søndag 8. juni 2014

Møte med Else «Sprossa» Rønnevig :-D


Bilde frå Sprossa.no

Kjekk tur til Bjørke og Bakketunet i dag! Else Rønnevig heldt eit inspirerande foredrag og fortalde om arbeidet ho har gjort gjennom fleire tiår for å sette fokus på verdien av å ta vare på gamle hus. Denne dama har virkelig gått opp løypa for oss andre som er interesserte i å sette i stand slike hus!

Eg tilrår bøkene hennar på det sterkaste, det er masse å hente av konkrete råd og tips for den som vil gi seg ut på eit restaureringsprosjekt.

Ho har fått fleire utmerkingar for arbeidet sitt, og for kort tid sidan fikk ho tildelt Olavsrosa. Vel fortent!



Frå Bakketunet






torsdag 5. juni 2014

Det er ein første gong for alt,

og no har eg demontert røykkanalen på ein etasjeomn! Og det var lett! Delane er rett og slett stabla oppå kvarande, ikkje ein skrue. Men sot i MASSEVIS. Sjølve omnen skal også demonterast, håper det er like enkelt…

Omnen skal få flytte ned ein etasje, til stova under. Men først må han settast i stand. Eg satsar på å finne eit kurs der eg lærer det nødvendige slik at eg kan gjere det sjølv. Det skal ikkje vere så vanskeleg, men det gjeld nok å ikkje vere redd for å bli svart på fingrane :-)

Riksantikvaren slår fast at vedfyring er klimavennleg, og gamle etasjeomnar er like reintbrennande som moderne vedomnar når ein fyrer rett. Så eg ser fram til å kunne ta i bruk ein nyrestaurert omn med tid og stunder!

Her er grei info om bruk av gamle omnar til deg som er interessert:


Det er vakre detaljar på gamle støypejarnsomnar!
Omnen før demontering
Røykkanal klar for nedpakking


torsdag 8. mai 2014

Auga som ser

Jammen har folk ulike syn på gamle hus. Enkelte meiner at Sarahuset ikkje er noko å bruke pengar på og at huset bør jamnast med jorda. Andre syns det er veldig positivt at eg vil sette huset i stand. Der nokre kun ser mangel på isolasjon, sprukne ruter og mott-etne bjelkar, ser andre eit koselig hus, nokså merka av tidens tann, men med potensiale til på nytt å bli ein triveleg stad å bu.

Etter at eg blei eigar av huset gjorde eg ein grundig jobb med å sette meg inn i temaet «gamle hus».  Etter kvart forstod eg at noko av det viktigaste er å akseptere at gamle hus må få lov til å vere gamle. Har ein ønske om å bo i eit nytt hus må ein skaffe seg eit nytt, eit gammalt hus blir aldri nytt. Slår ein seg til ro med dette er det enklare å ha realistiske forventningar til kva ein kan få til med huset, og ein slepp å ergre seg over alt som er nærast umulig å få til.

Det er eit stykke fram til mål for slike prosjekt som dette. I ny og ne kan eg føle at eg druknar i støv, haugar av bygningsdelar og møblar på halv åtte, og rom så iskalde at ein faktisk må ut på trappa for å varme seg. Og tvilen kjem snikande om eg nokon gong EVER kjem til å bli ferdig. Då gjeld det å halde fokus på resultatet! Min måte å gjere dette på er å nytte alle høve til å pynte litt. Mange gonger no har eg ‘dandert’ kaffikroken på altanen, for så å måtte rydde alt bort igjen når handverkarane gjer sitt inntog. Det blir ein del ekstrajobb (og handverkarane undrar seg  :-)), men for meg hjelper det godt for å halde motivasjonen oppe. Det skal bli fint til slutt!

Eg er ganske flink til å sjå for meg det ferdige resultatet. Eg ser nemlig dette:

Slik skal veggen bli!
Når andre ser dette:

Skattejakt med nogo attåt :)

Og eg ser dette:

Utsikt frå badet

Når andre ser dette:
Arbeid, arbeid, arbeid

Godt at vi er forskjellige :-)

søndag 27. april 2014

Gamle golv – historiebok i særklasse

Gamle golv er eit spennande tema. Ein ting er utforming, og kva fargar og belegg som har vore brukte gjennom tidene. Like artig er spora etter livet som har vore levd i romma, slitasje etter store og små føter, etter skrubbing og vask, og spor etter møblar, fastbygd innreiing og kanskje veggar som seinare har blitt flytta. Og spor etter øksa, der denne har blitt brukt for å rette ut store ujamnheiter før ein har lagt belegg på tregolvet.
Det er fint å sjå gamle reparasjonar gjort med stor flid, der det tydeleg viser kva vekt det er lagt på å ta vare på det ein har, og kun skifte ut der det er nødvendig.

Golva i Sarahuset har vore dekka med diverse belegg, og det var med stor spenning eg starta på arbeidet med å bla meg nedover i desse. Håpet var jo å finne brukbare tregolv under alt som har kome til i ettertid, eventuelt linoleum eller andre golvbelegg som kunne vere verd å behalde.

Dei siste månadane har eg avdekka eitt og eitt golv, og under vinyl, linoleum, mala plater og vegg-til-vegg teppe har eg funne dei originale, mala tregolva. Stort sett i god stand, med til dels stor slitasje, og med ein del skader pga råte og mott. Men vakre! Breie, fine bord, og ikkje minst solide. Med over 35 mm tjukkelse er det fremdeles litt å gå på, bokstaveleg talt :-)

Golva i hovudetasjen er no reparerte. Dei er retta  opp, og skadde delar av golvborda er bytta ut (meir om dette seinare). Golva på loftet skal brukast som dei er.  Nedslitne dørstokkar og ujamne golvbord skal ikkje pussast ned, men får stå som dei er, med all sin sjarm og sjel :-).

Gammal reparasjon - godt utført!

Tydelege spor etter bruk

Fleire generasjonar fargar


mandag 14. april 2014

«Ny» pipe på plass

Gamle skorsteinar og brannmurar oppfyller gjerne ikkje dagens krav. Ikkje i dette tilfellet i alle fall :-) Løysinga for pipa blei å sette inn ny røykkanal  – og vips så var problemet løyst utan andre synlege endringar enn at uttaket for omnen måtte flyttast.
Gamle feieluker er ofte heller ikkje det beste når det gjeld branntryggleik. Men dei er gjerne mykje meir sjarmerande enn nye luker! Kjekke fagfolk monterte ny luke på innsida av den gamle, og dermed vart vi alle fornøgde!
Vedomnen skal monterast så snart veggar og golv har fått litt nødvendig overflatebehandling med tapet og maling – det er eit lite stykke fram enno  :-)

Stålrøret er på veg ned i pipa

fredag 4. april 2014

Skattejakt

Draumen for arbeidet med Sarahuset er å sette huset i stand på ein slik måte at oldemor Sara ville ha kjent seg igjen. Samtidig må det bli eit hus som er godt å leve i for oss som skal bo der i framtida. Sarahuset skal ikkje vere eit museum, men håpet er at fortida skal bli vakkert synleg i den nye utgåva av huset.
Det er artig å bla seg forsiktig bakover i tapetlag og fargelag, og avdekke huset si interiørhistorie. Og ikkje minst sjå om ein kan finne ting som kan takast fram i dagen på nytt.
For sjå kva som kan dukke opp: Når dørlistene vart tatt ned i det minste kjøkkenet vart ei lita stripe med mala tømmer avdekka. Etter litt nærare undersøking var det ingen tvil, veggplatene måtte ofrast. Ein flott tømmervegg med gråbrun maling kom til syne under dei litt anonyme platene. Til og med med spor etter gamle hyller! Gull!



Den som hadde hatt dei gamle hyllene som har hengt på veggen…