mandag 23. november 2015

Ta godt vare på spor-skruen!


Ein sjeldan gong har eg vore innom tanken på at no skal eg absolutt ikkje halde på med restaurering lenger.

I fleire av desse tilfella har det vore ein gammal skrue eller ein klippspikar involvert.
Ein rusten spor-skrue som skal fjernast kan drive frustrasjonen til dei store høgder. Dei kan sitte noko heilt utruleg fast, og er dei rusta nok øydelegg ein gjerne sporet i iveren etter å få skrudd dei ut.

Så hurra for Bygg og Bevar sin artikkel om skruar, som også inneheld gode råd for nettopp å få løyst dei gamle og gjenstridige!
Sjå linken

Handtak på kjøkkenskuffe. Tanken var å prøve å reingjere handtaket, men desse skruane viste seg å vere av den gjenstridige sorten...

Eg er veldig einig i at ein skal tenke gjennom kva skruar ein brukar på synlege stader i gamle hus.
Spor-skruar er tingen!
Det ser jo litt rart ut med stjerneskruar i dørhengsler eller i møblar når det er snakk om eit restaureringsprosjekt, eller?

Blir litt snodig med ein moderne skrue her

Men spor-skruar er ikkje heilt enkle å få fatt i lenger, så har du slike skruar i kjellaren så ikkje kast dei! Treng du dei ikkje sjølv, så gi dei til ein gamle hus-entusiast.

Sjølv var eg så heldig å finne ei mengde med gamle spor-skruar i ei bod.
I sommar brukte eg timesvis på å sortere dei. Eg var litt flau der eg heldt på, det var tusen ting eg skulle gjere i Sarahuset og det kjentes ikkje heilt ok å prioritere tida til dette.
Men systematikaren i meg vann…
Og no kan eg endelig kome ut av «skrue-skapet», Bygg og bevar seier nemlig at det er galskap å la vere :-D

Dørhengsle med originale skruar



søndag 15. november 2015

Godt sagt

Generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola H. Fjeldheim, skriv om haldningar til gamle hus i siste nummer av magasinet Norske Hjem (6/2015):

Hvordan forholder vi oss til gamle hus – til vår egen historie? Som noe rart, et besøk fra Mars? Eller som en del av oss, som en del av vegen fra den gang og til evigheten og forbi? Jeg tror på kontinuitet, jeg tror på at moderne samfunn forholder seg til sin historie som en del av seg selv.
Gjennom årene har jeg besøkt mange hus med historier, mange flotte bygg og anlegg. De mest spennende er alltid dem hvor eierne omgås huset og historien som noe hverdagslig. Med respekt for historien, men som noe man er en del av.




søndag 8. november 2015

Lys må ein ha

Belysning syns eg  er eit litt vanskeleg kapittel. Det er greitt nok med lampar som ser gammaldagse ut, men eg har stort fokus på funksjon, og vil gjerne ha belysning som fungerer godt til alle daglege aktivitetar.
Takbelysninga er stort sett på plass (sidan eg kjøper lysekroner og lampettar i «bulk», hehe), men det er nødvendig med litt meir lys for å kome seg gjennom ei vestnorsk mørketid. Sannsynlegvis endar eg opp med ei blanding av lampar eg syns passar inn, og ein og annan «usynleg», moderne spot.


Ein lampe eg ikkje er i tvil om er rett for Sarahuset, er denne. Ein kjekk kollega spurde om eg var interessert i ta over lampen som ho ikkje hadde plass til lenger. Gjett om eg var! Ein slik smijarnslampe har stått på ønskelista mi ei god stund, og eg ønskjer meg ein til kvar stove.
Desse lampane gjer mykje av seg og er derfor nesten som eit møbel i eit lite rom, men lagar ein utruleg triveleg atmosfære.
Historia til lampen fikk eg også med, og det er alltid kjekt!

Ein fordel med desse lampane er at det er enkelt å skifte det elektriske, dersom det er nødvendig. Eg har kjøpt ny pærehaldar og leidning hos ein elektrikar, og monterer sjølv.

Lampeskjermen var trekt med eit relativt moderne stoff som ikkje passa heilt inn blant mine «forhistoriske» tapetar, så eg sette ein ekspert på saka. Mitt moderlige opphav er ein racer på mange slags handarbeid, også lampeskjermar. Ho trekte om skjermen, og fin blei han!