søndag 7. mai 2017

Gøy med spennpapp!

Veggpappen eg kjøpte frå Gysinge i Sverige har blitt liggande ei stund, for å seie det mildt. Men når påskeferien no kom vart det på tide å leite fram den store og tunge rullen. Målsettinga: fornye veggane på det eine soverommet i Sarahuset, og samstundes ta vare på eit felt med gammal tapet.

Saman med pappen kjøpte eg pappstrimlar og stifter til å feste pappen med, og papir til remser som ein dekkjer skøytane med. Tapetklister treng ein også.

Papp og det som høyrer til
 
Gysinge har ein grei informasjon på nettet om korleis ein set opp pappen. 
 Dei tilrår å sette opp spennpapp frå vindauga og innover i rommet, så eg jobba på den måten. I praksis vart det ein vegg per dag, fordi dette viste seg å vere arbeid som tok tid!

Eg starta med kne-veggen i rommet. Han er ein liten meter høg, og virka dermed mest handterleg. Det gjekk greitt, men knea mine var litt såre på slutten av dagen 😊

Kne-veggen i før-utgåve

Spennpappen er ikkje så tjukk, men relativt stiv i tørr tilstand. Første operasjon var å skjere passelege lengder til veggen som skulle dekkast.
Eg valde å ikkje demontere taklister og golvlister - klok av skade når det gjeld klippspikar! Eg skar derfor lengdene med noko overmål (og rein-skar etter at pappen var ferdig stifta på veggen). Lengdene måtte så bløytast med vatn, og deretter ligge og trekke. Eg smurde lengdene med vatn ved hjelp av ein stor malarkost, rulla dei saman og pakka dei i plast. Slik låg dei over natta.

Pappen er ferdig smurt med vatn på begge sider, og skal no ligge og trekkje.

Neste dag rulla eg pappen forsiktig ut. Etter ei natt i bløyt var han mjuk og føyeleg å jobbe med. Lengdene skulle så festast på veggen med nokre få stiftar, før dei vart festa med pappstrimlar og stift.
Strimlane måtte trekke nokre minutt i vatn, og deretter stifta eg pappkantane til veggen ved hjelp av pappstrimlane. Det skal stiftast med ca 5 cm mellomrom, så det blei mykje hamring!

Første høgda er koma på veggen!           

  
... ferdig stifta...
Høgde nummer to er sett opp...
Dette gikk fint!

Rettleiinga til Gysinge sa ingenting om korleis det var smartast å ta seg rundt hjørne, vindauge og dører. Så her var det berre å improvisere etter beste evne…

Til slutt skal skøytane dekkast med to lag papirstrimlar av ulik breidde. Dette var den mest plundrete delen av arbeidet. Den inste strimmelen skulle bløytast i vatn, og den ytste og breiaste smørast med tapetlim (limvatn) og settast utanpå. Her blei det ein del søl, og eg streva med å få strimlane til å feste skikkeleg til pappen. Alt skal også gjerast medan pappen er fuktig, og sjølv om eg hadde lite varme på i rommet vart dette det mest utfordrande punktet for ein papp-amatør.
Eg tilstår at eg etter kvart juksa litt med moderne tapetlim…

Papistrimlane som skal dekkje skøytane er under oppsetting. Denne jobben vart ikke heilt vellykka, så her må eg ta om att delar av strimlane.

Spennpappen er bulkete så lenge han er fuktig, sjølv om ein stryk han ut etter beste evne under oppsettinga. Men det magiske skjer! Etter kvart som pappen tørkar trekkjer han seg meir og meir saman. Til slutt står pappen stram og fin på veggen, og er klar for maling eller tapetsering. Gjer ein grundig forarbeid på veggen får ein dermed ein glatt og fin vegg. Tømmerveggane i Sarahuset er ujamne, og slike plassar vil naturlegvis skeivheitene vise gjennom. Men veggane vart definitivt som nye likevel, og eg er så langt særs fornøgd med resultatet.

Pappen er ferdig oppsett, men det står framleis igjen å dekkje stiftane.

Det endelege resultatet får eg først når eg får maling eller tapet på pappen, så det gjenstår å sjå.

Elles gjekk det veldig fint å gjere denne jobben aleine, sjølv om det vil vere meir effektivt å vere to personar, særleg når lange lengder skal settast opp.
Så det er berre å sette i gang, folkens! Det var ikkje så vanskeleg, men tok tid.

Eg brukte rundt 1000 stift i dette rommet. Det må ein vel kunne kalle ei grei treningsøkt 😄


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.