mandag 11. juli 2016

HUShjelpen


Ny bok frå Sprossa, meint som førstehjelp til den som har arva eit hus, ønskjer å kjøpe eit gammalt hus, eller nettopp har fått tilslaget på «drøymehuset».

Boka er på rundt 50 sider og inneheld Else Rønnevig sine viktigaste råd og tips til den som vurderer å gi seg i kast med eit gammalt hus. Boka dekkjer det vesentlegaste ein må tenkje gjennom før ein startar på eit stort restaureringsprosjekt, og er vel verd å ta ein kikk i!

Kan kjøpast blant anna hos sprossa.no/
Løp og kjøp!





mandag 4. juli 2016

Skruing i lange baner

Handtaka er komne på plass på kjøkkenskuffene. Å feste kvart skålhandtak med tre små skruar er ein tålmodigheitsjobb, men ein kjem jo i mål til slutt.

Heldige meg fikk for litt sidan ein haug med sporskruar av ulike storleikar og typer i gave, og nokre av desse passa perfekt til handtaka. Takk til kjekke givarar!


Det skal innrømmast at det kan vere ein liten kamp å bruke skruar med rett spor. For ikkje å snakke om å få fjerna gamle, rustne skruar, som omtala i eit tidlegare innlegg.

Men med ein porsjon tålmod, og eit godt skrujarn, går det stort sett greitt å få sporskruen på plass. Forboring er eit godt tips! Av og til blir sporet temmelig slite før eg har fått festa skruen, og det er berre å håpe at skruen ikkje skal ut att på lang tid :-) Men i gamle hus skrur ein for det meste i solid treverk, og det er ikkje det verste.


Så ja, eg held fast på at det må vere skruar med rett spor i gamle hus. Eg skiftar derfor også ut stjerneskruar som har kome til her og der i huset opp gjennom åra, med sporskruar. Får heller tåle oppgitte blikk frå enkelte familiemedlemmer, hehe.



søndag 26. juni 2016

Godt sagt II

"Det er en prosess med gamle hus,
og det er den som er vitsen med det hele.
De går glipp av noe, de som bare kan sette
nøkkelen i døra til en nøkkelferdig hytte."


Sitat frå Eir Ragna Grytli, intervjua i Lev Landlig 5/2016.

Eg skriv under på den!





søndag 12. juni 2016

Egalin – søskenbarnet til klippspikaren??

Arbeider ein med gamle golv kjem ein kanskje borti rettemassen Egalin, td under gammal linoleum. Eit hardt lag av eit beige-brunt stoff, kanskje godt oppsmuldra på stader der det har vore mykje trakk, og brukt for å rette av eit ujamt tregolv før golvbelegget skulle leggast.

I Sarahuset fann eg Egalin på golvet i loftsgangen. Golvet der var opphaveleg eit brunmala tregolv, som så har vore retta av fordi huset seig kraftig.
Inn mot den eine pipa var avrettingsmassen fleire centimeter tjukk.

Klar til start. Støvsugaren har fjerna lause bitar. Det heile ser uskuldig ut.

Linoleumen var særs fillete ved trappa, og eg bestemte meg for i første omgang å fjerne den mest øydelagde delen av han, og ta fram igjen tregolvet på eit mindre parti.

I starten såg det lyst ut. Store parti av rettemassen hadde smuldra opp og kunne rett og slett støvsugast bort. Det kunne ikkje bli enklare, tenkte optimisten …

Det vart litt av ein jobb! For på størstedelen av golvet var Egalinen intakt…
Eg prøve å kakke stoffet opp i bitar med hammar og diverse reiskap, og eg prøvde å slå eit lite kubein inn under massen for å bryte han opp.
Rettemassen var skikkelig gjenstridig og støvskya stod.
Timane gikk.

Etter nokre timar... 

Etter kvart som frustrasjonen steig vart omtanken for tregolvet mindre, og det elektriske verktøyet vart henta fram… Slettes ikkje bra, sjølvsagt. Rettemassen vart til slutt borte, men golvet bar tydeleg preg av prosessen.

Men kva oppdaga eg så?
DET MAGISKE MIDDELET ER VATN!
Godt gammaldags vatn rett frå springen!

Eg smurde godt med vatn på Egalinen med ein svamp, og la så ei våt fille over. Deretter la eg bitar av linoleumsbelegg over for å hindre fukta i å fordampe. Her kan ein jo alternativt bruke fuktige aviser el.
Etter nokre timar hadde fukta mjukna rettemassen, og eg kunne lett skrape ho av der ho var tynnast.
På dei tjukkaste partia gjentok eg det heile, og etter nye timar med fukt gikk det veldig greitt å skrape bort resten.

Godt resultat på det firkanta området der filla har ligge.

Så derfor: Vatn er tingen, betre for golvet, ryggen og ikkje minst humøret!

NB! Vær obs på at gammal linoleum kan vere vel verd å ta vare på. Ekte linoleum er eit kvalitetsprodukt, som kan fornyast med først å fjerne flekkar og deretter boning. Boninga vil få fram fargar og mønster på nytt.
Så her gjeld det å tenkje seg godt om!

Litt sliping og eit malingsstrøk eller to, så er vi der :-)



onsdag 1. juni 2016

Endelig

Etter mange vekers ventetid er handtaka til kjøkkenskuffene endeleg komne. Sånn går det, når ein bestiller akkurat i det nettbutikken har tømt lageret.

Nye skålhandtak med tradisjonell form

Det har gått med mykje tid til å leite på nettet etter skålhandtak tilsvarande dei som var på dei gamle kjøkkenskuffene. Men eg har ikkje hatt hellet med meg, og landa derfor på desse, som er om lag like store som dei opphavelege.

Eg bestemte meg for at eg ville ha handtak som blir festa med skruar på framsida. Det finns mange fine skålhandtak å få kjøpt, men ofte skal dei festast med to skruar frå baksida, gjennom skuffefronten. Slike nymotens oppfinningar kan eg ikkje ha :-)
At kjøkkenskapa er frå Ikea er sjølvsagt ei heilt anna sak :-)

Handtaka er litt ujamne, og har små skjønnheitsfeil som gjer at dei ser ‘handlaga’ ut.
Akkurat slik eg ønskjer det.

Dei gamle handtaka ut


søndag 15. mai 2016

Klar for nye malingsstrøk

Framleis lav glamour-faktor for ein stakkars hus-vølar.
Men linoljemaling i håret er ingenting å trakte etter, ei heller terpentinvask av luggen, så det er like godt å kle seg :-)

Male-selfie må til

Og når ein kjem til «siste strøk»-stadiet, i denne omgang dørene på kjøkkenet, så er det verd alle timane med arbeid.

Før
Ferdig!
Veldig kjekt å sjå ei shabby dør eller ein glaskarm bli transformert til eit vakkert interiørinnslag når malinga kjem på.
Virkelig belønning for innsatsen!



tirsdag 3. mai 2016

Pakke!

Min første leveranse frå Gysinge er komen. Gysinge er eit svensk bygningsvernssenter, og har også nettbutikk. Her (også) er det mykje interessant å finne for ein hus-entusiast.



Handboka dei sel er ein katalog over delar og utstyr til gamle hus, inkludert inspirasjonsbilete og råd for likt og ulikt. Framgangsmåte for korleis du kan brette lampeskjermar i papir finn du her, like eins informasjon om montering av låsar, ulike golvbehandlingar osb.
Kjekt for oss som er smitta av restaurerings-basillen!

Eg har tenkt å prøve meg på å sette opp papp på veggane i det eine soverommet, og har kjøpt spennpapp og utstyr til dette.
Gysinge tilrår at ein set fagfolk på saka… Det er nok fornuftig, men eg har no likevel tenkt å prøve meg på eiga hand, i ekte Pippi-ånd.
Har ein ikkje prøvd det før, er det vel ein rimeleg god sjanse for at ein kan få det til - eller ??