torsdag 20. november 2014

Tapet-variasjonar

Eg  har hatt ei lita oppdagings-ferd på eitt av soveromma. Det er artig å bla i gamle tapetlag, og få eit innblikk i interiørmotane frå forgangne tider! Det er mykje særdeles mørke fargar i huset, og ikkje minst spesielle fargekombinasjonar, sett med dagens auge.


Det er seks lag med tapet på veggane i dette rommet. Det inste tapeten er heilt lys med mønster danna av raude, vassrette striper. Deretter kjem ein kraftig gulgrøn tapet med mykje mønster.


Tredje tapetlaget er ein fin fugletapet i sartare fargar (favoritten for meg!), før det har vore tapetsert med ein mørk brun tapet i art deco-stil.




Den neste er  gulbeige med sirkelmønster, og ytst ein heilt lys grårosa tapet med border i loddrette striper. Dette skulle utgjere om lag 100 års tapet-historie!




Etter kvart er planen å skrape fram dei tilsvarande malingslaga på listverk og dører. Det skal bli interessant å sjå dei ulike kombinasjonane!

Og etter kvart kjem også det store spørsmålet: Kva slags tapet skal eg velge når rommet skal settast i stand??



onsdag 5. november 2014

Gode råd

Sarahus-bloggen har fått hyggelig omtale på nettsida til Fortidsminneforeningen Sunnmøre. Veldig kjekt!

For den som måtte gå i tankar om å sette i stand eit eldre hus, er Fortidsminneforeningen slettes ikkje berre ein organisasjon med fokus på stavkyrkjer. Fortidsminneforeningen gir ut ein serie med hefte, Gode råd-serien, som har vore veldig nyttige for meg i arbeidet med Sarahuset. Serien er på 12 hefte, og omhandlar alt frå grunnmur og hage til tapetar og gardiner. Eg har kjøpt alle og har bladd i dei jamt og trutt, hefta gir både oversikt og konkrete råd og tips. Til å bli klokare av, rett og slett!

Svar på ting ein lurer på finn ein også i Riksantikvaren sin serie Informasjonsark. Som dei sjølve seier: «Her finner du informasjon om alt fra svertesopp, linoljemaling og vedlikehold av skiftertak til energisparing i lafta hus». Til god hjelp, berre å gå inn på nettsida og laste ned!