onsdag 21. januar 2015

#trappami

Dagens Næringsliv 15.1. hadde ein fin artikkel om trappa - dronninga av arkitektur. Eg kan ikkje skilte med ein stor, flott trappeoppgang, men set stor pris på den trappa eg har!

Som DN seier det:
Trapperommene er følelsen av å komme hjem. Og følelsen av å være på vei ut.
Artikkelen finn du her:
http://www.dn.no/d2/2015/01/15/2057/Arkitektur/nedgang-for-oppganger 






mandag 5. januar 2015

Sarahuset

Sarahuset er eit hus med mange sveitser-trekk. Huset har symmetrisk grunnplan, dette var typisk for den tidlege sveitser-perioden. Glasveranda, stort sadeltak, relativt store takutstikk og høge krysspostvindu er også karakteristisk «sveitser». Like eins bruk av ulike fargar utvendig for å understreke detaljane i fasaden. Sarahuset har vore kvitt i mange tiår, men dei gamle bileta viser at huset har vore lyst med mørkare lister og dekor.




Huset er imidlertid ikkje så dekorert utvendig som veldig mange sveitserhus er. Det manglar den detaljrikdomen som er typisk for perioden, i form av lauvsag-utskjeringar i gavlane, rikt utskore listverk og farga eller mønstra glas i veranda og dører.




Sarahuset har veldig harmoniske proporsjonar, og eg får ofte høyre at det er eit fint hus. Det er eg samd i. Kven som stod for utforminga av huset veit eg ikkje, men vedkomande har gjort ein god jobb!