søndag 26. oktober 2014

Gjenbruk - inspirerande!

Eit lite sidesteg i høve til Sarahuset, men det er kjekt med ulike former for gjenbruk og restaurering:
 Nybygget til Høgskulen i Bergen er eit bygg eg blir glad av!
Det spesielle her er at dei gamle vognhallane til NSB, som låg på tomta og  er verna, er integrerte i nybygget. Tenkt hadde fleire bygd på denne måten! Eg er glad i minimalisme, og syns at mange offentlege bygg som blir oppførte i dag er flotte. Men det gir verkeleg ein ekstra dimensjon når ein får kontrasten mellom det nye «glatte», og det gamle «solide».
Inspirerande!
Til og med ein del av den gamle skinnegangen og snuplassen for vogner er integrerte i området. Artig!







tirsdag 21. oktober 2014

Ikkje mykje glamour...

Ein treng ein dose galskap for å gi seg ut på eit stort restaureringsprosjekt. Else «Sprossa» Rønnevig kallar det «…positiv galskap. Det er ikke en sykdom, men en ekstra kraftig energi – en energi som kan få det mest håpløse husprosjekt til å virke som den enkleste sak av verden».

I tillegg til å vere passe tussete får eg ekstra påfyll og inspirasjon  - og lærer litt også - av å følge med på restaureringsprogram på tv. Seriar av typen Drømmeprosjekter (The Restoration Man) som no går på Vox, er min type program. Her prøver dei å bevare originale kvalitetar, i staden for å rive ned det meste. Det er utruleg å sjå i kor dårleg stand mange bygningar kan vere, og kor flott resultatet likevel kan bli når menneske som bryr seg tar jobben med å sette husa i stand.

Når det går an å få hus av dei reinaste ruinar, så må det vel bli eit godt hus av Sarahuset til slutt også, tenkjer eg!

Veldig, veldig lei av støv!

Det er lite glamour knytt til istandsetting av gamle hus, det er sikkert. Så å sjå at det kan gå an å få det til, dog etter mykje møye og besvær, er oppmuntrande!



torsdag 9. oktober 2014

Kvitt er ikkje berre enkelt

Tak skal malast, og då gjeld det å finne rette fargen! Taka i Sarahuset er stort sett lyse frå før, men alderen har gjort fargane noko ubestemmelege. Det er litt variasjon frå rom til rom, frå kvitt/lysegrått til lys beigeaktig og lys oker.

Eg tok utgangspunkt i kvite tak. Og så veit alle som er opptatt av interiør at det finns ganske mange «kvite» fargar…

Den første fargen eg prøvde, zink-kvitt, er skinande kvit, og virka nesten kunstig kvit når eg prøvemala. Heilt feil i forhold til romet. Farge nr to, kitt-kvit, såg flott ut så lenge han var i spannet, men taket vart gulaktig og ikkje slik eg ønska det.

Prøvemaling. Kitt-kvit lengst til venstre, zink-kvitt der lampen heng, elles original farge. Litt dårleg farge-gjengiving på bildet.

Farge nr tre, lysgrå, var eg litt bekymra for skulle virke for mørk. Men den gjorde susen! To tak er no ferdigmala. Taka ser kvite ut, har ein litt elegant touch, og fargen kler huset. Det blir spennande å sjå om det blir like vellykka i resten av huset, lyset i eit rom har som kjent mykje å seie for korleis ein oppfattar fargane. Eg kryssar fingrane!

Ferdigmala tak i lys grått. Linoljemaling er veldig blank i starten, men vert mattare i løpet av få veker.

Og ein ting er sikkert: å male bjelketak tar lenger tid enn ein skulle tru!

Lampen på biletet vart i si tid laga av farmor. Er det dette som vert kalla ein skjørtelampe, mon tru?



torsdag 2. oktober 2014

Fornying i ein fei

Det er heldigvis ikkje alt arbeid med gamle hus som tar like lang tid. Ein solbleika og matt vegg med linoljemaling kan friskast opp kjapt og greitt. Smør linolje tynt på, tørk av etter ein halvtime, og der er du. Ein grei måte å fornye veggen på!

Eit prøvefelt viser fargen før og etter oljing:

                               

Det fine med linoljemaling er at sjølv om malinga er matt, så vernar malinga veggen likevel. Det er derfor ikkje nødvendig å male om for å ta vare på veggen. Men om ein syns at malinga er blitt for shabby å sjå til, så kan ein altså bruke linolje og spare seg malingsarbeidet.

               
                 

Her har eg brukt rå linolje på veggen og døra inn til gangen. Fargane kjem litt meir fram, og malinga ser friskare ut, men har framleis det gamle preget.

Viktig! Filler som er brukte på linolje er særs brannfarlege, dei kan sjølvtenne! Legg dei i vatn før dei blir kasta.


søndag 21. september 2014

Krevjande saker


Tømmerveggar er utruleg flotte! Men dei kan også vere utruleg arbeidskrevjande å sette i stand...
Etter å ha brukt timesvis på å få reine to små veggar, kom eg nesten til nei-eg-trur-eg-platar-denne-veggen-likevel-stadiet. Men berre nesten!

Problemet har vore at to veggar har hatt parti med sot-renningar, etter at der i si tid må ha stått vedomn eller gått røykrør gjennom veggen. Sot har rent nedover, og nærast etsa seg inn i malinga. Soten har nok vore prøvd skrubba bort i si tid, men dette stoffet sit godt fast.

Jaja, tenkte eg først, veggane skal malast, så dette går bra. Heilt til eg fikk vite at soten vil kome ut gjennom ny maling, akkurat slik kvistar gjer. Men vanlegvis lar soten seg vaske vekk med vaske-/løysemiddel. Så då var det å prøve seg fram med fettløysande stoff: oppvaskmiddel, salmiakk, baderomsvask, eddik, sprit, husvask… Men ingenting av dette gjorde susen. Så gikk eg på dei tyngre stoffa: sitrusrens, to ulike bil-rensemiddel som skal ta «alt» av asfalt og olje, og til sist aceton. Desse siste middela løyste ein del, men langt frå nok.

Så då var det ein ting å gjere: finne fram sandpapiret. Og etter  mange og lange økter på veggen, fikk eg til slutt pussa bort problemet. Litt avsluttande sparkling og finpuss no, så er to stykk tømmerveggar klare for maling. Puh!

Snart klar for maling


lørdag 6. september 2014

Kjøkken




Kjøkkenet er fremdeles under arbeid, men tek til å materialisere seg!
Det har vore ei utfordring at badet ligg over kjøkkenet, og røra for vatn og avløp må derfor gå gjennom kjøkkenet. Dei gamle røra frå 70-talet har vore veldig synlege i rommet, og svære avløpsrør i plast er ikkje av det mest sjarmerande! Det var derfor nødvendig med nytt røropplegg.
Rørleggarane la seg i selen for å få «dagens krav» og «gammalt og skakt» til å gå i hop. Røra blei samla i eitt hjørne, og behendig plasserte mellom takbjelkar og golvbjelkar. Ei relativt beskjeden innkassing vil no dekke det heile. I same sjakta vil det bli plass til ein del av det elektriske som må gå mellom etasjane, og eg er veldig fornøgd med løysinga.

                


Eitt av dei store dilemma har vore om den gamle kjøkkeninnreiinga skulle behaldast. Eg valde til slutt å bruke overskapa, men har demontert den plassbygde kjøkkenbenken. Nye underskap er komne på plass, og det blir ein arbeidsplass som fungerer godt, men eg kjenner at det ikkje stemmer 100%…
Den gamle benken er imidlertid lagra i kjellaren, så det er slett ikkje umulig at han blir sett opp igjen på eit tidspunkt. Det er ikkje tvil om at den gamle benken kler kjøkkenet best!

Er i tenkeboksen når det gjeld fargane i rommet. Som vanleg tar eg utgangspunkt i det som har vore tidlegare, og  det er nok fargar å velge i:


               

Veggane kjem nok til å bli mala i ein variant av varmgult, eg likar den fargen som er på tømmerveggen allereie. Det er dessutan ein god farge på eit nordvendt rom med lite sollys.
Dei gamle skapdørene har vore grå for lenge sidan, men har i dag ein litt spesiell blåturkis farge. Ein litt «sær» farge, men skapdørene har vore slik i fleire tiår og for meg er det det særeigne som skaper sjarmen, så slik skal dørene få vere :-)





lørdag 23. august 2014

Bad

Badet er ferdig panelt og mala, men framleis manglar innreiing, elektrisk opplegg, lister med meir. Men eg kan altså ikkje vente med å prøve ut korleis det skal bli, så her er ein smakebit:

Vaskestolen er av det opphavelege interiøret

Rommet er panelt med perlestaffpanel, som finns originalt i Sarahuset fleire stader.
Panelet er mala med linoljemaling. Ein malingstype som har dårleg ord på seg, men som eg har blitt godvenner med. Vakre fargar, fri for løysemiddel, enkel å bruke, fint resultat. Men lang tørketid, og ein må også planlegge arbeidet godt fordi malinga må bestillast, så sant ein ikkje er heldig og bur nær ein forhandlar.
Eg har så langt brukt svensk maling, heilt utan løysemiddel og derfor behageleg å bruke. Det er også viktig å male på rett måte, med fleire tynne strøk. Gode instruksjonsfilmar finns på nettet, og det er ikkje vanskelig!

Veggane er mala i ein lys, litt varm gråfarge. Skrapeprøver tilbake til dei eldre malingslaga viser at det har vore brukt mykje grått i huset tidlegare, og eg kjem til å bruke autentiske fargar så langt råd.
NB: I tidlegare tider mala ein med kost, fordi rullen ikkje eksisterte. I dag er det «lov» å bruke rull, men ein må gå over med fordrivar etterpå, så ser veggen ut som han er mala på gamlemåten. Penselstrøka skal vise :-)

Golvet har fått vinylbelegg. Sjølvsagt eit framandelement i eit hus som dette, men kombinasjonen av skeivt hus, lav takhøgd og at badet ligg over kjøkkenet gjorde at det måtte bli eit kompromiss. Belegget byggjer lite i høgda, og viktigast av alt: golvet blir tett!

Meir om linoljemaling på Bygg og bevar:

Original perlestaffpanel i loftsgangen