Viser innlegg med etiketten golv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten golv. Vis alle innlegg

onsdag 8. juli 2015

Endelig

Denne dagen har eg sett fram til! Golvet i gangen har fått kome fram i lyset.


Entreen har hatt eit nokså oppbrukt golvbelegg, og under dette har det originale tregolvet vore gøymt. Det har vore fristande å ta bort belegget, men eg vart samd med meg sjølv om at dette skulle vente til tungarbeidet innvendig var unnagjort. Trakking inn og ut med våte sko, verktøy og materialar gir stor slitasje. Så derfor har eg vore tålmodig. Men no er det meste av tyngre arbeid gjort, og sjølv om mykje maling og tapetsering gjenstår, så var det på tide å avdekke ganggolvet.

Eit særdeles skeivt golv (høgast på midten!), med spor etter mange føter.
Det er tydeleg at kjøkkenet har vore det mest attraktive rommet, det er ikkje mykje maling att mellom gangdøra og kjøkkendøra :-)



torsdag 3. juli 2014

Gamle golv - kor skeivt kan det bli??

Stovegolva i Sarahuset har vore eit kapittel for seg. Huset har sige mykje gjennom åra, mest ved pipene midt i huset. Når det blir 10-12 cm fall på dei 3,7 metrane det er frå yttervegg til motståande innervegg så er det veldig greitt når klinkekulene trillar utover, men det blir litt upraktisk å møblere, mildt sagt!

Å jekke opp huset vart grundig vurdert, men i samråd med fagfolk gikk eg bort frå dette. Det ville bli eit vanskeleg prosjekt med risiko for store skader på blant anna taket, og ein ville uansett ikkje klare å rette huset heilt opp.
Dei store skeivheitene er også ein del av huset si historie, og er no sånn sett bevart :-)

Golvborda er tatt av. Vi ser bærebjelkane og taket i etasjen under, og opprettinga er godt i gang.

Løysinga for stovene blei å ta opp golvborda, og bygge opp bærebjelkane slik at underlaget for golva vart i vater. Borda vart så reingjorde, reparerte ved å felle inn nytt treverk der dette var nødvendig,  og golvet lagt på nytt.

Her lærte eg ein ting: det er viktig å legge golvborda nedatt akkurat som dei låg tidlegare. Slitasjen frå små og store føter har nemleg laga "stiar" i treverket, og byter ein om på borda får golvet snublekantar. Greiast å unngå det!

Ferdig lagt golv
-   
      Før golvborda vart lagde vart golva isolerte, eit steg mot eit varmare liv i Sarahuset :-)

søndag 27. april 2014

Gamle golv – historiebok i særklasse

Gamle golv er eit spennande tema. Ein ting er utforming, og kva fargar og belegg som har vore brukte gjennom tidene. Like artig er spora etter livet som har vore levd i romma, slitasje etter store og små føter, etter skrubbing og vask, og spor etter møblar, fastbygd innreiing og kanskje veggar som seinare har blitt flytta. Og spor etter øksa, der denne har blitt brukt for å rette ut store ujamnheiter før ein har lagt belegg på tregolvet.
Det er fint å sjå gamle reparasjonar gjort med stor flid, der det tydeleg viser kva vekt det er lagt på å ta vare på det ein har, og kun skifte ut der det er nødvendig.

Golva i Sarahuset har vore dekka med diverse belegg, og det var med stor spenning eg starta på arbeidet med å bla meg nedover i desse. Håpet var jo å finne brukbare tregolv under alt som har kome til i ettertid, eventuelt linoleum eller andre golvbelegg som kunne vere verd å behalde.

Dei siste månadane har eg avdekka eitt og eitt golv, og under vinyl, linoleum, mala plater og vegg-til-vegg teppe har eg funne dei originale, mala tregolva. Stort sett i god stand, med til dels stor slitasje, og med ein del skader pga råte og mott. Men vakre! Breie, fine bord, og ikkje minst solide. Med over 35 mm tjukkelse er det fremdeles litt å gå på, bokstaveleg talt :-)

Golva i hovudetasjen er no reparerte. Dei er retta  opp, og skadde delar av golvborda er bytta ut (meir om dette seinare). Golva på loftet skal brukast som dei er.  Nedslitne dørstokkar og ujamne golvbord skal ikkje pussast ned, men får stå som dei er, med all sin sjarm og sjel :-).

Gammal reparasjon - godt utført!

Tydelege spor etter bruk

Fleire generasjonar fargar