onsdag 29. juli 2015

Stemningsrapport

Mykje er ferdig, og mykje er ikkje ferdig. Men for den som ikkje er allergisk mot 1800-tals «shabby chic» er Sarahuset no ein brukbar plass å vere sommarstid :-)


Lister og maling manglar, og møbleringa er noko førebels, men likevel – ein milepæl er nådd!



Den eine stova er blitt brukbar, sjølv om ikkje alt er heilt på stell.




Eg gled meg til mange trivelige kaffi-stunder ved spisebordet.



Kjøkkenet er førebels utan handtak på skuffer og skapdører. Det gjeld å ikkje gi seg før ein finn dei rette.



I loftsgangen er tapetet endeleg kome på plass.




På soveromma er det mykje arbeid att, men litt koselige tekstilar hjelper på.


Badet har fått ny innreiing, og er blitt eit greitt bruksrom. Det gjeld berre å passe hovudet :-)


Ingenting er så motiverande som å sjå resultatet av arbeidet ein gjer, eg ser fram til å fortsette!



mandag 27. juli 2015

Mange avgjerder

må takast.
Når taket er skeivt og vindauget er skeivt, skal då gardinstonga vere heilt i vater??
Hmm.





onsdag 15. juli 2015

Vakkert, vakkert

Arbeidet med å gjenskape dekoren på brannmurane i bestestova er påbegynt. Målarmeister Kjell Arne Årseth har avdekka dekor og fargar under fleire nyare malingslag, og har rekonstruert ornamenta så godt det let seg gjere.
Sjablonmala mønster har ofte veldig tynne malingslag, som kan vere vanskelege å hente fram når dei er overmala.


Begge murane har hatt ei mala stripe langs kantane, og ornament oppe i hjørna. I tillegg har listene som rammar inn den eine muren hatt fleire fargar.


Bestestova vert ikkje ferdig før i løpet av vinteren, og planen er at dette blir det første rommet som vil framstå som heilt tilbakeført. Det har også vore dekor på dører og golv, og dette skal òg gjenskapast.


Så langt er sjølve murane ferdigmala, og maling av omramminga har starta. Det er funne spor av gull på lista rundt den eine muren, og derfor lagt bladgull på den delen av profilen. Dette blir vakkert!




onsdag 8. juli 2015

Endelig

Denne dagen har eg sett fram til! Golvet i gangen har fått kome fram i lyset.


Entreen har hatt eit nokså oppbrukt golvbelegg, og under dette har det originale tregolvet vore gøymt. Det har vore fristande å ta bort belegget, men eg vart samd med meg sjølv om at dette skulle vente til tungarbeidet innvendig var unnagjort. Trakking inn og ut med våte sko, verktøy og materialar gir stor slitasje. Så derfor har eg vore tålmodig. Men no er det meste av tyngre arbeid gjort, og sjølv om mykje maling og tapetsering gjenstår, så var det på tide å avdekke ganggolvet.

Eit særdeles skeivt golv (høgast på midten!), med spor etter mange føter.
Det er tydeleg at kjøkkenet har vore det mest attraktive rommet, det er ikkje mykje maling att mellom gangdøra og kjøkkendøra :-)



mandag 6. juli 2015

Lys og varme


Elektrikaren har gjort jobben, og lysbrytarar og kontaktar er no på plass i alle rom i den eine enden av huset.

Alle lysbrytarar er kopiar av den gammaldagse vribrytaren, medan stikkontaktane er ei blanding av nye kontaktar og kopiar av gamle. Brytarane er kjøpte hos bygningsvernbutikken Molo AS i Oslo, snopebutikken for oss som er gamlehus-entusiastar!


På badet er det brukt kontaktar frå Schneider sin Renova-serie. Desse produkta skaffar elektrikaren. Sidan badet er nybygd kunne også delar av det elektriske opplegget byggast inn.


Eg syns imidlertid Renova-kontaktane vart klumpete i utanpåliggande utgave. Derfor er det elles i huset brukt heilt vanlege moderne kontaktar der desse er monterte langs golvlistene, medan kontaktar på meir synlege plassar er av den gammaldagse, runde typen.




Elektrikaren sukka litt over at dei gammaldagse produkta var plundrete å få monterte, med mindre plass innvendig enn i moderne utgåver. Men monteringa gikk greit.


Her og der har detaljar av det opphavelege elektriske opplegget har fått stå, for å illustrere korleis det i si tid såg ut. Kjekt å ha enkelte unike innslag i interiøret :-)