søndag 16. mars 2014

Gammalt og godt!

Heldigvis har Sarahuset framleis mykje av dei opphavelege kvalitetane. Tømmerkjerne, original panel og vindu. Solide tregolv, fyllingsdører og listverk som fagfolk har gjort seg flid med ein gong for lenge sidan. Kvalitetar ein må betale dyrt for i dag.
Så sjølv om tida, vestlandsklimaet og motten har sett veldig tydelege spor, så er det mykje som er verd å ta vare på!

Ådringsmala trappevange og gammal panel – ekte shabby-chic

søndag 2. mars 2014

Ny ytterdør - hurra!

Midt i desember vart den nye ytterdøra montert. Etter lang tid med gjenspikra hovudinngang blei huset på nytt 'heilt' :-)) .
Døra er ein kopi av den gamle som dessverre vart fjerna på 80-talet, og laga i tett og fin furu. Etter impregnering med 12-15 strøk rå linolje, vart døra mala med rein linoljemaling. Lett og grei å jobbe med og velsigna fri for løysemiddel. Tørketida er ei tålmodigheitprøve, for det tar nemlig dagesvis! Men resultatet vart veldig fint :-)

Døra er mala i den opphaveleg fargen som eg fann i den gamle dørkarmen. Dørhandtaket er også frå dengong då.

Når ein brukar linoljemaling vil penselstrøka vise - litt ekstra sjarm! Her også med isroser.


Ny, tofløya ytterdør
Sarahuset i 1982, med original ytterdør

lørdag 1. mars 2014

Glasaltanen blir reparert

Glasaltanen hadde fått ein del råteskader i løpet av åra, og vart sett i stand i 2012/13. Noko av den bærande konstruksjonen måtte skiftast, fundamentet vart retta opp og ein del av kledninga vart bytta ut.
Dei store vindua vart tatt ut, og rammer og karmar reparerte. Glasa vart kitta på nytt, og mala med linoljemaling. Etter at arbeidet var ferdig såg altanen ut som før, men plutselig hadde han 'retta ryggen'!

No gjenstår ein del malingsarbeid, så eg ventar på våren :-)

Kaffikroken kan takast i bruk igjen



Vindua er tatt ut for reparasjon, og råteskadde delar vert spunsa evt skifta