Ser ut for at sot og tjøre er det
som skal «forfølge» meg gjennom dette projektet! Etter å ha gnukka og gnidd på fleire
tømmerveggar for å få bort gamle spor av sot som har rent nedover, er førebels
siste kapittel i saka: lekkasje frå skorsteinen, og nye sot-striper frå tak til
golv. Til overmål gjennom to etasjar. Så her er det ikkje anna å gjere enn å
førebu seg på mange nye timar med skuring og pussing.
Eg bør vel få reparert
lekkasjen også…
Akk.
.JPG) |
| Lekkasje er ikkje av det gode. Det lek inn langs pipa og nedover i loftstrappa, og endar i sot-dammar i og under trappa. |
Men, som kjent, aldri så gale at
det ikkje er godt for noko. I samband med lekkasjen blei det ein tur opp på det
mørkaste mørkeloftet. Og kva dukka det opp der? Gamle skattar i form av ein
barnesko og ein nydelig sydd prøvelapp! Alder og kven som har eigd dette
er så langt ukjent, men gøy å finne slike ting!
 |
| Ein godt brukt barnesko |
Prøvelappen
var pensum på tidlegare tiders husmorskule. Studerer du han ser du ulike
broderi-teknikkar, faldar, feste av knappar og
hemper mm. Nokon har gjort seg flid her!
Sjekk stinga rundt hektene. Dette er for dei tålmodige. Men fint er det!