onsdag 6. mai 2015

…og eitt steg tilbake…


Ikkje alt går heilt etter planen, nei. For eksempel når fruen skal blande seg fram til den fine grålilla fargen som er den opphavelege fargen på tømmerveggane i det som no er blitt «fuglerommet», og endar opp med ein mystisk supperosa farge i staden for.

Det var ikkje det at eg ikkje visste det, men heretter hugsar eg det kanskje også: når ein testar ut malingsfargar er det VIKTIG å prøve på eit prøvestykke som er grunna. Eller at ein malar i alle fall to strøk for å sjå korleis fargen blir. Linoljemaling trekkjer godt inn i treverk, og fargen kan bli veldig misvisande etter berre eitt strøk. Så det som såg ut som grålilla i starten, enda altså opp som heilt feil rosa, hehe.


Grålilla til venstre, supperosa til høgre


Og har ein hovudet under armen når ein malar tak på slutten av dagen blir det heller ikkje bra!
Var nøgd med mitt nymala kjøkkentak, heilt til ein solid «heilagdag» openberra seg i sollyset eit par veker seinare. 

Når eg malar større flater stryk eg malinga på med malerull, for så å stryke etter med fordrivar. Malerull er sjølvsagt "juks", på 1800-talet var det pensel som gjaldt, og penselstrøka skal vise i malinga. Den mala flata blir heilt annleis dersom ein brukar rull.

Det er derfor viktig å vere nøye med fordrivaren etter at rullen har vore i bruk. Og når ein så gløymer nettopp dette...avslørt!



Slik skal det vere...


...ikkje slik...


Det nyttar ikkje å berre bruke penselen over i eit nytt strøk heller, rullen lagar nuppar som ikkje let seg dekke. Så her er det berre ein ting å gjere, slipe ned det verste, og male på nytt.
Godt at det berre dreiar seg om ein halv m2 eller så!
:-D



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.