mandag 16. mars 2015

Tankegangen bak

I daglegtale vert det brukt veldig mange ulike ord i samband med å sette i stand ein bygning. Bevaring, konservering, rehabilitering, renovering, reparasjon, restaurering, utbetring, vedlikehald…
Det er ikkje så lett å vite kva som tyder kva, og kva som eigentleg er tenkt gjort når desse ulike omgrepa vert brukte om eit prosjekt.

På nettsidene til Riksantikvaren finns ei eiga liste med forklaring på ulike ord. Dei mest aktuelle for arbeidet med Sarahuset er desse:

Istandsetjing
Reparasjonsarbeid for å få ein bygning, del av ein bygning eller eit anna objekt opp på eit ordinært vedlikehaldsnivå, slik at berre vanleg vedlikehald vil vere nødvendig seinare.
Ei antikvarisk istandsetjing inneber at reparasjonen blir basert på bruk av materiale og teknikkar tilpassa bygningen eller anlegget sin eigenart.

Restaurering
Restaurering tyder å heilt eller delvis tilbakeføre ein bygning eller gjenstand til ein tidlegare tilstand.
Ved restaurering må ein velje kva tidspunkt kulturminnet skal tilbakeførast til. Det kan vere slik det var då det vart laga eller oppført, slik det var på eit seinare tidspunkt eller ein kombinasjon av ulike stadium.


Målsettinga med Sarahuset er å tilbakeføre huset til nokonlunde slik det såg ut dei første åra, og at det vert brukt materialar og teknikkar som på den tida. For meg handlar det då om å bytte ut delar kun der det er heilt nødvendig, og erstatte desse med kopiar av det gamle. Til dømes i rom der tapeten er øydelagd og linoljemalinga dekka med moderne maling, skal tapet og maling fornyast med tidsrette materialar. Det einaste som blir fjerna frå huset er ein del bygningselement  som er blitt tilførte dei seinaste tiåra.

I praksis er det vanskeleg og dyrt å tilbakeføre eit heilt hus. Og kanskje er det heller ikkje nødvendig? Nokre av roma er nokonlunde brukbare slik dei står, dei får eg heller gjere ein jobb med sidan. Så ei viss blanding av tidsepokar blir det, i alle fall for ein periode. Det har definitivt sin sjarm det også, og det er artig å kunne sjå at huset har vore gjennom ei utvikling.

Å gjere så lite som råd er eit kinderegg. Då bevarer eg mest mogleg av sjarmen og historia, og det gjer godt for budsjettet.
Genialt for ein sunnmøring!




Tapeten som er planlagt brukt på eine stova.
På biletet under viser den grå tapeten som er den opphavelege tapeten i dette rommet.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.