Familien sin skrot-nisse, det er eg. I alle år har eg samla
på det arvegodset andre ikkje har brydd seg med. Og det er eg glad for no når
planlegginga av interiøret i Sarahuset har starta.
Eg likar gamle ting av same grunn som eg er glad i gamle
hus. For det første kan eg finne kvalitetar som er mangelvare i dag, fordi ting
vart laga for å vare. For det andre er eg veldig fascinert av ulike handverksteknikkar,
og tidlegare vart det ofte lagt mykje arbeid i å utforme den enkelte gjenstand.
Og sist – og kanskje viktigast – syns eg det er veldig kjekt å ha unike ting, i
staden for alt det masseproduserte ein kan kjøpe i butikken. Patina gir sjarm
og særpreg.
Det er trivelegast med gjenstandar som eg kjenner historia
til. Men av og til blir det ein tur i bruktbutikkar og på loppemarknader. Mykje meir spennande enn å gå i vanlege
interiør-butikkar!
For litt sidan kom eg over denne vaskestolen i ein bruktbutikk.
Han er ikkje av dei aller eldste, og heller ikkje av dei mest føreseggjorde. Men
sjarmen er på plass! Heile vaskestolen er laga i tre, furu tvers i gjennom og
med rygg i kryssfiner. På litt avstand ser ut som om toppen er av marmor, men
treet er mala for å etterlikne marmor. Sjølve skapet er ådringsmala , og
malaren har prøvd å framstille både eksklusivt treverk og fyllingsdør.
I og med at der er ein vaskestol med marmortopp
frå tidlegare i Sarahuset, er eg veldig fornøgd med å ha funne eit
«søskenbarn». Ein vaskestol i kvart soverom er jo tidsmessig heilt rett. Eit
godkjøp!
Drar på smilebåndet.
SvarSlettGodt at vi er flere i skrotnissefamilien - egentlig er vi vel en stooor familie.
Nå i helga skal jeg på ett av Spanias største bruktmarkeder, og jett om jeg gleder meg.
Blir jo ikke store ting, men du verden så mye småtteri en kan få med i en koffert.:)
Kjekk familie å vere medlem av :-). Kos deg på bruktmarkedet, høres ut som plassen for sånne som oss!
Slett