torsdag 26. oktober 2017

Hausten er her

Det er nok slutt på altan-kosen for nokre månader no, på tide å innstille seg på hausten.
Alltid litt stusselig når det er på tide å trekke i hus for vinteren. Men snart er vårsola på plass igjen og det er klart for nye kaffikoppar i korgstolen.

Denne leikehunden laga farmor mi i si tid. Ho var veldig flink med handarbeid, og produserte mange slike hundar. Laga av restestoff og fylt med treull. Fin den dag i dag, og eit veldig koselig minne.

 
Korgstolen er arvegods frå ei kjekk venninne.
Oldemor Sara hadde også korgmøblar i altanen, og det er på ein måte ingenting som passar betre der enn slike møblar. Lette å bere ut i hagen er dei også, på fine sommardagar.

Og sjølv om frosten flyttar inn i altanen om vinteren, så klarer desse møblane skiftande sol- og temperaturtilhøve kjempefint.

 
Så no er det berre å innstille seg på trivelige vinteraktivitetar, både innomhus og ute.
Inne skal det bli både maling og tapetsering.
Det er berre eit soverom igjen der det ikkje er gjort nokon ting i det heile tatt, men det er enno mange flater i ulike rom som er i kategorien "Anne Sara sine ufullendte".
Og så var det dette med lister...

Det skal nok blir ein fin vinter!





mandag 2. oktober 2017

Oktober-sommar

Kjekt med sommar sjølv om kalenderen viser haust!

Framleis litt blomstring i Sara-hagen,
ein kyss-meg-over-gjerdet og eit par Austin-roser lyser opp.





torsdag 10. august 2017

Kjekk vindus-krok



Er ikkje denne fin?
Eg fann denne hyggelige, regulerbare kroken hos Gysinge, og han har fungert fint i bruk i sommar.

Mykje meir sjarmerande enn ein tradisjonell stormkrok 😊





mandag 17. juli 2017

Snart ferdig soverom

Det største soverommet fekk spennpapp på veggane tidlegare i vår, og den opphaveleg tanken var å male eller tapetsere pappen.
Dette rommet har tidlegare hatt eit jugend-tapet som eg har vore heilt betatt av etter at eg fann delar av det under eit par nyare tapetlag. Grønt i botn, og med store raud-oransje valmuer i elegante slyngande former.
Men det har altså vore noko hovudbry å finne ei løysing der eg kunne få brukt noko av dette tapetet.

Eg leitte vel og lenge etter eit tapet som kunne kombinerast med det gamle, men det var vanskeleg å finne det rette. Eg kunne male direkte på pappen, og løyse det på den måten, men vart litt i tvil om den løysinga også.

Så kom eg til å tenkje på metoden med å kle veggane med ullpapp og så male denne, slik dei gjorde i ein av episodane av NRK-serien Det sit i veggane. Metoden er også skildra i boka Så renoveras torp och gårdar (Hidemark m.fl.).

Eg kan ikkje hugse å ha lest om denne måten å gjere det på i norsk litteratur, så kanskje er dette helst noko som har vore gjort i Sverige? Men det er spennande å prøve noko nytt og denne metoden er enkel.
Så den som kjøpte ullpapp det var eg.

I tilfelle dette ikkje er heilt ifølgje norsk tradisjon så får dette soverommet heller vere spesielt til ære for mine nære og kjære i Sverige!

Klar for å rive papp

Ein god haug måtte til

Ullpappen er eigentleg ganske så lik golvpapp, ein litt tjukk og porøs papptype. Eg valde metoden med å rive opp pappen i bitar på 50x60 cm, og lime desse opp med litt overlapp.
Mykje av tida gjekk med til å rive opp pappen. Å lime bitane på veggen gjekk fort, men som vanleg krev ting si tid rundt hjørne og vindauge. Denne metode gir litt rustikke veggar, og det er ikkje så farleg om bitane ikkje blir limte opp 100% i vater og vinkel, så det var berre å gyve laus. Limen påførte eg med malerulle, og let så pappen ligge og trekke nokre minutt før eg limte han opp på veggen.


Eg er igong

Ein ulempe med denne løysinga var naturlegvis at spenn-pappen som blei så fin og som eg var så kry over, no blei heilt gøymt under «rufsete» ullpapp.

Men, fine veggar blir det – etter at alt har tørka.

For dei første timane etter at ullpappen var komen opp, lurte eg på om eg hadde stelt i stand total katastrofe og øydelagt både ullpapp og spennpapp. Ullpappen sug mykje lim, og når han vart limt opp på spennpappen blotna denne på nytt. Etter eit par timar såg veggen ut som eit opprørt hav.

Hjelp! Veggen lever sitt eige liv!

Eg grudde meg til å stå opp neste morgon, og førebudde meg på å måtte ta alle veggane om igjen. Men håpa sjølvsagt på eit lite under. Og underet skjedde! Igjen trekte pappen seg saman, og veggane blei på nytt rette og fine.

 Det einaste eg måtte gjere dagen etter var å gå over ein del av skøytane med meir lim, på grunn av at pappen sug mykje lim vart det nokre gliper her og der. 

Puh! Veggen har tørka og er slett og fin.

Så var det tid for maling av veggane. Her er det eg har leita etter rette fargen. Først mala eg eit strøk med vanleg linoljemaling i ein dus grønfarge, men var ikkje heilt happy med resultatet i høve til det gamle tapetet.

Då var det eg laga prøver med eit par matte farger, ein grønfarge og ein lys brend terra. Prøvene såg veldig fine ut på førehand, men fargane stemde likevel ikkje heilt når dei tørka og eg fekk prøvd dei mot tapetet. Så no er eg tilbake på den første fargen.

 
Eitt malingsstrøk er unnagjort

Som lim til denne jobben bruke eg eit gamaldags tapetklister, pulver som eg rørte ut i vatn. Kjekt å teste ut ulike metodar😊
Klisteret må svelle ei god stund, og det er derfor lurt å blande dette først, og gjerne kvelden før ein skal tapetsere. Det var også litt jobb å få rørt det ut. Men i bruk var det kjempegreitt, lett å jobbe med og lett å vaske vekk søl både på golv og hender.
Ei positiv overrasking!



søndag 2. juli 2017

På jakt etter fargen

Litt utprøving om dagen:
eg leitar etter fargar til det eine soverommet, og prøver å finne rett farge til eit gammalt tapet eg har tatt fram i dagslys.

Sarahuset har hatt nydelege tapetar på oldemor si tid, det er det ikkje tvil om. Eg har "bladd" meg forsiktig bakover i tapetlaga, og funne mykje fint. Dessverre har eg ikkje funne at nokon av tapetane er i produksjon i dag, og å få trykt opp nytt er ein kostbar affære.

Her og der har eg klart å ta fram eit større parti av det gamle tapetet. Men så er det å finne ei heilskapleg løysing  ved å blande gammalt og nytt i det enkelte rommet, som også er så rett som mogleg for huset...
Det er utrulig kjekt - og utfordrande - å prøve å kombinere gammalt med nytt i gammal stil. I dette soverommet er målet å bruke den gamle tapeten på ein vegg, og male dei andre.


Her er eit par prøver med matt linoljemaling.


Veldig fine fargar, og dette ser ikkje verst ut!  Men tapetprøva er lita og fargane veldig falma, så det store spørsmålet er om dette blir bra i rommet.

Det vil snart vise seg 😊



torsdag 8. juni 2017

Når ein har hellet med seg

 
Den kjensla!

Når ein er ute på farten i heilt anna ærend, og speil ein har leita etter i lang, lang tid plutseleg berre står der. I heilt rett storleik, og til ein særs hyggelig pris.

Speglane er av nyare dato, men har den fargen og patinaen eg har ønska meg. Den eine kunne hengast rett på veggen i gangen, den andre skal få sin plass i bestestova.

Ein god dag!



 

tirsdag 30. mai 2017

Å ta vare på det gamle

Å ta vare på det gamle betyr at man verner om viktige tradisjoner som binder folk sammen. Det er som et museum som formidler kunnskap som kan være nyttig for oss.

Å ta vare på gamle tradisjoner, handler om å ta vare på fellesskap, våre røtter og identitet. Det utvider vår kunnskap og forståelse av fortiden, og gir oss opplevelser som bidrar til tilhørighet. Spor andre har etterlatt seg, kan hjelpe oss å tolke vår egen tid, ta gode valg og bidra til å forme fremtiden.

Å kjenne sine røtter gir et mennneske en identitet. Å kjennes seg selv, styrker et menneskes selvtillit og trygghet.


Luuk Westerhof
Familien 11/17



søndag 7. mai 2017

Gøy med spennpapp!

Veggpappen eg kjøpte frå Gysinge i Sverige har blitt liggande ei stund, for å seie det mildt. Men når påskeferien no kom vart det på tide å leite fram den store og tunge rullen. Målsettinga: fornye veggane på det eine soverommet i Sarahuset, og samstundes ta vare på eit felt med gammal tapet.

Saman med pappen kjøpte eg pappstrimlar og stifter til å feste pappen med, og papir til remser som ein dekkjer skøytane med. Tapetklister treng ein også.

Papp og det som høyrer til
 
Gysinge har ein grei informasjon på nettet om korleis ein set opp pappen. 
 Dei tilrår å sette opp spennpapp frå vindauga og innover i rommet, så eg jobba på den måten. I praksis vart det ein vegg per dag, fordi dette viste seg å vere arbeid som tok tid!

Eg starta med kne-veggen i rommet. Han er ein liten meter høg, og virka dermed mest handterleg. Det gjekk greitt, men knea mine var litt såre på slutten av dagen 😊

Kne-veggen i før-utgåve

Spennpappen er ikkje så tjukk, men relativt stiv i tørr tilstand. Første operasjon var å skjere passelege lengder til veggen som skulle dekkast.
Eg valde å ikkje demontere taklister og golvlister - klok av skade når det gjeld klippspikar! Eg skar derfor lengdene med noko overmål (og rein-skar etter at pappen var ferdig stifta på veggen). Lengdene måtte så bløytast med vatn, og deretter ligge og trekke. Eg smurde lengdene med vatn ved hjelp av ein stor malarkost, rulla dei saman og pakka dei i plast. Slik låg dei over natta.

Pappen er ferdig smurt med vatn på begge sider, og skal no ligge og trekkje.

Neste dag rulla eg pappen forsiktig ut. Etter ei natt i bløyt var han mjuk og føyeleg å jobbe med. Lengdene skulle så festast på veggen med nokre få stiftar, før dei vart festa med pappstrimlar og stift.
Strimlane måtte trekke nokre minutt i vatn, og deretter stifta eg pappkantane til veggen ved hjelp av pappstrimlane. Det skal stiftast med ca 5 cm mellomrom, så det blei mykje hamring!

Første høgda er koma på veggen!           

  
... ferdig stifta...
Høgde nummer to er sett opp...
Dette gikk fint!

Rettleiinga til Gysinge sa ingenting om korleis det var smartast å ta seg rundt hjørne, vindauge og dører. Så her var det berre å improvisere etter beste evne…

Til slutt skal skøytane dekkast med to lag papirstrimlar av ulik breidde. Dette var den mest plundrete delen av arbeidet. Den inste strimmelen skulle bløytast i vatn, og den ytste og breiaste smørast med tapetlim (limvatn) og settast utanpå. Her blei det ein del søl, og eg streva med å få strimlane til å feste skikkeleg til pappen. Alt skal også gjerast medan pappen er fuktig, og sjølv om eg hadde lite varme på i rommet vart dette det mest utfordrande punktet for ein papp-amatør.
Eg tilstår at eg etter kvart juksa litt med moderne tapetlim…

Papistrimlane som skal dekkje skøytane er under oppsetting. Denne jobben vart ikke heilt vellykka, så her må eg ta om att delar av strimlane.

Spennpappen er bulkete så lenge han er fuktig, sjølv om ein stryk han ut etter beste evne under oppsettinga. Men det magiske skjer! Etter kvart som pappen tørkar trekkjer han seg meir og meir saman. Til slutt står pappen stram og fin på veggen, og er klar for maling eller tapetsering. Gjer ein grundig forarbeid på veggen får ein dermed ein glatt og fin vegg. Tømmerveggane i Sarahuset er ujamne, og slike plassar vil naturlegvis skeivheitene vise gjennom. Men veggane vart definitivt som nye likevel, og eg er så langt særs fornøgd med resultatet.

Pappen er ferdig oppsett, men det står framleis igjen å dekkje stiftane.

Det endelege resultatet får eg først når eg får maling eller tapet på pappen, så det gjenstår å sjå.

Elles gjekk det veldig fint å gjere denne jobben aleine, sjølv om det vil vere meir effektivt å vere to personar, særleg når lange lengder skal settast opp.
Så det er berre å sette i gang, folkens! Det var ikkje så vanskeleg, men tok tid.

Eg brukte rundt 1000 stift i dette rommet. Det må ein vel kunne kalle ei grei treningsøkt 😄