mandag 23. november 2015

Ta godt vare på spor-skruen!


Ein sjeldan gong har eg vore innom tanken på at no skal eg absolutt ikkje halde på med restaurering lenger.

I fleire av desse tilfella har det vore ein gammal skrue eller ein klippspikar involvert.
Ein rusten spor-skrue som skal fjernast kan drive frustrasjonen til dei store høgder. Dei kan sitte noko heilt utruleg fast, og er dei rusta nok øydelegg ein gjerne sporet i iveren etter å få skrudd dei ut.

Så hurra for Bygg og Bevar sin artikkel om skruar, som også inneheld gode råd for nettopp å få løyst dei gamle og gjenstridige!
Sjå linken

Handtak på kjøkkenskuffe. Tanken var å prøve å reingjere handtaket, men desse skruane viste seg å vere av den gjenstridige sorten...

Eg er veldig einig i at ein skal tenke gjennom kva skruar ein brukar på synlege stader i gamle hus.
Spor-skruar er tingen!
Det ser jo litt rart ut med stjerneskruar i dørhengsler eller i møblar når det er snakk om eit restaureringsprosjekt, eller?

Blir litt snodig med ein moderne skrue her

Men spor-skruar er ikkje heilt enkle å få fatt i lenger, så har du slike skruar i kjellaren så ikkje kast dei! Treng du dei ikkje sjølv, så gi dei til ein gamle hus-entusiast.

Sjølv var eg så heldig å finne ei mengde med gamle spor-skruar i ei bod.
I sommar brukte eg timesvis på å sortere dei. Eg var litt flau der eg heldt på, det var tusen ting eg skulle gjere i Sarahuset og det kjentes ikkje heilt ok å prioritere tida til dette.
Men systematikaren i meg vann…
Og no kan eg endelig kome ut av «skrue-skapet», Bygg og bevar seier nemlig at det er galskap å la vere :-D

Dørhengsle med originale skruar



søndag 15. november 2015

Godt sagt

Generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola H. Fjeldheim, skriv om haldningar til gamle hus i siste nummer av magasinet Norske Hjem (6/2015):

Hvordan forholder vi oss til gamle hus – til vår egen historie? Som noe rart, et besøk fra Mars? Eller som en del av oss, som en del av vegen fra den gang og til evigheten og forbi? Jeg tror på kontinuitet, jeg tror på at moderne samfunn forholder seg til sin historie som en del av seg selv.
Gjennom årene har jeg besøkt mange hus med historier, mange flotte bygg og anlegg. De mest spennende er alltid dem hvor eierne omgås huset og historien som noe hverdagslig. Med respekt for historien, men som noe man er en del av.




søndag 8. november 2015

Lys må ein ha

Belysning syns eg  er eit litt vanskeleg kapittel. Det er greitt nok med lampar som ser gammaldagse ut, men eg har stort fokus på funksjon, og vil gjerne ha belysning som fungerer godt til alle daglege aktivitetar.
Takbelysninga er stort sett på plass (sidan eg kjøper lysekroner og lampettar i «bulk», hehe), men det er nødvendig med litt meir lys for å kome seg gjennom ei vestnorsk mørketid. Sannsynlegvis endar eg opp med ei blanding av lampar eg syns passar inn, og ein og annan «usynleg», moderne spot.


Ein lampe eg ikkje er i tvil om er rett for Sarahuset, er denne. Ein kjekk kollega spurde om eg var interessert i ta over lampen som ho ikkje hadde plass til lenger. Gjett om eg var! Ein slik smijarnslampe har stått på ønskelista mi ei god stund, og eg ønskjer meg ein til kvar stove.
Desse lampane gjer mykje av seg og er derfor nesten som eit møbel i eit lite rom, men lagar ein utruleg triveleg atmosfære.
Historia til lampen fikk eg også med, og det er alltid kjekt!

Ein fordel med desse lampane er at det er enkelt å skifte det elektriske, dersom det er nødvendig. Eg har kjøpt ny pærehaldar og leidning hos ein elektrikar, og monterer sjølv.

Lampeskjermen var trekt med eit relativt moderne stoff som ikkje passa heilt inn blant mine «forhistoriske» tapetar, så eg sette ein ekspert på saka. Mitt moderlige opphav er ein racer på mange slags handarbeid, også lampeskjermar. Ho trekte om skjermen, og fin blei han!




fredag 30. oktober 2015

Oss nerdar imellom - og heia England

Eg følgjer med på engelske seriar om husbygging, oppussing og restaurering, og det finns i sannheit mange eigedommar og prosjekt med wow-faktor.

Som før nemnt: det som verkelig gjer intrykk på meg er dei tilfella der ganske vanlege menneske – med stor interesse for bevaring – kastar seg ut i det og går laus på dei mest trøsteslause prosjekt.

Serien Drømmeprosjekt – innvendig (Grand design indoors 2001), har mange fine episodar frå både nyare og eldre bustader.
Den episoden som verkelig gjer meg varm om hjertet er Sharon og Tony si restaurering av eit georgiansk vrak av eit hus frå rundt år 1800 (episode 3, The Dilapidated Georgian House).

Illustrasjonbilde frå serien

«Ein må vere tru mot bygninga, det fortener den».

Denne uttalen oppsummerer det heile for meg. Eg blir heilt rørt når eg ser dei rote rundt i ein oskehaug, og plukke fram små bitar av det som har vore omramminga på ein peis i marmor. Som blir limt og sett i stand hos ein fagmann, så peisen til slutt står som eit smykke i rommet.

Møysommelig blir originale taklister leita fram under  tjukke lag av nyare maling. Dei er svært varsame i restaureringa og «klussar» så lite som mogleg med det som er, anna enn å fornye overflatene.
Ei beundringsverdig audmjukheit på vegne av huset.

Dette handlar også om økonomi, dess mindre ein endrar dess rimeligare vert det.
Og ein endar opp med eit hus som framleis har sin eigen identitet. Og er heilt unikt!

Ei rose til alle gamle-hus-entusiastar!

Eg er litt misunnelig på engelskmennene, som ser ut til å ha eit godt etablert apparat som dei kan gjere seg nytte av ved gjennomføring av restaureringsprosjekt.
Handverkarar av alle slag, som mestrar dei gamle teknikkane og måtane å gjere ting på. Rikhaldige arkiv, der ein kan kan finne opplysningar om historia til ulike bygningar. Butikkar som sel gamle bygningsdelar, senter med oversikt over bygningshistorie osb osb.

Kan vi klare å bli betre på dette her i landet også ??



onsdag 21. oktober 2015

Tida går

Det er virkelig stor stas når eg kjem over nye bilete av Sarahuset slik det ein gong var. Her er det siste eg har fått tilgang til, tatt på slutten av 1930-åra.

Vinterstemning anno dentid

Vi har lurt på kor gammal den store blodbøken i hagen er. På dette biletet er treet i alle fall i sin pure ungdom, om det i det heile tatt er bøken som står midt framfor huset.

Elles konstaterer eg at hagegjerdet gjerne har vore meir til nytte enn til pryd. Eit lite stykke frå moderne forestillingar om kvitmala stakitt dette her :-)

Granene til høgre på biletet vart hogde ned, i dag er det ingen spor att av dei. Utsikta frå loftet i den retninga er derfor upåklageleg slik ho er no, mot "dei gamle fjell i syningom".

Haustmorgon-stemning anno 2015
Mykje har endra seg for Sarahuset. Jorda er utbygd og vegar og trafikk har kome tett innpå.
Men fjella står som før :-)



torsdag 8. oktober 2015

Haust i hagen





Hagen tek til å førebu seg på haust og vinter. I år har blodbøken blomstra, det skjer med fleire års mellomrom. Då produserer treet nøtter (frø), med skal som blir veldig dekorative når dei opnar seg. Eg har samla ein heil masse, desse skal bli til kransar og anna pynt i løpet av vinteren.

Peonen har tatt på seg det raude skjørtet

Rosene blomstrar framleis. Eg kjøpte tre ulike Austin-roser for eit par år sidan. Dette er moderne roser, og derfor ikkje heilt det rette å plante i ein hage som skal tilbakeførast. Eg kosar meg over dei likevel. Ikkje tvil om at det er kjekt med roser som både har god, gammaldags roseduft og samstundes blomstrar sommaren igjennom. Men det neste eg kjøper til hagen blir nok meir autentisk.



Mary Rose og The Alnwick Rose


Lady of Shalott

Snøbærhekken og marikåpa er eit par av plantene som har vore i hagen lenge. Også fine på denne tida av året!







mandag 28. september 2015

Husbok

Etter kvart som arbeidet går framover, blir huset si historie avdekka litt etter litt. Eg har kikka bakover i tallause tapetlag og malingslag, funne ulike materialar på veggane og avdekka lag på lag med golvbelegg. Eg har prøvd å ikkje fjerne for mykje, slik at dokumentasjonen på historia framleis skal vere å finne i huset. Men golvbelegga har det vore vanskeleg å ta vare på. Desse har vore veldig slitne, og eg har derfor fjerna det meste for å få fram tregolva.

For å enkelt kunne sjå tilbake på materialane og fargane som har vore brukte gjennom tidene, har eg vore nøye med å ta vare på prøver av det som har blitt tatt bort. Dette samlar eg i ei husbok, som skal bli ei slags historiebok for huset.
I tillegg har eg vore flittig med å fotografere, og slik dokumentert det som har skjedd i prosessen.

Else Sprossa Rønnevig har laga eit forslag til oppbygging av ei slik husbok:

Avsnitt 1: Eigar mm
Avsnitt 2: Historia til huset
Avsnitt 3: Teikningar
Avsnitt 4: Maling utvendig
Avsnitt 5: Maling innvendig
Avsnitt 6: Tapetar
Avsnitt 7: Eksteriør- og interiørdokumentasjon
Avsnitt 8: Forsikringar
Avsnitt 9: VVS-installasjonar
Avsnitt 10: Hagen
Avsnitt 11: Andre merknader

Eg gjer dette først og fremst for å kunne bla tilbake og sjå korleis ting har vore, og i tillegg ha ei huskeliste over det eg sjølv har gjort. Greitt å kunne slå opp seinare og finne opplysningar om metodar, fargekodar, leverandørar og liknande frå «min» periode. Og forhåpentleg kan husboka også vere til glede for seinare eigarar av Sarahuset.

Ein del av "arkivet" mitt, som skal inn i husboka. Eg har litt meir kontroll enn det kanskje ser ut for...

PS. Eg les på Wikipedia at det norrøne ordet bok tyder ei samanbinding av fleire blad av papir, pergament eller anna egna materiale. Materialet er føya saman langs ei side, ryggen, og som regel innbunde i eit meir robust materiale.

I mitt tilfelle vert nok boka ein traust A4 ringperm, med plastlommer og annan praktisk innmat. Men men, i dette tilfelle får det vere mest fokus på funksjon.