lørdag 23. august 2014

Bad

Badet er ferdig panelt og mala, men framleis manglar innreiing, elektrisk opplegg, lister med meir. Men eg kan altså ikkje vente med å prøve ut korleis det skal bli, så her er ein smakebit:

Vaskestolen er av det opphavelege interiøret

Rommet er panelt med perlestaffpanel, som finns originalt i Sarahuset fleire stader.
Panelet er mala med linoljemaling. Ein malingstype som har dårleg ord på seg, men som eg har blitt godvenner med. Vakre fargar, fri for løysemiddel, enkel å bruke, fint resultat. Men lang tørketid, og ein må også planlegge arbeidet godt fordi malinga må bestillast, så sant ein ikkje er heldig og bur nær ein forhandlar.
Eg har så langt brukt svensk maling, heilt utan løysemiddel og derfor behageleg å bruke. Det er også viktig å male på rett måte, med fleire tynne strøk. Gode instruksjonsfilmar finns på nettet, og det er ikkje vanskelig!

Veggane er mala i ein lys, litt varm gråfarge. Skrapeprøver tilbake til dei eldre malingslaga viser at det har vore brukt mykje grått i huset tidlegare, og eg kjem til å bruke autentiske fargar så langt råd.
NB: I tidlegare tider mala ein med kost, fordi rullen ikkje eksisterte. I dag er det «lov» å bruke rull, men ein må gå over med fordrivar etterpå, så ser veggen ut som han er mala på gamlemåten. Penselstrøka skal vise :-)

Golvet har fått vinylbelegg. Sjølvsagt eit framandelement i eit hus som dette, men kombinasjonen av skeivt hus, lav takhøgd og at badet ligg over kjøkkenet gjorde at det måtte bli eit kompromiss. Belegget byggjer lite i høgda, og viktigast av alt: golvet blir tett!

Meir om linoljemaling på Bygg og bevar:

Original perlestaffpanel i loftsgangen

mandag 18. august 2014

Ny favorittdings



Har fått meg ny favorittdings! I Sarahuset har plater både på veggar og på golv vore festa med eit utal spikar og stifter. Mange hundretals, rett og slett. Og veldig mange sit så tett i golvet/veggen at det ikkje er råd å kome til med verktøya eg har hatt, for å dra dei ut.

Så kom eg over denne saken, som eg kjøpte under stor tvil. Liten og tynn, ser ut som eit dokke-verktøy. Men for små spikar: fungerer som berre det! Verktøyet er så tynt at det kjem under dei fleste spikarhovud, og alle stiftar eg hadde gitt opp og heller tenkte å slå inn i veggar og golv, har eg no klart å dra ut. Kjekk sak!

Tålmodigheitsprøve!

tirsdag 12. august 2014

Skattejakt II

Gode fagfolk er gull verd!

I Sarahuset har dei fleste roma hatt vedomn, og dermed brannmur. Brannmurane er i dag nokså anonyme, med einsfarga, mala overflate. Murane er innramma av ei profilert list i same farge som murflata.
Vi amatørar såg ingen teikn på at brannmurane opphaveleg kunne vere dekorerte. Før ein kyndig malarmeister kika på dei, og raskt konstaterte at i alle fall to av murane har dekor under fleire nyare malingslag :-) Fantastisk!

Prega stripe i muren – ein klar indikasjon på underliggande dekor

I det siste har det vore jobba med å avdekke dekoren. Og etter forsiktig skraping og bruk av malingsfjernar, viser det seg at murane har hatt ei mørk bord litt innanfor ytterkanten, og ornament i hjørna oppe. I tillegg har dei profilerte listene rundt muren hatt fleire fargar.

No skal murane førast tilbake til dei fargane og mønstra dei har hatt tidlegare, og eg gler meg stort til å sjå resultatet!

Detektivarbeidet har vore utført av særs dyktige malarmeister Kjell Arne Årseth, og han skal også rekonstruere dekoren. Årseth si heimeside finn de her:

Ein del av ornamentet er skrapa fram, i mørk maling på grågrøn botn



tirsdag 29. juli 2014

Skreddarsaum II

Slik kan panelbordet måtte delast når ein ny, rett vegg skal tilpassast den gamle, som ikkje er så rett… Tålmodigheit må til på slike prosjekt som dette :-)


tirsdag 15. juli 2014

Progresjon!

Dei to siste vekene har det skjedd mykje i Sarahuset, og no tek det til å bli litt meir synleg at ting går rett veg. Arbeidet med badet har kome godt i gang, og den nye gangen på loftet er snart på plass. God kjensle!

Arbeidet har ikkje vore heilt utan vidarverdigheiter. Blant anna viste det seg at golvet på badet  var så dårleg eit par plassar at det var reell fare for å trakke gjennom. Men no er golvet ordna, og rørleggarane har installert nytt røropplegg frå kjellaren, opp gjennom kjøkkenet og til badet på loftet. Dei to gamle døropningane til badet er tetta igjen, og ny inngang laga i endeveggen mot aust. Nytt golvbelegg er kome på plass og badet er klart for panel og maling.


Bilda av panel, porselen og lampe er henta frå nettet.


søndag 6. juli 2014

Skreddarsaum

I samband med rettinga av golva måtte det lagast ein ny bærebjelke og ein del nye bord til kjellartaket. Vakkert utført av Byggtrad/Kåre Løvoll, som også har retta opp golva, og som tidlegare sette i stand glasaltanen :-)

 Den nye delen av kjellartaket


Frå altanen

torsdag 3. juli 2014

Gamle golv - kor skeivt kan det bli??

Stovegolva i Sarahuset har vore eit kapittel for seg. Huset har sige mykje gjennom åra, mest ved pipene midt i huset. Når det blir 10-12 cm fall på dei 3,7 metrane det er frå yttervegg til motståande innervegg så er det veldig greitt når klinkekulene trillar utover, men det blir litt upraktisk å møblere, mildt sagt!

Å jekke opp huset vart grundig vurdert, men i samråd med fagfolk gikk eg bort frå dette. Det ville bli eit vanskeleg prosjekt med risiko for store skader på blant anna taket, og ein ville uansett ikkje klare å rette huset heilt opp.
Dei store skeivheitene er også ein del av huset si historie, og er no sånn sett bevart :-)

Golvborda er tatt av. Vi ser bærebjelkane og taket i etasjen under, og opprettinga er godt i gang.

Løysinga for stovene blei å ta opp golvborda, og bygge opp bærebjelkane slik at underlaget for golva vart i vater. Borda vart så reingjorde, reparerte ved å felle inn nytt treverk der dette var nødvendig,  og golvet lagt på nytt.

Her lærte eg ein ting: det er viktig å legge golvborda nedatt akkurat som dei låg tidlegare. Slitasjen frå små og store føter har nemleg laga "stiar" i treverket, og byter ein om på borda får golvet snublekantar. Greiast å unngå det!

Ferdig lagt golv
-   
      Før golvborda vart lagde vart golva isolerte, eit steg mot eit varmare liv i Sarahuset :-)