tirsdag 12. mai 2015

Nye steg framover

Rom nummer to er tapetsert.  Tapet er motivasjon på rull, rett og slett. Eg blir GLAD av ferdige veggar :-)

Denne gongen er det stova i den austlege enden av huset som har fått tapet. Stova er naborommet til «fuglerommet», som tidlegare var eit lite kjøkken. Døra mellom romma er tatt bort, og erstatta med ei større opning i veggen, slik at romma blir meir ein heilskap. Det blir spiseplass i den eine delen og opphaldsrom i den andre.

Romma ligg mot aust, og har vindauge i tre himmelretningar. Det er blitt eit lyst og triveleg areal der morgon- og føremiddagssola fløymer igjennom. Her skal det blir godt å opphalde seg.

Sjølv om romma ikkje er store, har eg drista meg til både ulike tapetar og ulike fargar på veggane. Det er ikkje 100% i tilbakeføringa si ånd, i Sara si tid hadde nok alle fire veggar i eit rom lik tapet eller maling.

Grunnen til eksperimenteringa er at eit par av dei gamle veggane er så utruleg fine.
I denne stova fann eg ein gammal, veldig mørk tapet som eg håpa eg kunne få fram i lyset og bruke vidare. Tapetet er det tredje av fem tapetlag i dette rommet. Eg håpa eg kunne klare å ta av dei to ytste tapetlaga, og dermed få den mørke tapeten fram på nytt. Dette gikk fint på ein vegg, men det let seg dessverre ikkje gjere på alle, dei ytste laga var for godt limte.
Etter å ha leita på internett etter ein tilsvarande mørk tapet utan hell, valde eg derfor å la den eine mørke veggen stå, og tapetserte dei andre på nytt med ein heilt lys tapet.

Tilsvarande var dei gamle grålilla tømmerveggane på «fuglerommet» for vakre til å bli dekte med plater på nytt, så der er det to tømmerveggar og to tapetserte veggar.

Litt av resultatet så langt

Dei lyse partia på den mørke tapeten er utanpåliggande tapet som eg ikkje har fått tid til å fjerne enno. Med tålmodigheit og fuktig klut skal dette gå bra.


Det skal bli fint å snart få møblert permanent 

Det nye tapetet er frå Borås. Ein litt enklare tapet å bruke på skakke veggar enn det fugletapetet var, sjølv om eg nok ein gong fikk stadfesta at eg er ein ustoppeleg tidsoptimist :-D


Den observante vil finne fuglar også i dette tapetet :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.