søndag 23. august 2015

Pirkesting og andre pirke-ting

Eg er ein stor beundrar av det formødrene våre presterte, blant anna på handarbeidsfronten. Kvinnearbeidet har vore altfor lite verdsett, og fått altfor lite merksemd!


Er ein heldig kan ein kome over dei nydelegaste handarbeid. Broderi med pittesmå sting, heklearbeid av tynn, tynn tråd og nydelige heimevevde stoff. Går vi eit stykke tilbake i tid laga dei jo alt dei trengde, enten det var klede, sengetøy, handdukar eller gardiner og andre pynte-tekstilar. Gode tekstilar i naturmaterialar, gjerne pynta med broderi, monogram eller hekleborder.


Nokon av oss som i det heile tatt har tenkt tanken på å brodere monogram på koppe-handdukane? For ikkje å snakke om å veve stoffet til handdukane først?


For min del sukkar eg når det står «kjevle tynt ut» når eg skal bake, eller «strikkepinnar nr 2,5» i strikkeoppskrifta. Og pirkestinga frå handarbeidstimane i 5. klasse har eg friskt i minne. Det var dette tålmodet.... Derfor syns eg det er fantastisk – og tankevekkande – å sjå kva formødrene våre har prestert.

Dessverre går mange av desse tinga tapt. Mykje blir utslite, og tekstilar har også avgrensa varigheit. Spesielt tærer sollyset på stoff og tråd. Og mykje vert hive fordi det rett og slett ikkje vert verdsett.
Så sjå nøye på det du kjem over, før du kastar det flittige hender har gjort seg stor møye med!



Eg saknar forresten ein generell rettleiar når det gjeld reingjering og ivaretaking av eldre tekstilar. Maskinvask og sentrifugering er ikkje vegen å gå.
Men kva er rette behandlinga av gamle, flekkete lampeskjermar av stoff? Eller av brodert sengetøy som har gulna? Nokon som veit om det finns noko skriftleg om dette?




3 kommentarer:

  1. Anonym22:16

    Hei!
    For en fin blogg du har! Hyggelig lesing for meg som har et 100 år gammelt hus jeg restaurerer sakte. Lev landlig hadde en artikkel om stell av gamle tekstiler for ikke så veldig lenge siden. I tillegg har jeg funnet en hel del på denne bloggen: https://mittuniversum.wordpress.com/
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggelig tilbakemelding på bloggen, og for tips om stell av tekstilar! Veldig trivelig å høyre frå andre som også held på med slike prosjekt :-D

      Slett
    2. Takk for hyggelig tilbakemelding på bloggen, og for tips om stell av tekstilar! Veldig trivelig å høyre frå andre som også held på med slike prosjekt :-D

      Slett

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.