søndag 21. desember 2014

Saragarden – før og no

I si tid var Sarahuset hovudhuset på Saragarden. Garden hadde løde, fleire uthus og eigen jordkjellar. Det var stor hage med både frukt og bærtre. Eg hugsar at hagen hadde både raude og gule bringebær, og raude og kvite rips. Gode!

Tunet slik det var

Men å behalde ein gard midt i eit veksande bygdesentrum er ikkje enkelt, så jorda er blitt utbygd del for del. Til slutt forsvann også uthus og løde, og eigedommen består no  av huset og eit halvt mål med hage.  I tillegg kjem nokre meter av Vikeelva, som eg ikkje heilt har funne ut kva kan brukast til enno :-)

Sarahuset sett frå Kyrkjegata rundt 1910. Bildet er henta frå Ørsta-album.
Det skal vere yngste dotter til Sara og Mathias, Sara Margrete, som står på brua over Vikeelva i forkant på bildet.


søndag 14. desember 2014

lørdag 13. desember 2014

Lekkasje! Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko…

Ser ut for at sot og tjøre er det som skal «forfølge» meg gjennom dette projektet! Etter å ha gnukka og gnidd på fleire tømmerveggar for å få bort gamle spor av sot som har rent nedover, er førebels siste kapittel i saka: lekkasje frå skorsteinen, og nye sot-striper frå tak til golv. Til overmål gjennom to etasjar. Så her er det ikkje anna å gjere enn å førebu seg på mange nye timar med skuring og pussing.
Eg bør vel få reparert lekkasjen også…
Akk.

 Lekkasje er ikkje av det gode. Det lek inn langs pipa og nedover i loftstrappa, og endar i sot-dammar i og under trappa.

Men, som kjent, aldri så gale at det ikkje er godt for noko. I samband med lekkasjen blei det ein tur opp på det mørkaste mørkeloftet. Og kva dukka det opp der? Gamle skattar i form av ein barnesko og ein nydelig sydd prøvelapp! Alder og kven som har eigd dette er så langt ukjent, men gøy å finne slike ting!


Ein godt brukt barnesko

Prøvelappen var pensum på tidlegare tiders husmorskule. Studerer du han ser du ulike broderi-teknikkar, faldar, feste av knappar og hemper mm. Nokon har gjort seg flid her!

Sjekk stinga rundt hektene. Dette er for dei tålmodige. Men fint er det!