søndag 12. juni 2016

Egalin – søskenbarnet til klippspikaren??

Arbeider ein med gamle golv kjem ein kanskje borti rettemassen Egalin, td under gammal linoleum. Eit hardt lag av eit beige-brunt stoff, kanskje godt oppsmuldra på stader der det har vore mykje trakk, og brukt for å rette av eit ujamt tregolv før golvbelegget skulle leggast.

I Sarahuset fann eg Egalin på golvet i loftsgangen. Golvet der var opphaveleg eit brunmala tregolv, som så har vore retta av fordi huset seig kraftig.
Inn mot den eine pipa var avrettingsmassen fleire centimeter tjukk.

Klar til start. Støvsugaren har fjerna lause bitar. Det heile ser uskuldig ut.

Linoleumen var særs fillete ved trappa, og eg bestemte meg for i første omgang å fjerne den mest øydelagde delen av han, og ta fram igjen tregolvet på eit mindre parti.

I starten såg det lyst ut. Store parti av rettemassen hadde smuldra opp og kunne rett og slett støvsugast bort. Det kunne ikkje bli enklare, tenkte optimisten …

Det vart litt av ein jobb! For på størstedelen av golvet var Egalinen intakt…
Eg prøve å kakke stoffet opp i bitar med hammar og diverse reiskap, og eg prøvde å slå eit lite kubein inn under massen for å bryte han opp.
Rettemassen var skikkelig gjenstridig og støvskya stod.
Timane gikk.

Etter nokre timar... 

Etter kvart som frustrasjonen steig vart omtanken for tregolvet mindre, og det elektriske verktøyet vart henta fram… Slettes ikkje bra, sjølvsagt. Rettemassen vart til slutt borte, men golvet bar tydeleg preg av prosessen.

Men kva oppdaga eg så?
DET MAGISKE MIDDELET ER VATN!
Godt gammaldags vatn rett frå springen!

Eg smurde godt med vatn på Egalinen med ein svamp, og la så ei våt fille over. Deretter la eg bitar av linoleumsbelegg over for å hindre fukta i å fordampe. Her kan ein jo alternativt bruke fuktige aviser el.
Etter nokre timar hadde fukta mjukna rettemassen, og eg kunne lett skrape ho av der ho var tynnast.
På dei tjukkaste partia gjentok eg det heile, og etter nye timar med fukt gikk det veldig greitt å skrape bort resten.

Godt resultat på det firkanta området der filla har ligge.

Så derfor: Vatn er tingen, betre for golvet, ryggen og ikkje minst humøret!

NB! Vær obs på at gammal linoleum kan vere vel verd å ta vare på. Ekte linoleum er eit kvalitetsprodukt, som kan fornyast med først å fjerne flekkar og deretter boning. Boninga vil få fram fargar og mønster på nytt.
Så her gjeld det å tenkje seg godt om!

Litt sliping og eit malingsstrøk eller to, så er vi der :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du er velkommen til å legge inn kommentar på innlegget! Kommentaren må godkjennast, og vil derfor ikkje vise på bloggen med ein gong.

Prøv denne framgangsmåten om du ikkje har blogg sjølv:

1. Skriv kommentaren din i det kvite feltet
2. Velg «anonym» i feltet «Kommenter som:»
3. Publiser tilbakemeldinga di. Du vil først få meldinga opp som førehandsvisning.
4. Du må så hake av for å bevise at du ikkje er ein robot :-)
5. Kommentaren din vil så ligge på vent til eg har publisert han, så det vil ta litt tid.