søndag 20. desember 2015

Jula nærmar seg

Nissegjengen er klar!


Eg har sans for den norske fjøsnissen.
Hjelpsam, men med klare forventningar om god mat og god drikke på julaftan til gjengjeld.

For den som måtte vere i beit for kva som skal serverast i julehøgtida, har frøken Schønberg følgjande forslag i si kokebok frå 1919:

Julafta:
Avkokt torsk, ribbenstek og risengrynsgrøt

Juledag:
Grønkaal med forlorne egg, fiskepudding, fuglestek, bakkels og frukt.

Andre juledag:
Makaronigratin, oksefilet med potetespuré og plumpudding.

Nissane blei sikkert fornøgde med restemat frå ein slik meny :-)


torsdag 10. desember 2015

Klippspikar - til glede og til besvær


Her er han, klippspikaren. Kanskje ukjent for mange av dykk? Men den som har halde på med gamle hus, har nok sannsynlegvis møtt på denne karen.

Eit lite utval av klippspikar, den lengste er 10 cm lang. Den til høgre er nykjøpt.

Spikartypen kom på 1800-talet ein gong. Klippspikar er laga av lange, utvalsa metallband som vert klipte opp. Spikarkroppen har konisk form, og etter at spikaren er klipt opp vert hovudet banka ut.

Klippspikaren var heilt ukjent for meg når eg tok fatt på Sarahuset. Men det første møtet var ei aha-oppleving!

Det starta med at eg oppdaga at det var fukt i underkant av eit glas. Tapeten under det ein hjørnet av vindauget hadde store skjoldar og var våt. For å finne ut om det kunne vere lekkasje utanfrå ville eg derfor ta av lista under glaskarmen, slik at eg kom betre til for å sjå.

Eg har løyst mange lister i mitt liv, men då på hus av noko nyare dato enn Sarahuset. Med eit godt kubein og litt lirking og luring har det aldri vore noko problem å løyse lister utan å skade dei, sjølv om dei ofte har vore godt spikra fast.

Så eg leita fram kubeinet og skreid til verket med godt mot. På framsida av lista viste fem litt store spikarhovud, ikkje så mykje for ei list på rundt ein meter lengde. Det var bra klaring mellom lista og veggen i underkant, og dermed ikkje noko problem å få godt tak med kubeinet under lista. Så langt alt vel.

Så starta lirkinga fram og tilbake, medan eg forsiktig prøvde å bende lista utover og på den måten sakte jobbe spikrane ut av veggen. Det var berre det, at etter mange gongar att og fram så var ikkje spikrane komne noko ut frå veggen. Lista stod på same plass.

Eg la naturlegvis stadig meir tyngde på kubeinet, og blei stadig meir forbausa over kor lite som skjedde. I den eine enden bevega lista seg littegrann utover, men resten satt heilt fast.
Ei stund lurte eg på om det hadde vore brukt lim, eller om lista var skrudd fast i veggen og skruane godt skjulte frå framsida. Irritasjonen steig, og maktbruken vart større. Til slutt hadde eg fått det meste av lista ein millimeter ut frå karmen og veggen, nok til at eg kunne konstatere at her var det verken skruar eller lim.
Berre 5 kraftige spikar.

Det var ikkje til å tru. Og eg nådde det punktet der frustrasjonen vert i overkant stor. Det er det same punktet der ein gjerne tek til å gjere lite lure ting. Eg la meg på kubeinet av alle krefter, det resulterte i at eg braut av ein stor bit av den eine liste-enden. Etter eit par solide tak til, losna lista med eit stort smell. Endelig!

Men kva ser eg? Berre den eine spikaren følgde lista ut. Dei andre fire satt like godt i karmen/veggen, og hadde gått gjennom lista med hovud og det heile, med store skader på baksida av lista som resultat. Det var nesten slik at eg nekta å tru det eg såg.

Lærdom: det er ofte klippspikaren som vinn! Eg har seinare fått det stadfesta ved fleire høve…

Her sit dei, sluskane. Utan list, og framleis solid forankra i veggen.


Heldigvis viser ikkje skadane på baksida av lista, og biten som vart knekt av får eg limt på igjen. Så lista skal bli pen og pynteleg att.

Seinare fikk eg det råd å bruke ei bajonettsag, som kan smettast bak lista, og sage av klippspikrane. Det er nok definitivt ein meir rasjonell metode når listverk må løysast. Det er også meir skånsomt for treverket.

Korleis det er å banke inn ein klippspikar er ei anna interessant historie…

Men fint og tidsrett blir det, når ein brukar klippspikar.
Husk berre å mobilisere ein del tålmod!



tirsdag 1. desember 2015

Ny godstol


Ny godstol er undervegs til Sarahuset. Nok ein gong arvegods, veldig pent brukt av kjekke folk :-)
Stolen er av nyare dato, men kjem til å passe ypparleg inn i interiøret. Her blir det fint å sitte med kaffikoppen og ei god bok! Dersom den firbeinte vil gi slepp på han…