dei originale, mala tregolva. Stort sett i god stand, med til dels stor slitasje, og med ein del skader pga råte og mott. Men vakre! Breie, fine bord, og ikkje minst solide. Med over 35 mm tjukkelse er det fremdeles litt å gå på, bokstaveleg talt :-)

Golva i hovudetasjen er no reparerte. Dei er retta  opp, og skadde delar av golvborda er bytta ut (meir om dette seinare). Golva på loftet skal brukast som dei er.  Nedslitne dørstokkar og ujamne golvbord skal ikkje pussast ned, men får stå som dei er, med all sin sjarm og sjel :-).

Gammal reparasjon - godt utført!

Tydelege spor etter bruk

Fleire generasjonar fargar


mandag 14. april 2014

«Ny» pipe på plass

Gamle skorsteinar og brannmurar oppfyller gjerne ikkje dagens krav. Ikkje i dette tilfellet i alle fall :-) Løysinga for pipa blei å sette inn ny røykkanal  – og vips så var problemet løyst utan andre synlege endringar enn at uttaket for omnen måtte flyttast.
Gamle feieluker er ofte heller ikkje det beste når det gjeld branntryggleik. Men dei er gjerne mykje meir sjarmerande enn nye luker! Kjekke fagfolk monterte ny luke på innsida av den gamle, og dermed vart vi alle fornøgde!
Vedomnen skal monterast så snart veggar og golv har fått litt nødvendig overflatebehandling med tapet og maling – det er eit lite stykke fram enno  :-)

Stålrøret er på veg ned i pipa

fredag 4. april 2014

Skattejakt

Draumen for arbeidet med Sarahuset er å sette huset i stand på ein slik måte at oldemor Sara ville ha kjent seg igjen. Samtidig må det bli eit hus som er godt å leve i for oss som skal bo der i framtida. Sarahuset skal ikkje vere eit museum, men håpet er at fortida skal bli vakkert synleg i den nye utgåva av huset.
Det er artig å bla seg forsiktig bakover i tapetlag og fargelag, og avdekke huset si interiørhistorie. Og ikkje minst sjå om ein kan finne ting som kan takast fram i dagen på nytt.
For sjå kva som kan dukke opp: Når dørlistene vart tatt ned i det minste kjøkkenet vart ei lita stripe med mala tømmer avdekka. Etter litt nærare undersøking var det ingen tvil, veggplatene måtte ofrast. Ein flott tømmervegg med gråbrun maling kom til syne under dei litt anonyme platene. Til og med med spor etter gamle hyller! Gull!



Den som hadde hatt dei gamle hyllene som har hengt på veggen…