mandag 23. juni 2014

Riving pågår :-)



Ting må bli verre før dei kan bli betre, seiest det. Det stemmer i alle fall akkurat no!  Oppussing av bad er på gang, 70-talsbadet held ikkje heilt mål lenger. For å få ein betre inngang til badet skal litt areal frå eit soverom og kott som ligg ved sidan av gjerast om til gang. Veggplater er tatt ned og golvbelegg rive opp. Kjøkkenet er også under arbeid, og ein gammal gul tømmervegg skal få kome ut i dagslys.
I tillegg viste ein brannmur seg å stå berre av gammal vane, så han tålte ikkje arbeidet på veggen. Dermed måtte muren dessverre takast ned. Kaos!
Men no er roma rydda og kosta, no er det berre å bygge opp igjen :-)


Dei sørgelege restane av brannmuren
Golvbelegget på badet er fjerna,  og eit vindu som har vore gøymt bak plater er tatt fram i lyset på nytt

fredag 13. juni 2014

Sommarstemning


Med litt varierande vær ute, er det greitt å kunne ta litt sommar inn.

søndag 8. juni 2014

Møte med Else «Sprossa» Rønnevig :-D


Bilde frå Sprossa.no

Kjekk tur til Bjørke og Bakketunet i dag! Else Rønnevig heldt eit inspirerande foredrag og fortalde om arbeidet ho har gjort gjennom fleire tiår for å sette fokus på verdien av å ta vare på gamle hus. Denne dama har virkelig gått opp løypa for oss andre som er interesserte i å sette i stand slike hus!

Eg tilrår bøkene hennar på det sterkaste, det er masse å hente av konkrete råd og tips for den som vil gi seg ut på eit restaureringsprosjekt.

Ho har fått fleire utmerkingar for arbeidet sitt, og for kort tid sidan fikk ho tildelt Olavsrosa. Vel fortent!



Frå Bakketunet






torsdag 5. juni 2014

Det er ein første gong for alt,

og no har eg demontert røykkanalen på ein etasjeomn! Og det var lett! Delane er rett og slett stabla oppå kvarande, ikkje ein skrue. Men sot i MASSEVIS. Sjølve omnen skal også demonterast, håper det er like enkelt…

Omnen skal få flytte ned ein etasje, til stova under. Men først må han settast i stand. Eg satsar på å finne eit kurs der eg lærer det nødvendige slik at eg kan gjere det sjølv. Det skal ikkje vere så vanskeleg, men det gjeld nok å ikkje vere redd for å bli svart på fingrane :-)

Riksantikvaren slår fast at vedfyring er klimavennleg, og gamle etasjeomnar er like reintbrennande som moderne vedomnar når ein fyrer rett. Så eg ser fram til å kunne ta i bruk ein nyrestaurert omn med tid og stunder!

Her er grei info om bruk av gamle omnar til deg som er interessert:


Det er vakre detaljar på gamle støypejarnsomnar!
Omnen før demontering
Røykkanal klar for nedpakking