kjøpe ein heil ladning med lampar, i staden for berre eit par
stykke??
Var innom
Finn.no for å sjå om eg kunne finne aktuelle lampar, og kom over ein annonse
med MANGE lampar til sals. Det viste seg at den hyggelige seljaren berre ville
selje alt samla. Då blei det alt eller ingenting. Så sjølv om eg eigentleg
berre var interessert i to av lysekronene, så gjett kven som enda opp med å
kjøpe tre kroner og ein haug med lampettar…
No ventar eit arbeid
med å få bort støv og vaske prisme. Punkt
nummer ein blir å finne ut om leidningane må skiftast. I tilfelle kan det jo
bli ei stund før eg får lys i huset :-)
Lampane kjem
frå ein «kondisjonert» villa i Bergen. Dei er ikkje veldig gamle, men lysekronene
er av den typen eg ønskjer meg i Sarahuset. Det finns sjølvsagt veldig mykje
fint å få kjøpt i fransk/shabby chic stil, som også kunne blitt lekkert.
Men eg syns det er meir spennande å prøve å finne interiørdetaljar som faktisk
kunne ha vore i huset på oldemor Sara si tid.
Etter kvart vil eg nok ha diverse lampar til overs, hehe. Skrotnisse fornektar seg ikkje, nei!
 |
Assortert utval |