mandag 28. september 2015

Husbok

Etter kvart som arbeidet går framover, blir huset si historie avdekka litt etter litt. Eg har kikka bakover i tallause tapetlag og malingslag, funne ulike materialar på veggane og avdekka lag på lag med golvbelegg. Eg har prøvd å ikkje fjerne for mykje, slik at dokumentasjonen på historia framleis skal vere å finne i huset. Men golvbelegga har det vore vanskeleg å ta vare på. Desse har vore veldig slitne, og eg har derfor fjerna det meste for å få fram tregolva.

For å enkelt kunne sjå tilbake på materialane og fargane som har vore brukte gjennom tidene, har eg vore nøye med å ta vare på prøver av det som har blitt tatt bort. Dette samlar eg i ei husbok, som skal bli ei slags historiebok for huset.
I tillegg har eg vore flittig med å fotografere, og slik dokumentert det som har skjedd i prosessen.

Else Sprossa Rønnevig har laga eit forslag til oppbygging av ei slik husbok:

Avsnitt 1: Eigar mm
Avsnitt 2: Historia til huset
Avsnitt 3: Teikningar
Avsnitt 4: Maling utvendig
Avsnitt 5: Maling innvendig
Avsnitt 6: Tapetar
Avsnitt 7: Eksteriør- og interiørdokumentasjon
Avsnitt 8: Forsikringar
Avsnitt 9: VVS-installasjonar
Avsnitt 10: Hagen
Avsnitt 11: Andre merknader

Eg gjer dette først og fremst for å kunne bla tilbake og sjå korleis ting har vore, og i tillegg ha ei huskeliste over det eg sjølv har gjort. Greitt å kunne slå opp seinare og finne opplysningar om metodar, fargekodar, leverandørar og liknande frå «min» periode. Og forhåpentleg kan husboka også vere til glede for seinare eigarar av Sarahuset.

Ein del av "arkivet" mitt, som skal inn i husboka. Eg har litt meir kontroll enn det kanskje ser ut for...

PS. Eg les på Wikipedia at det norrøne ordet bok tyder ei samanbinding av fleire blad av papir, pergament eller anna egna materiale. Materialet er føya saman langs ei side, ryggen, og som regel innbunde i eit meir robust materiale.

I mitt tilfelle vert nok boka ein traust A4 ringperm, med plastlommer og annan praktisk innmat. Men men, i dette tilfelle får det vere mest fokus på funksjon.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.