lørdag 21. januar 2017

Utvendig maling

Første del av 2016 stod i stor grad i det utvendige arbeidet sitt teikn. Reparasjon av kledning og vindauge tok snikkarane seg av. Men så skulle det malast, og det var min jobb. Eigeninnsats må til skal eg kome i mål med dette prosjektet. Maling av ytterveggane tok mykje tid, og var eit anstrengande kapittel, men det vart fint når toppstrøket kom på!

Øvste delen av veggen er ferdig mala

Arbeidet med kledninga blei gjort på nyåret. Når det blei varmare i veret tok eg fatt i arbeidet med å få overflatebehandla veggane utvendig. Det var lenge sidan siste malingsstrøk og tydeleg for alle at det var på tide å leite fram skrape og malarkost.

Dei siste gongane huset har vore mala har det vore brukt dekkbeis, og når eg tok over huset var eg svært usikker på om det ville la seg gjere å male på nytt med linoljemaling. Men etter å ha konferert med ein malar med kompetanse på linoljemaling, blei det klart at eg kunne senke skuldrane. Linoljemaling bit på det meste, men det er viktig å vere nøye med både forarbeid, påføring og kva tid ein malar.

Eg bestemte meg for å ta ein vegg i gongen og gjere denne heilt ferdig, så slapp eg å flytte stillaset mange gonger rundt huset. Det finns nok meir effektive metodar :-) Utfordringa var at med så malingsslitte veggar som Sarahuset hadde, måtte eg ha tre strøk med linoljemaling. I tillegg må det vere tørt vèr når ein skal male, og det må det ha vore i fleire dagar fordi veggane må naturligvis vere heilt tørre. Sola må ikkje stå på den veggen som skal malast når ein held på, og tørketida per strøk er fleire dagar… Ikkje enkelt å få mala med linoljemaling i vestlandsk ‘sommar’-ver!

Jobben starta med å skrape grundig, og så vaska eg veggen med vanleg husvask. Sarahuset står på ein trafikkert plass, og asfaltstøvet låg i tjukke lag oppetter veggane. Det viste seg fort at den vanlege metoden med å spraye på husvask, vente nokre minutt og så spyle av med hageslange, fungerte dårlig. Trafikkstøvet satt framleis fast som eit seigt, svart belegg.
Eg enda opp med å bruke vaskesvamp, av den typen ein brukar på kjøkkenet, og skrubba kvar cm av kledninga med husvask. Dette var effektivt for å få treverket reint, men det tok si tid. Når så kledninga fikk tørka, og eg trudde at det endeleg var klart for maling, viste det seg å ha losna så mykje maling at veggen måtte skrapast på nytt. Pjuh!

Skrapa og vaska - og skrapa ein gong til

Men omsider var grunnarbeidet gjort, og det var klart for maling. Fordelen med å bruke stillas var at eg kunne kle veggen inn med presenning, og slik halde regnet ute. Trygt står ein også :-)

Første strøket var eit grunningsstrøk, der eg brukte fortynna maling og grunna dei malingsfrie partia av kledningsborda. Til strøk nummer to bruke eg ufortynna maling, og flekka igjen på dei delane som hadde vore fri for maling. Til slutt eit toppstrøk over det heile, og veggen stod fram «ny» og fin.

Men det er som kjent fire veggar på eit hus, pluss eit påbygg i mitt tilfelle. Og sommaren 2016 var ikkje den store vermessig sett. Eg har derfor framleis ein del malingsarbeid igjen utvendig. Kombinasjonen av lang tørketid og mykje regnver gjorde det tungt å kome rundt.
Så når sommaren nærmar seg på nytt er det berre å brette opp ermane, då skal malingsarbeidet fullførast!

Eg valde i denne omgang å framleis male kvitt. For oss i familien er dette den ‘rette’ fargen, sidan vi ikkje har sett huset anna enn kvitt.
Men på gamle bilete ser kledninga litt mørkare ut, og listene er i ein kontrastfarge. Når eg starta å skrape veggane, fann eg ein lys gulaktig farge. Og på listene har eg skrapa fram ein mørk brun-raud farge. Så neste gong det er behov for maling er det også tid for å vurdere fargeforandring, då basert på ei skikkelig fargetrapp.

Spor etter gamle fargar

Ute som inne har eg brukt linoljemaling av den gammaldagse typen. Eg har halde meg til det svenske merket Ottosson, og er veldig nøgd med det.
Ottosson har gode rettleiingar liggande på nettet.
Det er også veldig god hjelp å få hos forhandlaren på Vigra, bedrifta Dør- og vindusvern AS. Flinke folk!

Linoljemaling er lett å påføre og stryke ut, og gir ikkje ubehag pga løysemiddel eller sterk lukt. Dei ferdig mala overflatene blir kjempefine.
På den negative sida er som nemnt tørketida, som fører til ein del praktiske problem. I tillegg er det håplaust å gjere reine penslane, så eg må tilstå at det har vore mykje bruk og kast på det området. Ikkje så bra…

Ferdig resultat. Knotten likte også den nymala veggen.