Belysning syns eg er eit litt vanskeleg kapittel. Det er greitt nok med lampar som ser gammaldagse ut, men eg har stort fokus på funksjon, og vil gjerne ha belysning som fungerer godt til alle daglege aktivitetar.
Takbelysninga er stort sett på plass (sidan eg kjøper lysekroner og lampettar i «bulk», hehe), men det er nødvendig med litt meir lys for å kome seg gjennom ei vestnorsk mørketid. Sannsynlegvis endar eg opp med ei blanding av lampar eg syns passar inn, og ein og annan «usynleg», moderne spot.
Ein lampe eg ikkje er i tvil om er rett for Sarahuset,
er denne. Ein kjekk kollega spurde om eg var interessert i ta over lampen som
ho ikkje hadde plass til lenger. Gjett om eg var! Ein slik smijarnslampe har
stått på ønskelista mi ei god stund, og eg ønskjer meg ein til kvar stove.
Desse lampane gjer mykje av seg og er derfor nesten som eit møbel i eit lite
rom, men lagar ein utruleg triveleg atmosfære.
Historia til lampen fikk eg også med, og det er alltid kjekt!
Ein fordel med desse lampane er at det er enkelt å
skifte det elektriske, dersom det er nødvendig. Eg har kjøpt ny pærehaldar og leidning
hos ein elektrikar, og monterer sjølv.
Lampeskjermen var trekt med eit relativt moderne stoff
som ikkje passa heilt inn blant mine «forhistoriske» tapetar, så eg sette ein
ekspert på saka. Mitt moderlige opphav er ein racer på mange slags handarbeid, også
lampeskjermar. Ho trekte om skjermen, og fin blei han!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.
Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:
1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.