mandag 10. oktober 2016

Korleis bli kjend med eit hus

Byggogbevar.no har lagt ut ein fin artikkel skriven av Ola H. Fjeldheim: Tilnærmelser til et hus.

"Det første møtet, og de første famlende stegene på vegen til å bli kjent med et hus. Hva er det som er positivt med huset? Hvilke historier forteller det. Og ikke minst er det viktig å spørre seg hva ved huset som er bærer av kvaliteten og historien."

Heile artikkelen, med fire "øvingar" for å bli kjend med huset, finn du her:

Og merk rådet til slutt i artikkelen:
Kos deg!




onsdag 21. september 2016

Kulturminneplanar

Ørsta skal få sin første kulturminneplan, i forlenginga av Møre og Romsdal fylkeskommune sin regionale kulturminneplan.

I følgje planprogrammet vil Kommunedelplan for kulturminne og -miljø vil vere eit viktig verktøy for lokal forvalting, og vil auke kunnskapen og merksemda om kulturminne og kulturmiljø i kommunen. Føremålet med planen er å gi oversikt, og å identifisere kulturminne av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida.
Ein kulturminneplan er i følgje kommunen viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald, restaurering og formidling av kulturminne og -miljø. Og eigarar av kulturminne kan gjennom ein kulturminneplan få betre føreseielegheit med omsyn til bruk og vedlikehald.

Å auke bevisstheita om kva som er verd å ta vare på, syns eg er viktig. Då veit ein i alle fall kva ein eventuelt vel bort.

At kommunen kan bidra og vere til hjelp for dei som sit med kulturminne syns eg også er viktig. I min famlande start med prosessen med Sarahuset hadde eg ein god dialog med fylkeskonservatoren. Hadde kommunen kunna bidra på tilsvarande vis hadde det vore ypperlig.

Kyrkjegata i tidlegare tid. Sarahuset nede i venstre hjørne.
Biletet er frå boka "Eit gatemiljø vert til - Kyrkjegata i Ørsta"

Sarahuset er ikkje eit kulturminne i seg sjølv, men er ein del av det gamle, tettbygde trehusmiljøet i området Kyrkjegata, Garvargata og Austlidvegen. I den regionale planen er området definert som kulturmiljø, og kommunen har regulert området til bevaring.

For meg har det vore uklart kva kommunen eigentleg vil med miljøet i Kyrkjegata. Så langt har det ikkje vore teke særlege omsyn til at det er snakk om gammal bygningsmasse som krev omtanke på ymse vis.
Kanskje vil dette no bli tydelegare?

Høyringsutkastet til kulturminneplanen skal vere ferdig mot slutten av dette året. Eg vonar at det blir eit spennande resultat, som kan virke positivt for oss som lever med kulturminna til dagleg.

For deg som er spesielt interessert kan du finne den fylkeskommunale kulturminneplanen her:

Og informasjon om arbeidet med den lokale planen for Ørsta:



onsdag 10. august 2016

Pause

Naboen hadde rabarbra til overs, og heldige meg fikk ein god haug.

Enkelte kvileskjer må ein ha sjølv om arbeidslista er lang, og ein rabarbrapai er ikkje å forakte. I utgangspunktet laga etter god, gammaldags oppskrift, men tilført litt ekstra «snop» i form av søt og god smuldre-topping.
Skikkelig sommardessert.

Rabarbraen er ein svært gammal og hardfør matplante, og blir sjølvsagt ein del av den framtidige Sarahagen:-)





tirsdag 2. august 2016

Heia oss!

Sjølv om det er mykje informasjon å finne i form av litteratur og nettsider for oss i glad-i-gamle-hus-klubben, er det ingenting som er så kjekt som å møte andre som er i same situasjon. 

Ein kan føle seg litt aleine i blant når ein driv med bygningsvern, vi er litt på sida av vanlege husbyggjarar og opp-pussarar. Kan ein bli kjend med andre og få eit lite nettverk så er det verdifullt.
Det kan vere veldig ulike hus og prosjekt, og alle vel sine eigne måtar å gjere ting å, men det er likevel masse å lære av kvarandre, og veldig artig å møte andre vølings-nerdar. 

Mange av oss famlar og leitar litt etter «rette» framgangsmåten, og har prøvd å få oversikta over kva som eigentleg må gjerast og ikkje minst få ein slags kontroll på kva dette vil kreve i form av tid og pengar.
Då er det kjekt å kunne dele erfaringar med kvarandre, og utveksle synspunkt på kva ein vil gjere med veggar og golv. Plutseleg ser ein kanskje med litt andre auge på det ein sjølv har planlagt.

Ved eit par høve har eg blitt kontakt av folk som driv med istandsetting av hus i same område som eg, og det er skikkelig inspirerande. Det er masse å snakke om! Og min personlege teori er at det er berre trivelige folk som set i gang med slike prosjekt :-D

Så ein blomst til alle som skal i gang med, eller er undervegs i, arbeid med eit gammalt hus. Heia oss!



Og på nettet finn ein sjølvsagt også både informasjon og inspirasjon. Her er ein blogg som kan vere verd å følge med på: 




lørdag 23. juli 2016

Ein liten interiør-status

Eller med eit anna ord: skrytebilete. Det er kjekt når det tek til å «bli», og interiøret vert slik ein har tenkt seg det.

Feil og manglar i form av manglande malingsstrøk, lister som ikkje er på plass, veggar som må tapetserast og møblar som må fiksast er det sjølvsagt lite av på bileta… Desse tinga får bli tema ein annan dag :-) :-)




























mandag 11. juli 2016

HUShjelpen


Ny bok frå Sprossa, meint som førstehjelp til den som har arva eit hus, ønskjer å kjøpe eit gammalt hus, eller nettopp har fått tilslaget på «drøymehuset».

Boka er på rundt 50 sider og inneheld Else Rønnevig sine viktigaste råd og tips til den som vurderer å gi seg i kast med eit gammalt hus. Boka dekkjer det vesentlegaste ein må tenkje gjennom før ein startar på eit stort restaureringsprosjekt, og er vel verd å ta ein kikk i!

Kan kjøpast blant anna hos sprossa.no/
Løp og kjøp!





mandag 4. juli 2016

Skruing i lange baner

Handtaka er komne på plass på kjøkkenskuffene. Å feste kvart skålhandtak med tre små skruar er ein tålmodigheitsjobb, men ein kjem jo i mål til slutt.

Heldige meg fikk for litt sidan ein haug med sporskruar av ulike storleikar og typer i gave, og nokre av desse passa perfekt til handtaka. Takk til kjekke givarar!


Det skal innrømmast at det kan vere ein liten kamp å bruke skruar med rett spor. For ikkje å snakke om å få fjerna gamle, rustne skruar, som omtala i eit tidlegare innlegg.

Men med ein porsjon tålmod, og eit godt skrujarn, går det stort sett greitt å få sporskruen på plass. Forboring er eit godt tips! Av og til blir sporet temmelig slite før eg har fått festa skruen, og det er berre å håpe at skruen ikkje skal ut att på lang tid :-) Men i gamle hus skrur ein for det meste i solid treverk, og det er ikkje det verste.


Så ja, eg held fast på at det må vere skruar med rett spor i gamle hus. Eg skiftar derfor også ut stjerneskruar som har kome til her og der i huset opp gjennom åra, med sporskruar. Får heller tåle oppgitte blikk frå enkelte familiemedlemmer, hehe.