søndag 13. september 2015

Hagerestaurering? Ja visst!

Eg har lært ein masse sidan den dagen eg bestemte meg for å ta på meg arbeidet med Sarahuset. Fram til no har eg  konsentrert meg om huset, og lærlingskurven har vore bratt. 
Men hagen er jo også ein del av dette prosjektet. Og om eg hadde lite peiling på å sette i stand eit gammalt hus, så hadde eg ikkje ein gong tenkt tanken på at ein hage også kan restaurerast. Eg hugsar aha-opplevinga når eg leste i Else Sprossa Rønnevig si bok Gamle hus:

«En gammel hage er et kulturminne på linje med et hus. Når hus og hage er anlagt samtidig, utgjør de en stilmessig og kulturhistorisk helhet. Selv om hagen er overgrodd og forfallen, kan det være mye å ta vare på. Ikke sjelden overlever hagen huset! Så lenge hagen ligger urørt, kan den berette sin historie og har sjelen i behold.
Vent minst ett år etter innflytting før du gjør noe med hagen.
Bruk venteåret til å finne ut hva hagen inneholder.»

Sjølvsagt! Logisk, eigentleg. Men som sagt, ein heilt ny tanke for meg for få år sidan. Eg hadde ikkje reflektert over hagen i det heile, men hadde ein vag framtids-tanke om kvitt stakittgjerde og mange rosebed.

Nyplanta David Austin-rose

Hagen er i dag svært redusert i omfang og innhald i forhold til det som var. Tuntreet står framleis, ein kjempestor blodbøk. Elles tenkte eg i utgangspunktet at hagen var eit blankt ark, fordi alt av buskar og blomster var borte. Den einaste planta i hagen som eg hadde lagt merke til, var ein einsleg peon som blomstra med eit par djupraude blomster kvar sommar.

Det er interessant kor annleis blikk ein får for ting etter at ein har fått betre kunnskap på området. Etter at eg hadde lese meg opp litt, og forstått at det gjaldt å ha opne auge i hagen gjennom året, «dukka det opp» fleire ulike staudar gøymt langs hagegjerdet, og eg forstod plutselig at dei stusselige hekkbuskane mot elva faktisk kunne vere verd å ta vare på.

Riksantikvaren har eit eige informasjonsark om gamle hagar. Sjølv om det handlar mykje om større hagar, så er det interessant også for oss som har små areal å ta vare på.


Riksantikvaren seier som Sprossa:
- De plantene som har overlevd i en gammel hage, er vel verd å ta vare på.
- Skynd deg langsomt!


For ein gammalt-hus-eigar er det umulig å få gjort alt på ein gong, så ein får ta ting pø om pø. Så langt har eg prøvd å ta vare på det som er i hagen, og samstundes lage meg ein plan over korleis hagen skal bli.
Til sommaren får eg forhåpentleg starta arbeidet for alvor.
Sara-hage skal det bli!

Martagon-lilje






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.