torsdag 24. mars 2016

Lenge leve tradisjonshandverket!

Utdanningsdirektoratet har fått gjort ei utgreiing i høve til dei ulike faga innan tradisjonshandverk. Dette i samanheng med at heile strukturen i vidaregåande opplæring no er sett under lupa.

Her har ein bunadstilverkar brukt ein del timar.

Dei tradisjonelle handverksfaga har lenge hatt ei sørgjeleg utvikling. Stadig færre utdannar seg i desse faga, (lære-)bedriftene forsvinn og fagfolka som har kompetansen pensjonerer seg.
Dette har ført til at det finns ei «raudliste» med fag som er blitt så små (målt i talet på utøvarar og i høve til ny-rekruttering) at det faktisk er ein reell fare for at faga døyr ut her i landet.

Visste du at denne raudlista inneheld 42 fag per i dag? Kjende fag som trebåtbyggjar, sølvsmed, bunadstilverkar, herreskreddar, møbeltapetserar, skomakar, treskjerar, urmakar og seglmakar er faktisk utryddingstrua. I tillegg kjem altså ein heil del andre fag. Faga kjem på denne lista når færre enn 15 personar tek fagbrev i løpet av ein treårsperiode målt på landsbasis.

Ei trist utvikling. Men flott at det no blir sett fokus på dette, slik at det kanskje kan bli tatt grep for både å heve statusen for faga, gjere det lettare for utøvarane å leve av yrket sitt, og freiste fleire til å utdanne seg i faget.

Heile rapporten kan du lese på Utdanningsdirektoratet sine nettsider: Lenge leve tradisjonshåndverket!

Og ein treskjerar

Og nok ein gong :

Personleg har eg også eit ønskje om at bittelitt av læretida i vanlege fag som tømrar, elektrikar, rørleggjar og murar mm vert brukt på restaurering. Tanken min er ikkje at gamle anlegg absolutt må bevarast, enten det gjeld elektrisitet, rør eller andre fag så har eg forståing for at det i dag finn lover og reglar ein må tilpasse seg. Og ingen huseigar er interessert i vasslekkasje eller i verste fall brann.

Men dersom handverkaren har kunnskap om gamle anlegg, og forståing for at det kan vere behov for spesielle løysingar i gamle hus, så er eg overtydd om at ein kan finne elegante løysingar som begge partar blir nøgde med.
Det er frustrerande å vere huseigar når fagfolka dømmer gamle anlegg nord og ned på rein autopilot…

Hadde handverkarane sin første tanke vore korleis dei kunne reparere, hadde mykje vore vunne. Men utgangspunktet i dag er at alt gammalt må byttast ut, og dermed blir diskusjonen heilt annleis. 

Heldigvis finst det unntak, og eg har funne nokre av dei. Fagfolk som kan gi meg gode råd, og som eg berre kan overlate jobben til utan å stå over dei, i vissheit om at resultatet blir slik eg tenkjer det.
Det er ei velsigning.


Og ein møbeltapetserar.



tirsdag 15. mars 2016

Visst er det ei bokhylle!


Eg har fått vite at den mystiske Sarahylla definitivt er ei bokhylle, og at hyller av denne sorten er i skuddet på interiørfronten i England for tida :-)




Ved nærare ettertanke er jo ho faktisk litt i slekt med dagens stige-hyller, som det er plenty av i interiørblada her i landet, i alle fall i dei som har mest fokus på den landlege, romantiske stilen.

Kanskje var det Allers Familie-Journal som låg i den nedste hylla? Ein innbunden årgang av desse måler nesten 30x40 cm, og vart gjerne oppbevart i ei slik bokhylle? Og kanskje var det dei små salmebøkene og andre religiøse bøker som låg på dei øvste, smale hyllene?
Ikkje godt å vite!

Sarahylla skal i alle fall få eit vidare liv som bokhylle. Eg set stor pris på ting som er unike. Det handlar ofte meir om korleis ein brukar ein gjenstand enn om gjenstanden er «fin» eller «stygg». Det ein fyller hylla med kan vere like avgjerande for kva inntrykk ein får av henne, som sjølve hylla.

Eventuelt kan ein trylle med litt maling, og forvandle eit heilt møbel til noko ganske anna enn det var. (Det kjem ikkje til å bli gjort i dette tilfelle, altså …)

For nok ein gong - sjarmfaktor er viktig! Hipp hurra for gjenbruk!



søndag 28. februar 2016

Blogg-plunder


Det viser seg at kommentarar som blir sendt på blogg-innlegga ikkje kjem fram til meg, av ein eller annan grunn. Dette beklagar eg!

Det er jo veldig kjekt med tilbakemeldingar, så eg håper de vil prøve på nytt. Kommentarar, spørsmål eller gode råd – alt er hjarteleg velkome!

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil ikkje vise på bloggen før eg har publisert han, så det vil ta litt tid.

Grunnen til at eg har valt at innspela må godkjennast før dei viser på bloggen er naturligvis for å sleppe meiningslause innlegg frå cyber-verda. Internett har enkelte negative sider, og av og til dukkar dei raraste ting opp. Kommentaren din vil derfor ligge på vent til eg publiserer han.



mandag 22. februar 2016

Tilbakeføring av ytterveggane


Sarahuset har lafta kjerne (tømmerkjerne), med panelte ytterveggar. Som tradisjonen er i området er panelet liggande, og har ein liten profil langs nedre kant, såkalla enkeltfalsa staffpanel.

Panelet på huset er i hovudsak originalt. Og når ein ser kva material som vart valt ut den gongen dei laga panelet, er det ikkje så rart at ytterveggane har stått i snart 150 år. Treet er svært tettvakse, og har stor del kjerneved.

Kjerneveden er den inste, rosa delen av tømmerstokken. Veden er full i harpiks, naturen si eiga super-impregnering, og er svært haldbar fordi han vert lite påverka av fukt. Når byggeteknikken i tillegg var slik at det var god lufting for treverket, så fukt som eventuelt trengde inn lett tørka vekk igjen, ja så er det ikkje så rart at gamle hus varer og varer.

Tverrsnitt av originalt panelbord

Ny material

Ytterveggane har hatt dryppnase (vassbord) i starten. Men på eit tidspunkt har dryppnasen blitt tatt vekk og grunnmuren pussa litt opp på det nedste panelbordet. Dette kledningsbordet har dermed stått «planta» i pussen.
Då kjellaren vart svært fuktig for nokre år sidan, var konklusjonen at denne konstruksjonen var ein årsak til fuktproblema. Det vart derfor montert eit metallbeslag rundt heile huset, som erstatta det nedste kledningsbordet og også fungerte som dryppnase.
Og kjellaren vart heldigvis tørr.

Men metallbeslaget var jo ikkje det heilt rette for eit slikt hus, og no er jobben gjort med å sette på nytt vassbord og ny panel.
Dette kledde Sarahuset svært godt!

Før...

... og etter

Det høyrer med til historia at vi fann eit par små bitar av den gamle dryppnasa når beslaga vart demonterte, så dermed er historia dokumentert.

Nok ein gong har karane i Byggtrad Løvoll gjort ein ypperlig jobb for Sarahuset. Nye materialar med mykje kjerneved er nøye utplukka hos eit sagbruk. Og når lengdene vart høvla og profilerte har dei sytt for at borda er snudde slik at kjerneveden kjem der han trengs mest.

Som vanleg er det ikkje heilt beinkløyvt å jobbe med gamle hus. Når snikkarane tok fatt på jobben oppdaga dei at dei gamle kledningsborda hadde tre ulike (nesten like) profilar, og to ulike tjukkleikar. Litt hovudbry blir det av slikt.

Nordveggen og vestveggen
Breidda på kledningsborda varierer også mykje, for tømmerstokken vart nytta så langt råd. Dette er særlig tydelig på vestveggen på Sarahuset.
Det er dette som skaper sjarm, spør de meg!

Leitar du etter produsentar som kan hjelpe med kvalitetsmaterialar? Sjekk ut Norsk Bygdesagforening på www.sag.no .



søndag 7. februar 2016

Nyttige bøker


Restaurerings-biblioteket mitt er no utvida med denne boka av Ove Hidemark m.fl. Dette er den klassiske handboka for bygningsvern i Sverige, ho kom på 1970-talet og er sidan utgitt i fleire opplag.



Dette er ei bok med mange konkrete råd og tips, og sjølv om det er ulike byggeskikkar i Sverige og Norge, så er det mykje nyttig å hente.

Også forfattarane av denne boka understrekar viktigheita av å ikkje forhaste seg når eit gammalt hus skal settast i stand. Eg sluttar meg fullt og heilt til det dei skriv i innleiinga:
Rusa inte iväg med färdiga tankar om hur ett gammalt hus skall eller bör se ut. Vänta i stället något eller några år innan ni bestämmer er för den slutliga utformningen eller för den detaljupprustning som kanske på en gång känns nödvendig. Det är viktigt att bo in sig ordentligt för att uppleva alla de fördelar, som inte omedelbart presenterar sig. Även de verkliga nackdelarna uppenbarar sig först så småningom. 

For den som er interessert i å fordjupe seg i gamle maleteknikkar og dekorasjonsmaling, er denne boka av Jon Brænne tingen. Boka inneheld både oppskrifter, mønster/sjablonar og rettleiingar.




søndag 24. januar 2016

Eit lite mysterium


Denne hylla finn eg ikkje heilt ut av. Kva kan denne ha vore brukt til opprinnelig?



Hylla er laga i dragestil. Ho har namnet til oldemor inngravert, og er derfor av god gammal årgang. Ho står på golvet, er 160 cm høg og 85 cm brei. Den nedste hylla er 50 cm djup, og den øvste berre 13 cm.

Vi har lurt på om dette er ei bokhylle, men dei to nedste hyllene er veldig djupe til dette bruk, og det er lav høgde mellom hyllene, sett i høve til djupna.
Kan slike hyller ha blitt brukt til oppbevaring av personlege effektar?


Hylla er kanskje meir spesiell enn vakker…

Men ho høyrer til i Sarahuset og skal få sin plass vidare. Ho er veldig grei til lagring av blad og bøker om gamle hus!

Dersom nokon har tankar om kva som kan ha vore funksjonen til hylla, blir eg glad om de gir ein lyd :-)





torsdag 7. januar 2016

Godt nytt år!

Nytt år, og nye prosjekt skal i gang i Sarahuset.


Men først litt filosofering i samband med årsskiftet. Nyttårsaftan 1899, ved inngangen til eit nytt århundre, trykte Allers Familie-Journal følgjande ord til ettertanke:


Som vi ser går mange ting går ut på dato, men slettes ikkje alt!

Eg kosar meg med å legge vidare planar for arbeidet i huset. Det inkluderer sjølvsagt også tankar om interiør og ‘stæsj’.
Det er kjekt å gjere ting sjølv, og her er eit resultat av sankinga av bøkenøtter i sommar.
Kortreist og heimelaga :-)


Ønskjer alle eit godt nytt år!