onsdag 27. mai 2015

Borte vekke

Dei flinke snikkarane har gjort ein jobb igjen. Røra for vatn og avløp frå badet, som går gjennom kjøkkenet, er no kassa inn. Dei store, svarte plastrøra er dermed gøymde bak ein veldig fin panel-vegg.

På denne veggen er det ein smal fas-panel frå tidlegare, derfor er det brukt ein tilsvarande panel. I taket er kassa laga med materialar tilsvarande tak-borda.

Reaksjonen eg får på innkassinga er «Du verden, det ser ut som det har vore slik bestandig!»
For det gjer det nemlig.
Stort komplement til snikkaren!


FØR



Etter innkassing



Og slik blei hjørnet etter eit malingsstrøk :-)



tirsdag 12. mai 2015

Nye steg framover

Rom nummer to er tapetsert.  Tapet er motivasjon på rull, rett og slett. Eg blir GLAD av ferdige veggar :-)

Denne gongen er det stova i den austlege enden av huset som har fått tapet. Stova er naborommet til «fuglerommet», som tidlegare var eit lite kjøkken. Døra mellom romma er tatt bort, og erstatta med ei større opning i veggen, slik at romma blir meir ein heilskap. Det blir spiseplass i den eine delen og opphaldsrom i den andre.

Romma ligg mot aust, og har vindauge i tre himmelretningar. Det er blitt eit lyst og triveleg areal der morgon- og føremiddagssola fløymer igjennom. Her skal det blir godt å opphalde seg.

Sjølv om romma ikkje er store, har eg drista meg til både ulike tapetar og ulike fargar på veggane. Det er ikkje 100% i tilbakeføringa si ånd, i Sara si tid hadde nok alle fire veggar i eit rom lik tapet eller maling.

Grunnen til eksperimenteringa er at eit par av dei gamle veggane er så utruleg fine.
I denne stova fann eg ein gammal, veldig mørk tapet som eg håpa eg kunne få fram i lyset og bruke vidare. Tapetet er det tredje av fem tapetlag i dette rommet. Eg håpa eg kunne klare å ta av dei to ytste tapetlaga, og dermed få den mørke tapeten fram på nytt. Dette gikk fint på ein vegg, men det let seg dessverre ikkje gjere på alle, dei ytste laga var for godt limte.
Etter å ha leita på internett etter ein tilsvarande mørk tapet utan hell, valde eg derfor å la den eine mørke veggen stå, og tapetserte dei andre på nytt med ein heilt lys tapet.

Tilsvarande var dei gamle grålilla tømmerveggane på «fuglerommet» for vakre til å bli dekte med plater på nytt, så der er det to tømmerveggar og to tapetserte veggar.

Litt av resultatet så langt

Dei lyse partia på den mørke tapeten er utanpåliggande tapet som eg ikkje har fått tid til å fjerne enno. Med tålmodigheit og fuktig klut skal dette gå bra.


Det skal bli fint å snart få møblert permanent 

Det nye tapetet er frå Borås. Ein litt enklare tapet å bruke på skakke veggar enn det fugletapetet var, sjølv om eg nok ein gong fikk stadfesta at eg er ein ustoppeleg tidsoptimist :-D


Den observante vil finne fuglar også i dette tapetet :-)


onsdag 6. mai 2015

…og eitt steg tilbake…


Ikkje alt går heilt etter planen, nei. For eksempel når fruen skal blande seg fram til den fine grålilla fargen som er den opphavelege fargen på tømmerveggane i det som no er blitt «fuglerommet», og endar opp med ein mystisk supperosa farge i staden for.

Det var ikkje det at eg ikkje visste det, men heretter hugsar eg det kanskje også: når ein testar ut malingsfargar er det VIKTIG å prøve på eit prøvestykke som er grunna. Eller at ein malar i alle fall to strøk for å sjå korleis fargen blir. Linoljemaling trekkjer godt inn i treverk, og fargen kan bli veldig misvisande etter berre eitt strøk. Så det som såg ut som grålilla i starten, enda altså opp som heilt feil rosa, hehe.


Grålilla til venstre, supperosa til høgre


Og har ein hovudet under armen når ein malar tak på slutten av dagen blir det heller ikkje bra!
Var nøgd med mitt nymala kjøkkentak, heilt til ein solid «heilagdag» openberra seg i sollyset eit par veker seinare. 

Når eg malar større flater stryk eg malinga på med malerull, for så å stryke etter med fordrivar. Malerull er sjølvsagt "juks", på 1800-talet var det pensel som gjaldt, og penselstrøka skal vise i malinga. Den mala flata blir heilt annleis dersom ein brukar rull.

Det er derfor viktig å vere nøye med fordrivaren etter at rullen har vore i bruk. Og når ein så gløymer nettopp dette...avslørt!



Slik skal det vere...


...ikkje slik...


Det nyttar ikkje å berre bruke penselen over i eit nytt strøk heller, rullen lagar nuppar som ikkje let seg dekke. Så her er det berre ein ting å gjere, slipe ned det verste, og male på nytt.
Godt at det berre dreiar seg om ein halv m2 eller så!
:-D