søndag 28. februar 2016

Blogg-plunder


Det viser seg at kommentarar som blir sendt på blogg-innlegga ikkje kjem fram til meg, av ein eller annan grunn. Dette beklagar eg!

Det er jo veldig kjekt med tilbakemeldingar, så eg håper de vil prøve på nytt. Kommentarar, spørsmål eller gode råd – alt er hjarteleg velkome!

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil ikkje vise på bloggen før eg har publisert han, så det vil ta litt tid.

Grunnen til at eg har valt at innspela må godkjennast før dei viser på bloggen er naturligvis for å sleppe meiningslause innlegg frå cyber-verda. Internett har enkelte negative sider, og av og til dukkar dei raraste ting opp. Kommentaren din vil derfor ligge på vent til eg publiserer han.



mandag 22. februar 2016

Tilbakeføring av ytterveggane


Sarahuset har lafta kjerne (tømmerkjerne), med panelte ytterveggar. Som tradisjonen er i området er panelet liggande, og har ein liten profil langs nedre kant, såkalla enkeltfalsa staffpanel.

Panelet på huset er i hovudsak originalt. Og når ein ser kva material som vart valt ut den gongen dei laga panelet, er det ikkje så rart at ytterveggane har stått i snart 150 år. Treet er svært tettvakse, og har stor del kjerneved.

Kjerneveden er den inste, rosa delen av tømmerstokken. Veden er full i harpiks, naturen si eiga super-impregnering, og er svært haldbar fordi han vert lite påverka av fukt. Når byggeteknikken i tillegg var slik at det var god lufting for treverket, så fukt som eventuelt trengde inn lett tørka vekk igjen, ja så er det ikkje så rart at gamle hus varer og varer.

Tverrsnitt av originalt panelbord

Ny material

Ytterveggane har hatt dryppnase (vassbord) i starten. Men på eit tidspunkt har dryppnasen blitt tatt vekk og grunnmuren pussa litt opp på det nedste panelbordet. Dette kledningsbordet har dermed stått «planta» i pussen.
Då kjellaren vart svært fuktig for nokre år sidan, var konklusjonen at denne konstruksjonen var ein årsak til fuktproblema. Det vart derfor montert eit metallbeslag rundt heile huset, som erstatta det nedste kledningsbordet og også fungerte som dryppnase.
Og kjellaren vart heldigvis tørr.

Men metallbeslaget var jo ikkje det heilt rette for eit slikt hus, og no er jobben gjort med å sette på nytt vassbord og ny panel.
Dette kledde Sarahuset svært godt!

Før...

... og etter

Det høyrer med til historia at vi fann eit par små bitar av den gamle dryppnasa når beslaga vart demonterte, så dermed er historia dokumentert.

Nok ein gong har karane i Byggtrad Løvoll gjort ein ypperlig jobb for Sarahuset. Nye materialar med mykje kjerneved er nøye utplukka hos eit sagbruk. Og når lengdene vart høvla og profilerte har dei sytt for at borda er snudde slik at kjerneveden kjem der han trengs mest.

Som vanleg er det ikkje heilt beinkløyvt å jobbe med gamle hus. Når snikkarane tok fatt på jobben oppdaga dei at dei gamle kledningsborda hadde tre ulike (nesten like) profilar, og to ulike tjukkleikar. Litt hovudbry blir det av slikt.

Nordveggen og vestveggen
Breidda på kledningsborda varierer også mykje, for tømmerstokken vart nytta så langt råd. Dette er særlig tydelig på vestveggen på Sarahuset.
Det er dette som skaper sjarm, spør de meg!

Leitar du etter produsentar som kan hjelpe med kvalitetsmaterialar? Sjekk ut Norsk Bygdesagforening på www.sag.no .



søndag 7. februar 2016

Nyttige bøker


Restaurerings-biblioteket mitt er no utvida med denne boka av Ove Hidemark m.fl. Dette er den klassiske handboka for bygningsvern i Sverige, ho kom på 1970-talet og er sidan utgitt i fleire opplag.



Dette er ei bok med mange konkrete råd og tips, og sjølv om det er ulike byggeskikkar i Sverige og Norge, så er det mykje nyttig å hente.

Også forfattarane av denne boka understrekar viktigheita av å ikkje forhaste seg når eit gammalt hus skal settast i stand. Eg sluttar meg fullt og heilt til det dei skriv i innleiinga:
Rusa inte iväg med färdiga tankar om hur ett gammalt hus skall eller bör se ut. Vänta i stället något eller några år innan ni bestämmer er för den slutliga utformningen eller för den detaljupprustning som kanske på en gång känns nödvendig. Det är viktigt att bo in sig ordentligt för att uppleva alla de fördelar, som inte omedelbart presenterar sig. Även de verkliga nackdelarna uppenbarar sig först så småningom. 

For den som er interessert i å fordjupe seg i gamle maleteknikkar og dekorasjonsmaling, er denne boka av Jon Brænne tingen. Boka inneheld både oppskrifter, mønster/sjablonar og rettleiingar.