Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg

mandag 4. juli 2016

Skruing i lange baner

Handtaka er komne på plass på kjøkkenskuffene. Å feste kvart skålhandtak med tre små skruar er ein tålmodigheitsjobb, men ein kjem jo i mål til slutt.

Heldige meg fikk for litt sidan ein haug med sporskruar av ulike storleikar og typer i gave, og nokre av desse passa perfekt til handtaka. Takk til kjekke givarar!


Det skal innrømmast at det kan vere ein liten kamp å bruke skruar med rett spor. For ikkje å snakke om å få fjerna gamle, rustne skruar, som omtala i eit tidlegare innlegg.

Men med ein porsjon tålmod, og eit godt skrujarn, går det stort sett greitt å få sporskruen på plass. Forboring er eit godt tips! Av og til blir sporet temmelig slite før eg har fått festa skruen, og det er berre å håpe at skruen ikkje skal ut att på lang tid :-) Men i gamle hus skrur ein for det meste i solid treverk, og det er ikkje det verste.


Så ja, eg held fast på at det må vere skruar med rett spor i gamle hus. Eg skiftar derfor også ut stjerneskruar som har kome til her og der i huset opp gjennom åra, med sporskruar. Får heller tåle oppgitte blikk frå enkelte familiemedlemmer, hehe.



onsdag 1. juni 2016

Endelig

Etter mange vekers ventetid er handtaka til kjøkkenskuffene endeleg komne. Sånn går det, når ein bestiller akkurat i det nettbutikken har tømt lageret.

Nye skålhandtak med tradisjonell form

Det har gått med mykje tid til å leite på nettet etter skålhandtak tilsvarande dei som var på dei gamle kjøkkenskuffene. Men eg har ikkje hatt hellet med meg, og landa derfor på desse, som er om lag like store som dei opphavelege.

Eg bestemte meg for at eg ville ha handtak som blir festa med skruar på framsida. Det finns mange fine skålhandtak å få kjøpt, men ofte skal dei festast med to skruar frå baksida, gjennom skuffefronten. Slike nymotens oppfinningar kan eg ikkje ha :-)
At kjøkkenskapa er frå Ikea er sjølvsagt ei heilt anna sak :-)

Handtaka er litt ujamne, og har små skjønnheitsfeil som gjer at dei ser ‘handlaga’ ut.
Akkurat slik eg ønskjer det.

Dei gamle handtaka ut


lørdag 16. april 2016

Perfekt tallerkenhylle

I lange tider har eg vore på jakt etter ei tallerkenhylle som ville ha passa inn i Sarahuset anno 1870. I eit hus av denne typen er ei litt kraftig og enkel hylle det rette.


Har kjøpt eit par brukte hyller undervegs, men desse har vist seg å vere for spinkle og for «moderne» når eg har prøvd dei på kjøkkenveggen. Eg hadde til slutt bestemt meg for å kjøpe Ikea si tallerkenhylle Gamleby, som har det uttrykket eg er på jakt etter og som ville sett ok ut etter eit strøk eller to med linoljemaling.

Men plutselig ein dag stod hylla mi der i bruktbutikken. Ei heilt perfekt, ekte gammal tallerkenhylle, med mange malingslag og merke etter fleire generasjonars bruk.
Glede!


Den som hadde mala hylla siste gongen hadde vald svart, og etter ein god skrubb hengde eg hylla på veggen som ho var. Syns det blei fint, når eg fikk på plass gamle servisedelar som har fulgt huset. Dei er sprukne og litt shabby og ikkje så egna til mat lenger, men er veldig fine på veggen.

Ofte var slike hyller mala i veggfargen, så med tid og stunder skal det bli slik.

Er du interessert i gamle bilete for å få inspirasjon til for eksempel interiør? Sjå kva du kan finne på digitaltmuseum.no .

Her er eit bilete frå kjøkkenet på Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson som no er museum. Vi treng ikkje alltid sjå til Sør-Frankrike for å finne inspirasjon!

Biletet er kopiert frå nettsida til museet, aulestad.no .



fredag 5. juni 2015

Kjøkkenet tar form

Interiøret i Sarahuset skal tilbakeførast så godt som det let seg gjere.
Til jobben med å finne dei rette fargenyansane vil eg ha hjelp av fagfolk. Dette er travelt opptatte folk, og det vil dermed ta litt tid før den endelege tilbakeføringsjobben blir gjort.

Dei gamle overskapa skal framleis brukast

For at huset skal bli beboeleg, har eg derfor i denne omgang gjort det enkelt og førebels mala kjøkkenet kvitt. Fargen heiter kitt-kvit.

Linoljemaling har svært god dekkevne, fordi malinga inneheld veldig mykje tørrstoff. Den slitne, gule tømmerveggen på kjøkkenet er derfor ferdig overflatebehandla etter berre eitt strøk med kvit maling.

Sjekk forvandlinga!

Ferdigmala vegg

Før-utgåva



lørdag 6. september 2014

Kjøkken




Kjøkkenet er fremdeles under arbeid, men tek til å materialisere seg!
Det har vore ei utfordring at badet ligg over kjøkkenet, og røra for vatn og avløp må derfor gå gjennom kjøkkenet. Dei gamle røra frå 70-talet har vore veldig synlege i rommet, og svære avløpsrør i plast er ikkje av det mest sjarmerande! Det var derfor nødvendig med nytt røropplegg.
Rørleggarane la seg i selen for å få «dagens krav» og «gammalt og skakt» til å gå i hop. Røra blei samla i eitt hjørne, og behendig plasserte mellom takbjelkar og golvbjelkar. Ei relativt beskjeden innkassing vil no dekke det heile. I same sjakta vil det bli plass til ein del av det elektriske som må gå mellom etasjane, og eg er veldig fornøgd med løysinga.

                


Eitt av dei store dilemma har vore om den gamle kjøkkeninnreiinga skulle behaldast. Eg valde til slutt å bruke overskapa, men har demontert den plassbygde kjøkkenbenken. Nye underskap er komne på plass, og det blir ein arbeidsplass som fungerer godt, men eg kjenner at det ikkje stemmer 100%…
Den gamle benken er imidlertid lagra i kjellaren, så det er slett ikkje umulig at han blir sett opp igjen på eit tidspunkt. Det er ikkje tvil om at den gamle benken kler kjøkkenet best!

Er i tenkeboksen når det gjeld fargane i rommet. Som vanleg tar eg utgangspunkt i det som har vore tidlegare, og  det er nok fargar å velge i:


               

Veggane kjem nok til å bli mala i ein variant av varmgult, eg likar den fargen som er på tømmerveggen allereie. Det er dessutan ein god farge på eit nordvendt rom med lite sollys.
Dei gamle skapdørene har vore grå for lenge sidan, men har i dag ein litt spesiell blåturkis farge. Ein litt «sær» farge, men skapdørene har vore slik i fleire tiår og for meg er det det særeigne som skaper sjarmen, så slik skal dørene få vere :-)





mandag 23. juni 2014

Riving pågår :-)



Ting må bli verre før dei kan bli betre, seiest det. Det stemmer i alle fall akkurat no!  Oppussing av bad er på gang, 70-talsbadet held ikkje heilt mål lenger. For å få ein betre inngang til badet skal litt areal frå eit soverom og kott som ligg ved sidan av gjerast om til gang. Veggplater er tatt ned og golvbelegg rive opp. Kjøkkenet er også under arbeid, og ein gammal gul tømmervegg skal få kome ut i dagslys.
I tillegg viste ein brannmur seg å stå berre av gammal vane, så han tålte ikkje arbeidet på veggen. Dermed måtte muren dessverre takast ned. Kaos!
Men no er roma rydda og kosta, no er det berre å bygge opp igjen :-)


Dei sørgelege restane av brannmuren
Golvbelegget på badet er fjerna,  og eit vindu som har vore gøymt bak plater er tatt fram i lyset på nytt