Viser innlegg med etiketten inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten inspirasjon. Vis alle innlegg

lørdag 16. april 2016

Perfekt tallerkenhylle

I lange tider har eg vore på jakt etter ei tallerkenhylle som ville ha passa inn i Sarahuset anno 1870. I eit hus av denne typen er ei litt kraftig og enkel hylle det rette.


Har kjøpt eit par brukte hyller undervegs, men desse har vist seg å vere for spinkle og for «moderne» når eg har prøvd dei på kjøkkenveggen. Eg hadde til slutt bestemt meg for å kjøpe Ikea si tallerkenhylle Gamleby, som har det uttrykket eg er på jakt etter og som ville sett ok ut etter eit strøk eller to med linoljemaling.

Men plutselig ein dag stod hylla mi der i bruktbutikken. Ei heilt perfekt, ekte gammal tallerkenhylle, med mange malingslag og merke etter fleire generasjonars bruk.
Glede!


Den som hadde mala hylla siste gongen hadde vald svart, og etter ein god skrubb hengde eg hylla på veggen som ho var. Syns det blei fint, når eg fikk på plass gamle servisedelar som har fulgt huset. Dei er sprukne og litt shabby og ikkje så egna til mat lenger, men er veldig fine på veggen.

Ofte var slike hyller mala i veggfargen, så med tid og stunder skal det bli slik.

Er du interessert i gamle bilete for å få inspirasjon til for eksempel interiør? Sjå kva du kan finne på digitaltmuseum.no .

Her er eit bilete frå kjøkkenet på Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson som no er museum. Vi treng ikkje alltid sjå til Sør-Frankrike for å finne inspirasjon!

Biletet er kopiert frå nettsida til museet, aulestad.no .



fredag 30. oktober 2015

Oss nerdar imellom - og heia England

Eg følgjer med på engelske seriar om husbygging, oppussing og restaurering, og det finns i sannheit mange eigedommar og prosjekt med wow-faktor.

Som før nemnt: det som verkelig gjer intrykk på meg er dei tilfella der ganske vanlege menneske – med stor interesse for bevaring – kastar seg ut i det og går laus på dei mest trøsteslause prosjekt.

Serien Drømmeprosjekt – innvendig (Grand design indoors 2001), har mange fine episodar frå både nyare og eldre bustader.
Den episoden som verkelig gjer meg varm om hjertet er Sharon og Tony si restaurering av eit georgiansk vrak av eit hus frå rundt år 1800 (episode 3, The Dilapidated Georgian House).

Illustrasjonbilde frå serien

«Ein må vere tru mot bygninga, det fortener den».

Denne uttalen oppsummerer det heile for meg. Eg blir heilt rørt når eg ser dei rote rundt i ein oskehaug, og plukke fram små bitar av det som har vore omramminga på ein peis i marmor. Som blir limt og sett i stand hos ein fagmann, så peisen til slutt står som eit smykke i rommet.

Møysommelig blir originale taklister leita fram under  tjukke lag av nyare maling. Dei er svært varsame i restaureringa og «klussar» så lite som mogleg med det som er, anna enn å fornye overflatene.
Ei beundringsverdig audmjukheit på vegne av huset.

Dette handlar også om økonomi, dess mindre ein endrar dess rimeligare vert det.
Og ein endar opp med eit hus som framleis har sin eigen identitet. Og er heilt unikt!

Ei rose til alle gamle-hus-entusiastar!

Eg er litt misunnelig på engelskmennene, som ser ut til å ha eit godt etablert apparat som dei kan gjere seg nytte av ved gjennomføring av restaureringsprosjekt.
Handverkarar av alle slag, som mestrar dei gamle teknikkane og måtane å gjere ting på. Rikhaldige arkiv, der ein kan kan finne opplysningar om historia til ulike bygningar. Butikkar som sel gamle bygningsdelar, senter med oversikt over bygningshistorie osb osb.

Kan vi klare å bli betre på dette her i landet også ??



søndag 26. oktober 2014

Gjenbruk - inspirerande!

Eit lite sidesteg i høve til Sarahuset, men det er kjekt med ulike former for gjenbruk og restaurering:
 Nybygget til Høgskulen i Bergen er eit bygg eg blir glad av!
Det spesielle her er at dei gamle vognhallane til NSB, som låg på tomta og  er verna, er integrerte i nybygget. Tenkt hadde fleire bygd på denne måten! Eg er glad i minimalisme, og syns at mange offentlege bygg som blir oppførte i dag er flotte. Men det gir verkeleg ein ekstra dimensjon når ein får kontrasten mellom det nye «glatte», og det gamle «solide».
Inspirerande!
Til og med ein del av den gamle skinnegangen og snuplassen for vogner er integrerte i området. Artig!







søndag 8. juni 2014

Møte med Else «Sprossa» Rønnevig :-D


Bilde frå Sprossa.no

Kjekk tur til Bjørke og Bakketunet i dag! Else Rønnevig heldt eit inspirerande foredrag og fortalde om arbeidet ho har gjort gjennom fleire tiår for å sette fokus på verdien av å ta vare på gamle hus. Denne dama har virkelig gått opp løypa for oss andre som er interesserte i å sette i stand slike hus!

Eg tilrår bøkene hennar på det sterkaste, det er masse å hente av konkrete råd og tips for den som vil gi seg ut på eit restaureringsprosjekt.

Ho har fått fleire utmerkingar for arbeidet sitt, og for kort tid sidan fikk ho tildelt Olavsrosa. Vel fortent!



Frå Bakketunet