fredag 30. oktober 2015

Oss nerdar imellom - og heia England

Eg følgjer med på engelske seriar om husbygging, oppussing og restaurering, og det finns i sannheit mange eigedommar og prosjekt med wow-faktor.

Som før nemnt: det som verkelig gjer intrykk på meg er dei tilfella der ganske vanlege menneske – med stor interesse for bevaring – kastar seg ut i det og går laus på dei mest trøsteslause prosjekt.

Serien Drømmeprosjekt – innvendig (Grand design indoors 2001), har mange fine episodar frå både nyare og eldre bustader.
Den episoden som verkelig gjer meg varm om hjertet er Sharon og Tony si restaurering av eit georgiansk vrak av eit hus frå rundt år 1800 (episode 3, The Dilapidated Georgian House).

Illustrasjonbilde frå serien

«Ein må vere tru mot bygninga, det fortener den».

Denne uttalen oppsummerer det heile for meg. Eg blir heilt rørt når eg ser dei rote rundt i ein oskehaug, og plukke fram små bitar av det som har vore omramminga på ein peis i marmor. Som blir limt og sett i stand hos ein fagmann, så peisen til slutt står som eit smykke i rommet.

Møysommelig blir originale taklister leita fram under  tjukke lag av nyare maling. Dei er svært varsame i restaureringa og «klussar» så lite som mogleg med det som er, anna enn å fornye overflatene.
Ei beundringsverdig audmjukheit på vegne av huset.

Dette handlar også om økonomi, dess mindre ein endrar dess rimeligare vert det.
Og ein endar opp med eit hus som framleis har sin eigen identitet. Og er heilt unikt!

Ei rose til alle gamle-hus-entusiastar!

Eg er litt misunnelig på engelskmennene, som ser ut til å ha eit godt etablert apparat som dei kan gjere seg nytte av ved gjennomføring av restaureringsprosjekt.
Handverkarar av alle slag, som mestrar dei gamle teknikkane og måtane å gjere ting på. Rikhaldige arkiv, der ein kan kan finne opplysningar om historia til ulike bygningar. Butikkar som sel gamle bygningsdelar, senter med oversikt over bygningshistorie osb osb.

Kan vi klare å bli betre på dette her i landet også ??



onsdag 21. oktober 2015

Tida går

Det er virkelig stor stas når eg kjem over nye bilete av Sarahuset slik det ein gong var. Her er det siste eg har fått tilgang til, tatt på slutten av 1930-åra.

Vinterstemning anno dentid

Vi har lurt på kor gammal den store blodbøken i hagen er. På dette biletet er treet i alle fall i sin pure ungdom, om det i det heile tatt er bøken som står midt framfor huset.

Elles konstaterer eg at hagegjerdet gjerne har vore meir til nytte enn til pryd. Eit lite stykke frå moderne forestillingar om kvitmala stakitt dette her :-)

Granene til høgre på biletet vart hogde ned, i dag er det ingen spor att av dei. Utsikta frå loftet i den retninga er derfor upåklageleg slik ho er no, mot "dei gamle fjell i syningom".

Haustmorgon-stemning anno 2015
Mykje har endra seg for Sarahuset. Jorda er utbygd og vegar og trafikk har kome tett innpå.
Men fjella står som før :-)



torsdag 8. oktober 2015

Haust i hagen





Hagen tek til å førebu seg på haust og vinter. I år har blodbøken blomstra, det skjer med fleire års mellomrom. Då produserer treet nøtter (frø), med skal som blir veldig dekorative når dei opnar seg. Eg har samla ein heil masse, desse skal bli til kransar og anna pynt i løpet av vinteren.

Peonen har tatt på seg det raude skjørtet

Rosene blomstrar framleis. Eg kjøpte tre ulike Austin-roser for eit par år sidan. Dette er moderne roser, og derfor ikkje heilt det rette å plante i ein hage som skal tilbakeførast. Eg kosar meg over dei likevel. Ikkje tvil om at det er kjekt med roser som både har god, gammaldags roseduft og samstundes blomstrar sommaren igjennom. Men det neste eg kjøper til hagen blir nok meir autentisk.



Mary Rose og The Alnwick Rose


Lady of Shalott

Snøbærhekken og marikåpa er eit par av plantene som har vore i hagen lenge. Også fine på denne tida av året!







mandag 28. september 2015

Husbok

Etter kvart som arbeidet går framover, blir huset si historie avdekka litt etter litt. Eg har kikka bakover i tallause tapetlag og malingslag, funne ulike materialar på veggane og avdekka lag på lag med golvbelegg. Eg har prøvd å ikkje fjerne for mykje, slik at dokumentasjonen på historia framleis skal vere å finne i huset. Men golvbelegga har det vore vanskeleg å ta vare på. Desse har vore veldig slitne, og eg har derfor fjerna det meste for å få fram tregolva.

For å enkelt kunne sjå tilbake på materialane og fargane som har vore brukte gjennom tidene, har eg vore nøye med å ta vare på prøver av det som har blitt tatt bort. Dette samlar eg i ei husbok, som skal bli ei slags historiebok for huset.
I tillegg har eg vore flittig med å fotografere, og slik dokumentert det som har skjedd i prosessen.

Else Sprossa Rønnevig har laga eit forslag til oppbygging av ei slik husbok:

Avsnitt 1: Eigar mm
Avsnitt 2: Historia til huset
Avsnitt 3: Teikningar
Avsnitt 4: Maling utvendig
Avsnitt 5: Maling innvendig
Avsnitt 6: Tapetar
Avsnitt 7: Eksteriør- og interiørdokumentasjon
Avsnitt 8: Forsikringar
Avsnitt 9: VVS-installasjonar
Avsnitt 10: Hagen
Avsnitt 11: Andre merknader

Eg gjer dette først og fremst for å kunne bla tilbake og sjå korleis ting har vore, og i tillegg ha ei huskeliste over det eg sjølv har gjort. Greitt å kunne slå opp seinare og finne opplysningar om metodar, fargekodar, leverandørar og liknande frå «min» periode. Og forhåpentleg kan husboka også vere til glede for seinare eigarar av Sarahuset.

Ein del av "arkivet" mitt, som skal inn i husboka. Eg har litt meir kontroll enn det kanskje ser ut for...

PS. Eg les på Wikipedia at det norrøne ordet bok tyder ei samanbinding av fleire blad av papir, pergament eller anna egna materiale. Materialet er føya saman langs ei side, ryggen, og som regel innbunde i eit meir robust materiale.

I mitt tilfelle vert nok boka ein traust A4 ringperm, med plastlommer og annan praktisk innmat. Men men, i dette tilfelle får det vere mest fokus på funksjon.



søndag 13. september 2015

Hagerestaurering? Ja visst!

Eg har lært ein masse sidan den dagen eg bestemte meg for å ta på meg arbeidet med Sarahuset. Fram til no har eg  konsentrert meg om huset, og lærlingskurven har vore bratt. 
Men hagen er jo også ein del av dette prosjektet. Og om eg hadde lite peiling på å sette i stand eit gammalt hus, så hadde eg ikkje ein gong tenkt tanken på at ein hage også kan restaurerast. Eg hugsar aha-opplevinga når eg leste i Else Sprossa Rønnevig si bok Gamle hus:

«En gammel hage er et kulturminne på linje med et hus. Når hus og hage er anlagt samtidig, utgjør de en stilmessig og kulturhistorisk helhet. Selv om hagen er overgrodd og forfallen, kan det være mye å ta vare på. Ikke sjelden overlever hagen huset! Så lenge hagen ligger urørt, kan den berette sin historie og har sjelen i behold.
Vent minst ett år etter innflytting før du gjør noe med hagen.
Bruk venteåret til å finne ut hva hagen inneholder.»

Sjølvsagt! Logisk, eigentleg. Men som sagt, ein heilt ny tanke for meg for få år sidan. Eg hadde ikkje reflektert over hagen i det heile, men hadde ein vag framtids-tanke om kvitt stakittgjerde og mange rosebed.

Nyplanta David Austin-rose

Hagen er i dag svært redusert i omfang og innhald i forhold til det som var. Tuntreet står framleis, ein kjempestor blodbøk. Elles tenkte eg i utgangspunktet at hagen var eit blankt ark, fordi alt av buskar og blomster var borte. Den einaste planta i hagen som eg hadde lagt merke til, var ein einsleg peon som blomstra med eit par djupraude blomster kvar sommar.

Det er interessant kor annleis blikk ein får for ting etter at ein har fått betre kunnskap på området. Etter at eg hadde lese meg opp litt, og forstått at det gjaldt å ha opne auge i hagen gjennom året, «dukka det opp» fleire ulike staudar gøymt langs hagegjerdet, og eg forstod plutselig at dei stusselige hekkbuskane mot elva faktisk kunne vere verd å ta vare på.

Riksantikvaren har eit eige informasjonsark om gamle hagar. Sjølv om det handlar mykje om større hagar, så er det interessant også for oss som har små areal å ta vare på.


Riksantikvaren seier som Sprossa:
- De plantene som har overlevd i en gammel hage, er vel verd å ta vare på.
- Skynd deg langsomt!


For ein gammalt-hus-eigar er det umulig å få gjort alt på ein gong, så ein får ta ting pø om pø. Så langt har eg prøvd å ta vare på det som er i hagen, og samstundes lage meg ein plan over korleis hagen skal bli.
Til sommaren får eg forhåpentleg starta arbeidet for alvor.
Sara-hage skal det bli!

Martagon-lilje






søndag 23. august 2015

Pirkesting og andre pirke-ting

Eg er ein stor beundrar av det formødrene våre presterte, blant anna på handarbeidsfronten. Kvinnearbeidet har vore altfor lite verdsett, og fått altfor lite merksemd!


Er ein heldig kan ein kome over dei nydelegaste handarbeid. Broderi med pittesmå sting, heklearbeid av tynn, tynn tråd og nydelige heimevevde stoff. Går vi eit stykke tilbake i tid laga dei jo alt dei trengde, enten det var klede, sengetøy, handdukar eller gardiner og andre pynte-tekstilar. Gode tekstilar i naturmaterialar, gjerne pynta med broderi, monogram eller hekleborder.


Nokon av oss som i det heile tatt har tenkt tanken på å brodere monogram på koppe-handdukane? For ikkje å snakke om å veve stoffet til handdukane først?


For min del sukkar eg når det står «kjevle tynt ut» når eg skal bake, eller «strikkepinnar nr 2,5» i strikkeoppskrifta. Og pirkestinga frå handarbeidstimane i 5. klasse har eg friskt i minne. Det var dette tålmodet.... Derfor syns eg det er fantastisk – og tankevekkande – å sjå kva formødrene våre har prestert.

Dessverre går mange av desse tinga tapt. Mykje blir utslite, og tekstilar har også avgrensa varigheit. Spesielt tærer sollyset på stoff og tråd. Og mykje vert hive fordi det rett og slett ikkje vert verdsett.
Så sjå nøye på det du kjem over, før du kastar det flittige hender har gjort seg stor møye med!



Eg saknar forresten ein generell rettleiar når det gjeld reingjering og ivaretaking av eldre tekstilar. Maskinvask og sentrifugering er ikkje vegen å gå.
Men kva er rette behandlinga av gamle, flekkete lampeskjermar av stoff? Eller av brodert sengetøy som har gulna? Nokon som veit om det finns noko skriftleg om dette?




onsdag 12. august 2015

Gode minne - og gode råd

Bestemor sine gamle kakeformer vekkjer gode minne. Ho laga supre sandkaker!


Den gamle kokeboka hennar inneheld både middagsmenyar for kvar dag i året, og gode råd. Sjå berre her kva som var viktig å tenkje på for husmora anno 1919:




Og det var tydeleg ikkje for alle å kunne lage sukra rips. For kva skulle du gjere om du ikkje hadde rette gaffelen??


Godt at verda har endra seg litt, hehe.