søndag 26. oktober 2014

Gjenbruk - inspirerande!

Eit lite sidesteg i høve til Sarahuset, men det er kjekt med ulike former for gjenbruk og restaurering:
 Nybygget til Høgskulen i Bergen er eit bygg eg blir glad av!
Det spesielle her er at dei gamle vognhallane til NSB, som låg på tomta og  er verna, er integrerte i nybygget. Tenkt hadde fleire bygd på denne måten! Eg er glad i minimalisme, og syns at mange offentlege bygg som blir oppførte i dag er flotte. Men det gir verkeleg ein ekstra dimensjon når ein får kontrasten mellom det nye «glatte», og det gamle «solide».
Inspirerande!
Til og med ein del av den gamle skinnegangen og snuplassen for vogner er integrerte i området. Artig!







tirsdag 21. oktober 2014

Ikkje mykje glamour...

Ein treng ein dose galskap for å gi seg ut på eit stort restaureringsprosjekt. Else «Sprossa» Rønnevig kallar det «…positiv galskap. Det er ikke en sykdom, men en ekstra kraftig energi – en energi som kan få det mest håpløse husprosjekt til å virke som den enkleste sak av verden».

I tillegg til å vere passe tussete får eg ekstra påfyll og inspirasjon  - og lærer litt også - av å følge med på restaureringsprogram på tv. Seriar av typen Drømmeprosjekter (The Restoration Man) som no går på Vox, er min type program. Her prøver dei å bevare originale kvalitetar, i staden for å rive ned det meste. Det er utruleg å sjå i kor dårleg stand mange bygningar kan vere, og kor flott resultatet likevel kan bli når menneske som bryr seg tar jobben med å sette husa i stand.

Når det går an å få hus av dei reinaste ruinar, så må det vel bli eit godt hus av Sarahuset til slutt også, tenkjer eg!

Veldig, veldig lei av støv!

Det er lite glamour knytt til istandsetting av gamle hus, det er sikkert. Så å sjå at det kan gå an å få det til, dog etter mykje møye og besvær, er oppmuntrande!



torsdag 9. oktober 2014

Kvitt er ikkje berre enkelt

Tak skal malast, og då gjeld det å finne rette fargen! Taka i Sarahuset er stort sett lyse frå før, men alderen har gjort fargane noko ubestemmelege. Det er litt variasjon frå rom til rom, frå kvitt/lysegrått til lys beigeaktig og lys oker.

Eg tok utgangspunkt i kvite tak. Og så veit alle som er opptatt av interiør at det finns ganske mange «kvite» fargar…

Den første fargen eg prøvde, zink-kvitt, er skinande kvit, og virka nesten kunstig kvit når eg prøvemala. Heilt feil i forhold til romet. Farge nr to, kitt-kvit, såg flott ut så lenge han var i spannet, men taket vart gulaktig og ikkje slik eg ønska det.

Prøvemaling. Kitt-kvit lengst til venstre, zink-kvitt der lampen heng, elles original farge. Litt dårleg farge-gjengiving på bildet.

Farge nr tre, lysgrå, var eg litt bekymra for skulle virke for mørk. Men den gjorde susen! To tak er no ferdigmala. Taka ser kvite ut, har ein litt elegant touch, og fargen kler huset. Det blir spennande å sjå om det blir like vellykka i resten av huset, lyset i eit rom har som kjent mykje å seie for korleis ein oppfattar fargane. Eg kryssar fingrane!

Ferdigmala tak i lys grått. Linoljemaling er veldig blank i starten, men vert mattare i løpet av få veker.

Og ein ting er sikkert: å male bjelketak tar lenger tid enn ein skulle tru!

Lampen på biletet vart i si tid laga av farmor. Er det dette som vert kalla ein skjørtelampe, mon tru?



torsdag 2. oktober 2014

Fornying i ein fei

Det er heldigvis ikkje alt arbeid med gamle hus som tar like lang tid. Ein solbleika og matt vegg med linoljemaling kan friskast opp kjapt og greitt. Smør linolje tynt på, tørk av etter ein halvtime, og der er du. Ein grei måte å fornye veggen på!

Eit prøvefelt viser fargen før og etter oljing:

                               

Det fine med linoljemaling er at sjølv om malinga er matt, så vernar malinga veggen likevel. Det er derfor ikkje nødvendig å male om for å ta vare på veggen. Men om ein syns at malinga er blitt for shabby å sjå til, så kan ein altså bruke linolje og spare seg malingsarbeidet.

               
                 

Her har eg brukt rå linolje på veggen og døra inn til gangen. Fargane kjem litt meir fram, og malinga ser friskare ut, men har framleis det gamle preget.

Viktig! Filler som er brukte på linolje er særs brannfarlege, dei kan sjølvtenne! Legg dei i vatn før dei blir kasta.