mandag 17. juli 2017

Snart ferdig soverom

Det største soverommet fekk spennpapp på veggane tidlegare i vår, og den opphaveleg tanken var å male eller tapetsere pappen.
Dette rommet har tidlegare hatt eit jugend-tapet som eg har vore heilt betatt av etter at eg fann delar av det under eit par nyare tapetlag. Grønt i botn, og med store raud-oransje valmuer i elegante slyngande former.
Men det har altså vore noko hovudbry å finne ei løysing der eg kunne få brukt noko av dette tapetet.

Eg leitte vel og lenge etter eit tapet som kunne kombinerast med det gamle, men det var vanskeleg å finne det rette. Eg kunne male direkte på pappen, og løyse det på den måten, men vart litt i tvil om den løysinga også.

Så kom eg til å tenkje på metoden med å kle veggane med ullpapp og så male denne, slik dei gjorde i ein av episodane av NRK-serien Det sit i veggane. Metoden er også skildra i boka Så renoveras torp och gårdar (Hidemark m.fl.).

Eg kan ikkje hugse å ha lest om denne måten å gjere det på i norsk litteratur, så kanskje er dette helst noko som har vore gjort i Sverige? Men det er spennande å prøve noko nytt og denne metoden er enkel.
Så den som kjøpte ullpapp det var eg.

I tilfelle dette ikkje er heilt ifølgje norsk tradisjon så får dette soverommet heller vere spesielt til ære for mine nære og kjære i Sverige!

Klar for å rive papp

Ein god haug måtte til

Ullpappen er eigentleg ganske så lik golvpapp, ein litt tjukk og porøs papptype. Eg valde metoden med å rive opp pappen i bitar på 50x60 cm, og lime desse opp med litt overlapp.
Mykje av tida gjekk med til å rive opp pappen. Å lime bitane på veggen gjekk fort, men som vanleg krev ting si tid rundt hjørne og vindauge. Denne metode gir litt rustikke veggar, og det er ikkje så farleg om bitane ikkje blir limte opp 100% i vater og vinkel, så det var berre å gyve laus. Limen påførte eg med malerulle, og let så pappen ligge og trekke nokre minutt før eg limte han opp på veggen.


Eg er igong

Ein ulempe med denne løysinga var naturlegvis at spenn-pappen som blei så fin og som eg var så kry over, no blei heilt gøymt under «rufsete» ullpapp.

Men, fine veggar blir det – etter at alt har tørka.

For dei første timane etter at ullpappen var komen opp, lurte eg på om eg hadde stelt i stand total katastrofe og øydelagt både ullpapp og spennpapp. Ullpappen sug mykje lim, og når han vart limt opp på spennpappen blotna denne på nytt. Etter eit par timar såg veggen ut som eit opprørt hav.

Hjelp! Veggen lever sitt eige liv!

Eg grudde meg til å stå opp neste morgon, og førebudde meg på å måtte ta alle veggane om igjen. Men håpa sjølvsagt på eit lite under. Og underet skjedde! Igjen trekte pappen seg saman, og veggane blei på nytt rette og fine.

 Det einaste eg måtte gjere dagen etter var å gå over ein del av skøytane med meir lim, på grunn av at pappen sug mykje lim vart det nokre gliper her og der. 

Puh! Veggen har tørka og er slett og fin.

Så var det tid for maling av veggane. Her er det eg har leita etter rette fargen. Først mala eg eit strøk med vanleg linoljemaling i ein dus grønfarge, men var ikkje heilt happy med resultatet i høve til det gamle tapetet.

Då var det eg laga prøver med eit par matte farger, ein grønfarge og ein lys brend terra. Prøvene såg veldig fine ut på førehand, men fargane stemde likevel ikkje heilt når dei tørka og eg fekk prøvd dei mot tapetet. Så no er eg tilbake på den første fargen.

 
Eitt malingsstrøk er unnagjort

Som lim til denne jobben bruke eg eit gamaldags tapetklister, pulver som eg rørte ut i vatn. Kjekt å teste ut ulike metodar😊
Klisteret må svelle ei god stund, og det er derfor lurt å blande dette først, og gjerne kvelden før ein skal tapetsere. Det var også litt jobb å få rørt det ut. Men i bruk var det kjempegreitt, lett å jobbe med og lett å vaske vekk søl både på golv og hender.
Ei positiv overrasking!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.