Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg

torsdag 9. oktober 2014

Kvitt er ikkje berre enkelt

Tak skal malast, og då gjeld det å finne rette fargen! Taka i Sarahuset er stort sett lyse frå før, men alderen har gjort fargane noko ubestemmelege. Det er litt variasjon frå rom til rom, frå kvitt/lysegrått til lys beigeaktig og lys oker.

Eg tok utgangspunkt i kvite tak. Og så veit alle som er opptatt av interiør at det finns ganske mange «kvite» fargar…

Den første fargen eg prøvde, zink-kvitt, er skinande kvit, og virka nesten kunstig kvit når eg prøvemala. Heilt feil i forhold til romet. Farge nr to, kitt-kvit, såg flott ut så lenge han var i spannet, men taket vart gulaktig og ikkje slik eg ønska det.

Prøvemaling. Kitt-kvit lengst til venstre, zink-kvitt der lampen heng, elles original farge. Litt dårleg farge-gjengiving på bildet.

Farge nr tre, lysgrå, var eg litt bekymra for skulle virke for mørk. Men den gjorde susen! To tak er no ferdigmala. Taka ser kvite ut, har ein litt elegant touch, og fargen kler huset. Det blir spennande å sjå om det blir like vellykka i resten av huset, lyset i eit rom har som kjent mykje å seie for korleis ein oppfattar fargane. Eg kryssar fingrane!

Ferdigmala tak i lys grått. Linoljemaling er veldig blank i starten, men vert mattare i løpet av få veker.

Og ein ting er sikkert: å male bjelketak tar lenger tid enn ein skulle tru!

Lampen på biletet vart i si tid laga av farmor. Er det dette som vert kalla ein skjørtelampe, mon tru?



søndag 27. april 2014

Gamle golv – historiebok i særklasse

Gamle golv er eit spennande tema. Ein ting er utforming, og kva fargar og belegg som har vore brukte gjennom tidene. Like artig er spora etter livet som har vore levd i romma, slitasje etter store og små føter, etter skrubbing og vask, og spor etter møblar, fastbygd innreiing og kanskje veggar som seinare har blitt flytta. Og spor etter øksa, der denne har blitt brukt for å rette ut store ujamnheiter før ein har lagt belegg på tregolvet.
Det er fint å sjå gamle reparasjonar gjort med stor flid, der det tydeleg viser kva vekt det er lagt på å ta vare på det ein har, og kun skifte ut der det er nødvendig.

Golva i Sarahuset har vore dekka med diverse belegg, og det var med stor spenning eg starta på arbeidet med å bla meg nedover i desse. Håpet var jo å finne brukbare tregolv under alt som har kome til i ettertid, eventuelt linoleum eller andre golvbelegg som kunne vere verd å behalde.

Dei siste månadane har eg avdekka eitt og eitt golv, og under vinyl, linoleum, mala plater og vegg-til-vegg teppe har eg funne dei originale, mala tregolva. Stort sett i god stand, med til dels stor slitasje, og med ein del skader pga råte og mott. Men vakre! Breie, fine bord, og ikkje minst solide. Med over 35 mm tjukkelse er det fremdeles litt å gå på, bokstaveleg talt :-)

Golva i hovudetasjen er no reparerte. Dei er retta  opp, og skadde delar av golvborda er bytta ut (meir om dette seinare). Golva på loftet skal brukast som dei er.  Nedslitne dørstokkar og ujamne golvbord skal ikkje pussast ned, men får stå som dei er, med all sin sjarm og sjel :-).

Gammal reparasjon - godt utført!

Tydelege spor etter bruk

Fleire generasjonar fargar


fredag 4. april 2014

Skattejakt

Draumen for arbeidet med Sarahuset er å sette huset i stand på ein slik måte at oldemor Sara ville ha kjent seg igjen. Samtidig må det bli eit hus som er godt å leve i for oss som skal bo der i framtida. Sarahuset skal ikkje vere eit museum, men håpet er at fortida skal bli vakkert synleg i den nye utgåva av huset.
Det er artig å bla seg forsiktig bakover i tapetlag og fargelag, og avdekke huset si interiørhistorie. Og ikkje minst sjå om ein kan finne ting som kan takast fram i dagen på nytt.
For sjå kva som kan dukke opp: Når dørlistene vart tatt ned i det minste kjøkkenet vart ei lita stripe med mala tømmer avdekka. Etter litt nærare undersøking var det ingen tvil, veggplatene måtte ofrast. Ein flott tømmervegg med gråbrun maling kom til syne under dei litt anonyme platene. Til og med med spor etter gamle hyller! Gull!



Den som hadde hatt dei gamle hyllene som har hengt på veggen…

søndag 2. mars 2014

Ny ytterdør - hurra!

Midt i desember vart den nye ytterdøra montert. Etter lang tid med gjenspikra hovudinngang blei huset på nytt 'heilt' :-)) .
Døra er ein kopi av den gamle som dessverre vart fjerna på 80-talet, og laga i tett og fin furu. Etter impregnering med 12-15 strøk rå linolje, vart døra mala med rein linoljemaling. Lett og grei å jobbe med og velsigna fri for løysemiddel. Tørketida er ei tålmodigheitprøve, for det tar nemlig dagesvis! Men resultatet vart veldig fint :-)

Døra er mala i den opphaveleg fargen som eg fann i den gamle dørkarmen. Dørhandtaket er også frå dengong då.

Når ein brukar linoljemaling vil penselstrøka vise - litt ekstra sjarm! Her også med isroser.


Ny, tofløya ytterdør
Sarahuset i 1982, med original ytterdør

lørdag 1. mars 2014

Glasaltanen blir reparert

Glasaltanen hadde fått ein del råteskader i løpet av åra, og vart sett i stand i 2012/13. Noko av den bærande konstruksjonen måtte skiftast, fundamentet vart retta opp og ein del av kledninga vart bytta ut.
Dei store vindua vart tatt ut, og rammer og karmar reparerte. Glasa vart kitta på nytt, og mala med linoljemaling. Etter at arbeidet var ferdig såg altanen ut som før, men plutselig hadde han 'retta ryggen'!

No gjenstår ein del malingsarbeid, så eg ventar på våren :-)

Kaffikroken kan takast i bruk igjen



Vindua er tatt ut for reparasjon, og råteskadde delar vert spunsa evt skifta