lørdag 23. august 2014

Bad

Badet er ferdig panelt og mala, men framleis manglar innreiing, elektrisk opplegg, lister med meir. Men eg kan altså ikkje vente med å prøve ut korleis det skal bli, så her er ein smakebit:

Vaskestolen er av det opphavelege interiøret

Rommet er panelt med perlestaffpanel, som finns originalt i Sarahuset fleire stader.
Panelet er mala med linoljemaling. Ein malingstype som har dårleg ord på seg, men som eg har blitt godvenner med. Vakre fargar, fri for løysemiddel, enkel å bruke, fint resultat. Men lang tørketid, og ein må også planlegge arbeidet godt fordi malinga må bestillast, så sant ein ikkje er heldig og bur nær ein forhandlar.
Eg har så langt brukt svensk maling, heilt utan løysemiddel og derfor behageleg å bruke. Det er også viktig å male på rett måte, med fleire tynne strøk. Gode instruksjonsfilmar finns på nettet, og det er ikkje vanskelig!

Veggane er mala i ein lys, litt varm gråfarge. Skrapeprøver tilbake til dei eldre malingslaga viser at det har vore brukt mykje grått i huset tidlegare, og eg kjem til å bruke autentiske fargar så langt råd.
NB: I tidlegare tider mala ein med kost, fordi rullen ikkje eksisterte. I dag er det «lov» å bruke rull, men ein må gå over med fordrivar etterpå, så ser veggen ut som han er mala på gamlemåten. Penselstrøka skal vise :-)

Golvet har fått vinylbelegg. Sjølvsagt eit framandelement i eit hus som dette, men kombinasjonen av skeivt hus, lav takhøgd og at badet ligg over kjøkkenet gjorde at det måtte bli eit kompromiss. Belegget byggjer lite i høgda, og viktigast av alt: golvet blir tett!

Meir om linoljemaling på Bygg og bevar:

Original perlestaffpanel i loftsgangen

mandag 18. august 2014

Ny favorittdings



Har fått meg ny favorittdings! I Sarahuset har plater både på veggar og på golv vore festa med eit utal spikar og stifter. Mange hundretals, rett og slett. Og veldig mange sit så tett i golvet/veggen at det ikkje er råd å kome til med verktøya eg har hatt, for å dra dei ut.

Så kom eg over denne saken, som eg kjøpte under stor tvil. Liten og tynn, ser ut som eit dokke-verktøy. Men for små spikar: fungerer som berre det! Verktøyet er så tynt at det kjem under dei fleste spikarhovud, og alle stiftar eg hadde gitt opp og heller tenkte å slå inn i veggar og golv, har eg no klart å dra ut. Kjekk sak!

Tålmodigheitsprøve!

tirsdag 12. august 2014

Skattejakt II

Gode fagfolk er gull verd!

I Sarahuset har dei fleste roma hatt vedomn, og dermed brannmur. Brannmurane er i dag nokså anonyme, med einsfarga, mala overflate. Murane er innramma av ei profilert list i same farge som murflata.
Vi amatørar såg ingen teikn på at brannmurane opphaveleg kunne vere dekorerte. Før ein kyndig malarmeister kika på dei, og raskt konstaterte at i alle fall to av murane har dekor under fleire nyare malingslag :-) Fantastisk!

Prega stripe i muren – ein klar indikasjon på underliggande dekor

I det siste har det vore jobba med å avdekke dekoren. Og etter forsiktig skraping og bruk av malingsfjernar, viser det seg at murane har hatt ei mørk bord litt innanfor ytterkanten, og ornament i hjørna oppe. I tillegg har dei profilerte listene rundt muren hatt fleire fargar.

No skal murane førast tilbake til dei fargane og mønstra dei har hatt tidlegare, og eg gler meg stort til å sjå resultatet!

Detektivarbeidet har vore utført av særs dyktige malarmeister Kjell Arne Årseth, og han skal også rekonstruere dekoren. Årseth si heimeside finn de her:

Ein del av ornamentet er skrapa fram, i mørk maling på grågrøn botn