mandag 20. april 2015

To steg fram

Endeleg har eg kome så langt at dei første veggane har fått ny tapet! Ein milepæl, og svært oppmuntrande for en litt sliten bygningsvernar.

Eg var budd på at kombinasjonen av stormønstra tapet og særdeles skeivt hus ville bli ei utfordring.
Og det blei det.

Det tok meg ein heil dag å tapetsere to små veggar. Hjørnet var den største utfordringa, og let seg ikkje løyse før eg juksa – ikkje berre litt, men faktisk ganske mykje...  Når veggane er skeive både loddrett og vassrett, blir tapetsering ganske interessant!

Det er sett opp 6 mm gipsplater på dei veggane som skal tapetserast, underlaget er derfor slett og fint. Dei gamle tapetlaga er konserverte under gipsplatene, i tilfelle framtidige generasjonar får lyst til å grave i historia. Men gipsplatene er tilpassa veggane og ikkje omvendt, dermed er all sjarmen i form av «skeivt og skakt» intakt. På denne måten endrar eg huset minst mogleg. Men det er ikkje til å legge skjul på at det blei både stygge ord og tenners gnissel dei timane eg brukte for å få tapeten på veggen.
Lærdom: restaurering er nok enklare ved bruk av små- og helst uregelmessig mønstra tapet :-)

Men resultatet vart bra, tross alt. Spesielt på litt avstand…


Her skal det bli spiseplass. Når golvlister og kvite vinduslister kjem på plass, blir dette bra!

Tapeten er frå Borås sin Falsterbo-kolleksjon som har utgangspunkt i historiske tapet funne i Sverige, men i modernisert utføring.

Eg er veldig glad i gammaldagse papirtapetar og kjem i stor grad til å bruke dei «ordentlege» historiske tapetane som finns, td frå Norsk Arv og Lim & Handtryck, men ein får driste seg til ein liten miks :-D


Golvet skal malast. Enn så lenge er det gøymt under papp og plater.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.