torsdag 24. mars 2016

Lenge leve tradisjonshandverket!

Utdanningsdirektoratet har fått gjort ei utgreiing i høve til dei ulike faga innan tradisjonshandverk. Dette i samanheng med at heile strukturen i vidaregåande opplæring no er sett under lupa.

Her har ein bunadstilverkar brukt ein del timar.

Dei tradisjonelle handverksfaga har lenge hatt ei sørgjeleg utvikling. Stadig færre utdannar seg i desse faga, (lære-)bedriftene forsvinn og fagfolka som har kompetansen pensjonerer seg.
Dette har ført til at det finns ei «raudliste» med fag som er blitt så små (målt i talet på utøvarar og i høve til ny-rekruttering) at det faktisk er ein reell fare for at faga døyr ut her i landet.

Visste du at denne raudlista inneheld 42 fag per i dag? Kjende fag som trebåtbyggjar, sølvsmed, bunadstilverkar, herreskreddar, møbeltapetserar, skomakar, treskjerar, urmakar og seglmakar er faktisk utryddingstrua. I tillegg kjem altså ein heil del andre fag. Faga kjem på denne lista når færre enn 15 personar tek fagbrev i løpet av ein treårsperiode målt på landsbasis.

Ei trist utvikling. Men flott at det no blir sett fokus på dette, slik at det kanskje kan bli tatt grep for både å heve statusen for faga, gjere det lettare for utøvarane å leve av yrket sitt, og freiste fleire til å utdanne seg i faget.

Heile rapporten kan du lese på Utdanningsdirektoratet sine nettsider: Lenge leve tradisjonshåndverket!

Og ein treskjerar

Og nok ein gong :

Personleg har eg også eit ønskje om at bittelitt av læretida i vanlege fag som tømrar, elektrikar, rørleggjar og murar mm vert brukt på restaurering. Tanken min er ikkje at gamle anlegg absolutt må bevarast, enten det gjeld elektrisitet, rør eller andre fag så har eg forståing for at det i dag finn lover og reglar ein må tilpasse seg. Og ingen huseigar er interessert i vasslekkasje eller i verste fall brann.

Men dersom handverkaren har kunnskap om gamle anlegg, og forståing for at det kan vere behov for spesielle løysingar i gamle hus, så er eg overtydd om at ein kan finne elegante løysingar som begge partar blir nøgde med.
Det er frustrerande å vere huseigar når fagfolka dømmer gamle anlegg nord og ned på rein autopilot…

Hadde handverkarane sin første tanke vore korleis dei kunne reparere, hadde mykje vore vunne. Men utgangspunktet i dag er at alt gammalt må byttast ut, og dermed blir diskusjonen heilt annleis. 

Heldigvis finst det unntak, og eg har funne nokre av dei. Fagfolk som kan gi meg gode råd, og som eg berre kan overlate jobben til utan å stå over dei, i vissheit om at resultatet blir slik eg tenkjer det.
Det er ei velsigning.


Og ein møbeltapetserar.



tirsdag 15. mars 2016

Visst er det ei bokhylle!


Eg har fått vite at den mystiske Sarahylla definitivt er ei bokhylle, og at hyller av denne sorten er i skuddet på interiørfronten i England for tida :-)




Ved nærare ettertanke er jo ho faktisk litt i slekt med dagens stige-hyller, som det er plenty av i interiørblada her i landet, i alle fall i dei som har mest fokus på den landlege, romantiske stilen.

Kanskje var det Allers Familie-Journal som låg i den nedste hylla? Ein innbunden årgang av desse måler nesten 30x40 cm, og vart gjerne oppbevart i ei slik bokhylle? Og kanskje var det dei små salmebøkene og andre religiøse bøker som låg på dei øvste, smale hyllene?
Ikkje godt å vite!

Sarahylla skal i alle fall få eit vidare liv som bokhylle. Eg set stor pris på ting som er unike. Det handlar ofte meir om korleis ein brukar ein gjenstand enn om gjenstanden er «fin» eller «stygg». Det ein fyller hylla med kan vere like avgjerande for kva inntrykk ein får av henne, som sjølve hylla.

Eventuelt kan ein trylle med litt maling, og forvandle eit heilt møbel til noko ganske anna enn det var. (Det kjem ikkje til å bli gjort i dette tilfelle, altså …)

For nok ein gong - sjarmfaktor er viktig! Hipp hurra for gjenbruk!